Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə21/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   ...   17   18   19   20   21   22   23   24   ...   33

Landsmålsmotstanden

Målstriden byrja med eit åtak på Fridtjofs Saga 1. oktober og var i det store og heile over ved joletider. Dei aller fleste landsmålsfiendslege innlegga galdt Dølen – eg har talt 16 store og små innlegg. Det kom tre meldingar av Fridtjofs Saga og ei av Ny Hungrvekja (Aasens melding i Dølen er då halden utanfor sidan ho meir er å rekna som eit innlegg i det interne ordskiftet mellom landsmålsfolk). Attåt kjem svara frå landsmålsfolket, og serleg Vinjes svar og kommentarar i Dølen. Eg skal her konsentrera meg om kritikken som kom frå Monrad (Morgenbladet) og Christiania-Posten. Frå båe hald kom det ein prinsipiell og godt underbygd argumentasjon, i lange artiklar. Ein viss skilnad på dei var det òg.


Monrad som tradisjonalist

Monrad hadde i mange år vore ein sentral ideolog i nasjonalromantikken og stått for ein opposisjonell nasjonalisme. Den viktigaste motstandaren hans hadde sidan 1850 vore den konservative eliten som forsvarte det danske teaterhegemoniet og ikkje såg verdet av det nasjonale. No møtte Monrad for fyrste gong eit alvorleg trugsmål frå andre kanten – frå eit miljø som konsekvent og med styrke ekskluderte både skriftmålet og det høgare talemålet frå 'norsk' språk. Heilt nytt var ikkje synspunktet. Det hadde i alle år vore ein kjepphest for P. A. Munch, og Monrad hadde måtta forsvara seg mot påstandane i striden om teatermålet i fyrste helvta av 1850-åra hadde. Landsmålsfolket hadde òg sagt det same sidan 1852, og Monrad hadde uttala seg kritisk til landsmålet tidlegare, både i 1852 og i 1855 då han melde Ervingen. Men no kom det med eitt meir enn spreidde ytringar frå landsmålshald. Monrads åtak på landsmålet vart difor eit forsvar for hans eige nasjonalitetssyn og kulturfilosofiske grunnlag.345

Alle dei fem artiklane hans i Morgenbladet var usignerte og stod på redaksjonell plass i 'Christiania'-artikkelen saman med nyhendestoff og andre kommentarar. Dei tre fyrste galdt Dølen (fyrste nummeret),346 og dei to siste347 var hovudsakleg eit svar til Aasens forsvar for Fridtjofs Saga og landsmålet i Illustreret Nyhedsblad.348 Eg tek dei her under eitt, med eit sideblikk til dei tidlegare ytringane hans i målstriden.

Monrad var som vanleg klår og prinsipiell, og han samla åtaket sitt om to hovudpunkt: tilhøvet mellom språk og nasjonalitet, og tilhøvet mellom språk og kultur. Han slo fast at «vi» var «... ingenlunde blinde for det inderlige Baand mellem Sprog og Nationalitet.» Men Monrad hadde ein heilt annan definisjon av kva som var nasjonalt:


... det Sprog som i saamange Slægtfølger har været Nationens Dannedes Sprog, det, hvori al høiere Oplysning har været Folket meddelt, hvori Lovene tale, Religionen forkyndes, hvori Skaldene synge, det, hvori Nationen selv er kommen til Selvbevidsthed og som den saaledes ogsaa ganske vist har paatrykt sit Præg: dette Sprog maa dog vel i udmærket Forstand siges at være Nationens eget, det, og ene det er netop i Sandhed Nationens Sprog som saadan, som Enhed og Almindelighed, medens Bygdemaalet netop kun er Bygdernes eller Almuens Maal, Men Bygderne ere ikke Landet, og endnu mindre er Almuen Nationen. Thi Landet omfatter f. Ex. ogsaa Byen, og Nationen er ogsaa de Dannede, ja det er netop i disse den samler sig af den naturlige Adspredelse til virkelig Enhed og Sammenhæng, i dem den naaer sin virkelige Selvbevidsthed som Nation. (17/10)
Skriftmålet var ikkje berre like nasjonalt, det var meir nasjonalt enn folkemålet. Men for å kunna hevda dette, måtte Monrad slå fast at skriftmålet var ikkje var eit framandt mål. Hadde kulturmålet verkeleg vore framandt, som tysk eller engelsk, var det fare på ferde, men det var det ikkje. Fråstanden mellom målføra og skriftmålet var ikkje større enn i mange andre land, og Noreg var ikkje lenger språkleg bunde til Danmark. Det kunne vore meining i å kalla skriftmålet dansk «... saalænge dog Kjøbenhavn var det egentlige Middelpunkt for vor Litteratur som overhoved for Dannelsens Udvikling.» Men no var banda til Danmark brotne, og me trong korkje språkleg eller på andre vis «at se op til nogen dansk Norm». Tvert om har ein byrja på ei utvikling «der uafhængig løber jevnsides med den danske». Retninga vart peika ut då ein kalla målet 'norsk' i Grunnlova. Som prov på at ei sernorsk utvikling faktisk har gått føre seg, fører han fram dei gamle motstandarane sine, «... en liden Kreds af norske Mænd som, til Bedste for en vis Kjephest, have gjort sit til Ekko af hin danske Anskuelse» om å halda fylgje med Danmark i eitt og alt (25/11).

I det fyrste innlegget hevda han at «... hvad Bondemaalet – eller rigtigere Bondemaalene, thi deres Enhed er dog et Abstraktum – mangle, er netop sand, almindelig Nationalitet.» (25/11) I same innlegget skreiv han tre gonger at «den norske Bonde er ikke alene den norske Nation». Dersom alle bøndene hadde budd for seg sjølv og «... havde blandt sig selv alle en Nations Elementer, havde Konstitution og Regjering, Øvrighed, Præster o. s. v. for sig selv, saa vilde der maaske ikke være nogen Umulighed i, at de gjennem Aarhundreders Barbari efterhaanden kunde udvikle en egen national Kultur og et eget Kultursprog.» (25/11) Nasjonaliteten er for Monrad soleis fyrst og fremst knytt til eliten, av di dei stod for noko som femnde om heile nasjonen, med andre ord ein definisjon som fyrst og fremst er tufta på motsetnadsparet 'nasjonalt' – 'lokalt'. Ved fyrste augekast kan sitatet ovanfor sjå ut som ein territoriell og statsborgarleg nasjonsdefinisjon, men det etniske innslaget kjem klårt fram av at ein «national Kultur» fyrst kan koma opp etter fleire hundreår. Nasjonalitetssynet hans rommar difor ei sjølvmotseiing, på same måte som Knudsens freistnader på å definera norsk mål i 1850 (sjå kapittel 4). Monrad er eit stykke på veg avhengig av dei etniske og historiske kriteria i den tyske tradisjonen og førestillinga om ei folkeånd. Han knyter seg m a til dette perspektivet ved å syna til dei språkhistoriske granskingane til Steenbuch, som i 1820- og 30-åra argumenterte for at nordmennene hadde sett eit vel so stort preg på det sams skriftmålet som danskane. Samstundes freistar han å gjera eliten til dei mest nasjonale i målvegen, sjølv om dei etter hans eiga lære står lengst borte frå folkeånda, ved å seia at det nasjonale medvitet fyrst og fremst finst hjå dei. Dessutan femner språket og kulturen deira om heile nasjonen, både horisontalt og vertikalt.

Løysinga på paradokset var, som me har sett tidlegare, den hegelianske dialektikken. Det nasjonale var heile tida under forming, og å sjå til står Monrad difor for eit langt meir dynamisk syn på nasjonalitet enn målfolket. Dei såg i større grad på dei nasjonale markørane som faste storleikar, ikkje på den måten at dei 'unasjonale' ikkje kunne bli norske, men på den måten at målet og kulturen deira ikkje kunne bli norsk. Skulle dei bli heilnorske, måtte dei ta steget over i landsmålet.

Det som derimot var langt meir statisk for Monrad enn for landsmålsfolket, var det andre hovudpunktet i åtaket (eller forsvaret) hans – tilhøvet mellom nasjonalitet og kultursteg. Slik knytte han i praksis nasjonalitet til klasse. Eliten var den mest nasjonale klassen, og den einaste måten ålmugen kunne bli like nasjonal på, var gjennom å tileigna seg elitekulturen og 'Kultursproget'. Eit hovudpoeng for Aasen var nettopp at målet i seg sjølv ikkje sette grenser for daningsnivået. Kulturen var ikkje noko som låg 'i' språket, men noko som vart formidla gjennom språket og som ein like godt kunne formidla på norsk som på dansk, berre ein skaffa seg eit tilstrekkjeleg ordtilfang.

Men at bondemålet kan «udtrykke hvad det skal være» er etter Monrad «idethele en daarlig Tale». Ein kan ikkje velja fritt kva mål ein skal uttrykkja seg på når det «... skal have Inderlighedens, Originalitetens Præg, hvor Sprogmidlet maa være givet med indre Nødvendighed». Det ville ikkje hjelpa om landsmålet hadde den «... allerstørste Rigdom og Bøielighed» av di det «... ikke faktisk er det Sprog, vi tale, og hvori vi have faaet vor Dannelse». Bondemålet har ikkje den «... Bekvemhed, vi maa fordre af et Nutidens Kultursprog, af den simple Grund, at det ikke har fulgt med Kulturen» og soleis vantar den «... Berigelse og Dyrkning, som vor Dannelses nærværende Standpunkt forudsætter». Aasen forvekslar difor kva målet er med kva det kunne vorte dersom det gamalnorske skriftmålet hadde vorte ført vidare (25/11). Å tenkja seg at «... Almuesproget skulde blive Nationens almindelige og almengyldige literære Meddelelsesmiddel, det Middel, hvorigjennem den tilegner sig og udvikler alle høiere Kultur-Elementer, er et Sværmeri, der staar i Strid med alle Kulturud­viklingens Love.» (17/10) Bondemålet hadde kome «agterud for Civilisationens Udvikling» og tilhøyrer no vesentleg «Idyllen». Det er denne idyllen folket skal danast ut or: «At ville skrive i et saadant Sprog for t. Ex. at oplyse Almuen, ansee vi for allermeest forfeilet; thi Almuen vil netop drages opad og udvide sin Kreds, ikke holdes tilbage i sin egen Sneverhed, paa hvad vi kaldte Idyllens Standpunkt.» (21/10) Men «'Landsmaalet' trænges høiere og høiere op i Afkrogene» meiner Monrad å sjå, og «Kultursproget ... udbreder sin Indflydelse i videre og videre Kredse» (17/10).

Monrad hadde tidlegare uttala seg positivt om Aasen og målgranskingane hans, og jamvel om Ervingen, sjølv om han då òg uttrykkjeleg hadde plassert landsmålet i «Idyl­len».349 Landsmålet og dialektane var brukande «... for et særeget, saare indskrænket Feldt, kun for en vis Art af Folkelivs-Billeder; den er selv kun en Særegenhed, og hvad den mangler, er netop sand, almengyldig Nationalitet.» (21/10) «Dialekt-Litteraturen» ville hevda sin «... beskedne Plads som et Moment i de dannede Klassers Underholdning og Kunstnydelse».350

Omsetjinga av Fridtjofs Saga fall difor innanfor det Monrad kunne akseptera,351 og han var open for ein viss bruk av målet i litteraturen av di det gav «... en kraftig Lokalfarve og et vist naivt Præg» som ville ha ein estetisk verknad. Men det gjekk ei definitiv grense mellom slik kunstnarleg bruk på eine sida, og journalistikk og folkeopplysande skrifter på hi. Det var med andre ord akseptabelt å nytta landsmålet innanfor visse sers avgrensa sjangrar og når målgruppa var dei dana.

Attåt det som alt er nemnt, hadde Monrad og ei rad polemiske poeng og mindre saklege argument som ikkje har serleg stor interesse her. Nemnast skal likevel utfalla hans mot den store variasjonen i det som vart skrive på landsmål, noko som tydeleg hadde til føremål å hindra at det feste seg eit bilete av landsmålet som landsfemnande og representativt for det norske talemålet. Målet til Vinje var eit «Bastardsprog» som var ei blanding av «Kultursproget» og telemålet, og Monrad jamførde det med «... det saakaldte Russenorsk; det er vistnok mindre end smukt» (21/10). Elles var meiningane om korleis landsmålet skulle sjå ut om lag like mange som hovuda som tenkte på det, og «... for hver ny Skribent, som fremtræder, ville vi udentvivl faa se en ny» (5/12). Dette mangfaldet var røynleg nok. I 1880-åra vart det eit hovudpoeng i Johan Storms åtak på landsmålet, og i 1858/59 var Aasen sjølv uroa over mangelen på einskap (sjå s.Error: Reference source not foundff).

Landsmålskritikken til Monrad var ei logisk fylgje av det målpolitiske synet han hadde gjeve uttrykk for tidlegare. Det nye no er likevel at nasjonalitetssynet hans vart kraftig utfordra frå meir språkradikalt hald. I striden om teatermålet hadde han nytta nasjonalismen som eit våpen og ei brekkstong mot den politisk konservative eliten. No vart ein alternativ nasjonalisme, utforma av landsmålsfolket, nytta som eit våpen mot m a Monrad, og var soleis i ein defensiv posisjon. Fylgja vart at han vektla andre punkt i teorien sin. Fyrst i 1850-åra var det tilhøvet mellom nasjonalitet og språk som opptok Monrad mest. No stod derimot tilhøvet mellom språk og kultur/daning sentralt.
Annan kritikk av landsmålet

Det andre hovudorganet for landsmålsmotstanden var Christiania-Posten, og frå oktober til desember prenta avisa i alt kring 25 spalter med landsmålsfiendslege innlegg. Alle artiklane var usignerte, men målføring og argumentasjon tyder på at alle var skrivne av den same personen. Eg har ikkje funne ut kven forfattaren/-ane var, men som Olav Midttun nemner på, er det ikkje usannsynleg at ein av redaktørane iallfall hadde å gjera med Dølen-meldinga som er den Midttun omtalar (i Vinje 1993 I:424). Redaktørane frå oktober 1858 til 1861 var filosofen og bergmannen Christian Henrik Nicolai Mejdell (1822-99) og professor Weisse (1832-86) (NFL (4) 1896:28).

Innvendingane var i stor mon dei same som Monrad førde fram i Morgenbladet. Den mest påfallande skilnaden er at argumentasjonen i 'Posten' er meir inkonsistent og på visse punkt meir klårtalande.352 Dei to hovudpunkta deira var definisjonen av det nasjonale i målvegen, og tilhøvet mellom språk og kultur.

Meldaren godtok i det heile ikkje at det fanst eit nasjonalt språkproblem. Hadde målet vore «Spansk eller Russisk eller Mesopotamisk, ... vilde vi havt Ret til at raabe ak og ve over vort tabte Modersmaal.» Men slik var det ikkje – «... vort nuværende Bogsprog har historisk Basis og en national Farve, som er fuldkommen nok til at erklære det for Nordmænds, ikke Danskes Sprog.» (22/10, sp.2) Språket hadde ein gong vore dansk, men det hadde vorte «indplantet» i Noreg, og «Har Sproget slaaet Rødder hos os, og det har det gjort, faar det voxe; Rødderne sidde for fast til at oprykkes.» Nasjonen hadde med andre ord «nationaliseret» det framande – det hadde vorte «den norske Redaktion af det danske» (22/10, sp.1). Det avgjerande var likevel det subjektive. «Sproget er gaaet over i den norske Nations Bevidsthed som dens Sprog.» Den nasjonale utviklinga var i full gang, og det var ingen grunn til uro (3/12, sp.4). Målfolket skulle slett ikkje ha monopol på det nasjonale: «... det er en Urimelighed at paastaa, at Bygdeskikken og Bygdesproget er det eneste rette Nationale, det, som gjør os til et Folk og bevirker, at vi føle os som et Folk» (9/11, sp.2), og nasjonen «bestaar ikke af Fjeldbønder alene.» (9/11, sp.3-4).

Til skilnad frå Monrad freistar meldaren å bagatellisera og åtvara mot det nasjonale: «Den nationale Ensidigheed svinder i vore Dage mer og mer for det almene Kulturelement.» (22/10, sp.3) Ein måtte ikkje bli «henreven af national Fanatisme» (21/10, sp.5-6).

Omsynet til kulturen var i det heile viktigare enn omsynet til nasjonaliteten. Medan argumentasjonen kring det nasjonale jamt over var defensiv og hadde som føremål å definera skriftmålet som forsvarleg norsk, hadde argumentasjonen som handla om tilhøvet mellom språk og kultur, eit langt meir offensivt preg. Det «indpodede Sprog» hadde halde fylgje med «Nationens Udvikling, fordi det just var dens Intelligents, der haandterede det.» Det «danske Sprog», som meldaren her kom i skade for å kalla det, hadde vorte


... den dannede Del af Nationens Eiendom, og følgelig som sagt svarer til dens Kulturtrin. Det gamle Maal derimod forvistes til Fjeldene og kun Bonden fredede nogenlunde om dets Levninger. Det fik ingen anden Udvikling end den, som den simple udannede Mand var istand til at give det, med sine indskrænkede Begreber og Tanker kunde han neppe bidrage stort dertil; ... (21/10, sp.5)
På dette punktet gjekk Christiania-Posten lengre enn Monrad og postulerte ein samanheng mellom formelle lingvistiske eigenskapar og kulturnivå. Meldaren hevda at islendingen låg «... tilbage, fordi hans Sprog er oldnorsk. Lingvistiske Fortrin i Lyd- og Formsystem staa nemlig i et bestemt Forhold til det Kulturstandpunkt, som Folket staar paa, der taler det; ...» (3/12, sp.5) Med andre ord stod eit formrikt (syntetisk) språk på eit lægre kulturnivå enn eit (analytisk) språk som hadde kasta av seg formrikdomen, og det norske folkemålet stod på «... et meget ældre lingvistisk Standpunkt i alle Henseender end vort Bogsprog.» (3/12, sp.6) Samanhengen mellom kultursteg og formrikdom hadde serleg P. A. Munch lagt stor vekt på i 1850-åra, m a i striden med Knudsen i 1853 (jf Søilen 1983).

Å ta omsyn til ålmugen i målpolitikken var ein framand tanke for meldaren. Det kunne godt vera at ålmugen hadde lettare for å læra landsmålet, «... her er for det første aldeles ikke Spørgsmaal om hvad der er let at lære, men hvad Nationens Historie medfører at den maa lære.» Når det var tale om «Udvikling og Fremskridt», skulle ein dessutan ikkje spørja «Almuen om hvad den behager at gjøre, men holde sig til den Del af Folket, som er kommen længst, saasandt som denne ikke gaar i en falsk Retning.» (4/12, sp.3) Her var det ikkje det aller minste tvil om kven som skulle leggja premissane for språk-, kultur- og samfunnsutvikl­inga.

Domen i Aftenbladet var den same. Avisa hadde den satiriske tradisjonen frå Krydseren å ta vare på og peika seg difor ut med den minst saklege og mest ironiske og nedlatande kritikken av landsmålet.353 Dølen representerte ein kultur som høyrde heime mellom «Hougfolk» og «Troldpak» og burde døypast om til «Pipervikingen». Innhaldet i kritikken var elles den same som i Christiania-Posten og Morgenbladet. Redaktøren Ditmar Meidell var ein gamal fiende av Vinje og kom jamleg med polemiske utfall mot «Drammens-Korrespondenten» utetter 1850-åra. Bjørnson hevda seinare at Meidell «ikke kunne udstaa» Vinje.354 Haarberg (1985:200) stør seg til NFL når han hevdar at meldaren kan vera Hartvig Lassen (1824-97), og det er ikkje urimeleg. Lassen høyrde til krinsen kring Meidell og Krydseren frå tidleg i 1850-åra (jf Linneberg 1992:57), og han vart seinare ein kvass landsmålsmotstandar som m a Garborg skreiv imot.
Ein mellomposisjon: Paul Botten-Hansen

Illustreret Nyhedsblad var eit unntak frå det einslydande åtaket på landsmålet frå resten av hovudstadspressa. Det er ikkje rett å seia at bladet forsvarte landsmålet, men bladstyraren Paul Botten-Hansen uttala seg sopass velvillig om Dølen at han meir høyrer til i kategorien 'positive' enn 'negative'.

Botten-Hansen var den som fyrst offentleggjorde at Dølen skulle koma ut, i ein notis 3. oktober. 17. oktober melde han fyrste nummeret av Dølen, og han likte stort sett det nye bladet. Han gjorde det klårt, som lesarane «... maaske af flere Tegn have erfaret, at vi ikke høre til Sprogreformatorenes Laug», og han passa òg på å få med at han «i sin Tid laa i sproglig Feide med Hr. Vinje» (sjå s.Error: Reference source not found). Etter å ha langa ut spark til dansk-norske målstrevarar av alle slag kom Botten-Hansen til at «Vore Sprogreformatorer kunde man maaskee dele i to Klasser: de, som ville noget Nyt og tillige noget Stort, og de, som ville noget Nyt, men kun fordi det er nyt, altsaa ikke det Gamle.» I fyrste gruppa var Ivar Aasen, «og til samme Parti maa ogsaa Vinje nu henregnes». Botten-Hansen respekterte «en Stræben, hvis Maal er stort», men «... vi kunne derimod ikke bare os for Harme ved at see Folk i ydre orthographiske Smatterier». «Vi Konservative» (mi uth) ville ikkje kjempa mot radikalismen til Vinje av di «den saa alligevel aldrig vil medføre nogen Fare». Botten-Hansen såg tvert om verdet av strevet sjølv om det ville mislukkast, av di «... disse paa Bygdedialekter grundede Sprog indeholde dog en Mængde Ord og Talemaader, der engang kjendte ville udøve sin Indflydelse paa Bogsproget og give dette lidt efter lidt en national Farvning og fremfor alt klare Begreberne om hvad der virkelig er nationalt». Han rosa Østgaard og huldreeventyra til Asbjørnsen for å «aabne Sandsen for det Nationale i Sprogtonen». Han forsvarte målet i Dølen mot dei som hevda at det var uskjøneleg for «Bymanden» – det kunne han «dog neppe tro» sjølv om han var «Opdragen med Bondemaal». Den samla domen over fyrste nummeret av Dølen var difor positiv. Vinje hadde greidd oppgåva godt, og innhaldet var tiltrekkjande.

Haldninga til Botten-Hansen hadde nok både målpolitiske og personlege grunnar. Til liks med resten av Hollendar-krinsen hadde han godhug for landsmålet og arbeidet til Aasen både før og etter 1858, og det var nære band mellom hollendarane og det fyrste landsmåls­miljøet.355 Det er verdt å merka seg at heller ingen andre i Hollendar-krinsen gjekk offentleg ut mot landsmålet i 1858.

Botten-Hansen var òg ein god ven av Vinje, og saman med Ibsen hadde dei to gjeve ut forlauparen til Illustreret Nyhedsblad, Andhrimner, sumaren 1851. Dei hadde òg same sosiale bakgrunnen, og karrierene deira var like (jf s.Error: Reference source not found). Botten-Hansen hadde eit tydeleg motsetnadsfylt tilhøve til landsmålet og Vinje, noko Vinje sjølv gav uttrykk for i eit brev til Botten-Hansen etter å ha lese kritikken av Ferdaminni (1861) i Illustreret Nyhedsblad: «Det beste ved det, som du hever skrivit det er, at Ein ikki kan vita anten du vil rosa elder lasta.» (her etter Haarberg 1985:23). Botten-Hansen rosa serleg ironien og sjølvironien i fyrste nummeret av Dølen. Som Haarberg peikar på, var mottakinga av Dølen negativ «med Botten-Hansen som et tvitydig unntak» (s.39).356 Botten-Hansen kom òg til å halda fram som ein lojal kritikar av landsmålet utetter 1860-åra.


Målstriden i 1858 som vendepunkt

Det kom mange fleire innlegg på prent enn dei som er nemnde, men dei sentrale synspunkta er refererte. Landsmålsfolket forsvarte seg fyrst og fremst i Dølen, men det stod òg eit og anna innlegget i dagsavisene.357 Aasen var ute to gonger (anonymt), fyrst i stykket «Om Sprogsagen» som var eit svar til slaktet av Fridtjofs Saga i Christiania-Posten,358 og i februar og mars 1859 i den oppsummerande artikkelrekkja «Minningar fraa Maalstriden um Hausten 1858».359 Hovudsynspunkta er refererte i kapittel 8. «Minningar» var skilsetjande på to måtar. Aasen gav her eit utdjupande og fullstendig forsvar av målreisingstanken i ein langt meir offensiv og opposisjonell tone enn tidlegare. Dessutan agiterte han for fyrste gong for landsmålet på landsmål.

Som Walton har peika på, markerer målstriden i 1858 eit klårt skilje i strategien til Aasen ved at han no gjekk over frå den 'defensive' fase to til den 'offensive' fase tre (sjå s.Error: Reference source not found). «Det er med 'Minningar fraa Maalstriden' måltanken tred klårt fram som opphavet til ein motkultur», skriv Walton (1984:42). Etter stormlaupet mot landsmålet hausten 1858 måtte Aasen innsjå at det ikkje var rom for landsmålet som ein integrert del av den eksisterande ålmenta. Illusjonar som Aasen eventuelt måtte ha hatt før 1858 om at dei kulturberande krinsane ville innsjå det vituge med landsmålet og målreisinga dersom dei berre fekk høyra dei gode argumenta, vart grundig pulveriserte. Løysinga vart ein ny strategi der Aasen og målflokken heller la opp til å nedkjempa 'fienden' utanfrå, i ope lende, med å skipa ei serskild landsmålsålmente.

Med Dølen og den fyrste spede målorganiseringa kring 1858 vart grunnen lagd for den nynorske ålmenta og målrørsla. Målforma og perspektivet i «Minningar» illustrerer skiftet på ein framifrå måte. Aasen definerte seg no som talsmann for 'landsfolket': «Me, Landsfolket, hava her stadet utanfyre; vaare Forfeder hava inkje talat Dansk» (jf Walton 1984:41). Aasen tok no til å bruka nasjonalismen offensivt mot overklassen for å stiva opp dette skiljet mellom 'me' og 'dei'. Skiljet hadde Aasen hatt klårt føre seg sidan 1830-åra, men no tok han det i bruk som våpen både i «Minningar» og i grammatikken (1864).

Når det gjeld den ideologiske og strategiske tenkinga til landsmålsflokken skal me likevel vera varsame med å gjera 1858 til eit alt for skarpt skilje. Walton (1984:42) har sjølv streka under at Aasen ikkje skifte meining, og at omslaget vart førebudd i 1856 (s.39). Den meir offensive strategien til Aasen frå 1858 var nok heller noko som Aasen hadde tenkt ut før 1858 enn eit beinveges resultat av hendingane hausten 1858, sjølv om målstriden var med og avgjorde retninga som strategien fekk. Eg meiner det ikkje er sjølvgjeve at ein skal plassera «Om Dannelsen og Norskheden» i fase 3, slik Walton gjer (1984:33), iallfall ikkje dersom ein legg vekt på den heilskaplege målreisingsstrategien meir enn 'taktisk' bruk av nasjonalromantikken. Aasen skreiv «Om Dannelsen og Norskheden» utan klåre ytre tildriv og utan at han var i ein forsvarsposisjon, og han gjorde det på ei tid då han meinte landsmålet var klårt til å takast i bruk (sjå ovanfor).

Oppdraget å omsetja Fridtjofs Saga gav Aasen eit høve til å få publisert eit større stykke på landsmål, og det er tydeleg at han kjende til det kulturpolitiske klimaet. To dagar etter den fyrste og negative meldinga i Aftenbladet 1. oktober, skreiv Aasen eit brev til venen Maurits R. Aarflot der han gav klårt til kjenne at han visste kva som var i vente:


Min Fridtjofs Saga er nu udkommen, og Aftenbladet er allerede ude og viser sin Dygtighed ved at gjøre Nar af den hele Tilstelling. Der kan man see, hvad Norskheden har at vente sig af vore Blade; thi de andre ere naturligviis ikke et Haar bedre end Aftenbladet. Men jeg for min Deel skal nu ikke lade mig skræmme; jeg holder frem som jeg stævner, saa længe nogen Bogtrykker vil trykke hvad jeg skriver. (Aasen 1957 I:344)
Aasen visste dessutan sers godt om Dølen, og me kan vel både gå ut frå at han hadde ein tokke av korleis mottakinga ville bli, m a etter at Monrad hadde gjerda landsmålet inne i «Idyllen» i Ervingen-meldinga. Det er òg rimeleg å tru at Aasen kjende til at det nyfrelste landsmålsmiljøet i Bergen ville finna på nokre sprell i nær framtid som kom til å setja spor etter seg, sjølv om det ikkje ser ut til å ha vore beinveges samanheng mellom det som kom frå Bergens- og Kristiania-miljøa.

Bak landsmålsframstøyten kan me identifisera to åtskilde frontar som ikkje såg ut til ha serleg mykje med kvarandre å gjera. Framstøyten frå Bergen kan best karakteriserast som nasjonalromantikk i ytste vilkårslause konsekvens, nemleg ei radikal målreising der omsynet til norrønt spela ei sentral rolle. Språkleg kom det til uttrykk i Ny Hungrvekja. Eg vil ikkje her utan vidare gjera Ny Hungrvekja og Jan Prahl representativ for målmiljøet i Bergen, men som eg skal koma attende til, går det eit skarpt skilje mellom tilhøvet Bergens-flokken hadde til Aasen-normalen før og etter hausten 1858. På det prinsipielle planet var det likevel mange likskapar mellom Nygaard og Prahl, sjølv om det var store skilnader mellom dei i form. Medan Nygaard gjorde seg til talsmann for den vitskaplege og sjølvgjevne fornufta, gjekk Prahl til eit kvast polemisk åtak både på det dansk-norske 'vesalmålet', danskar og heimedanskar.

I hovudstaden var det ingen klåre band mellom Fridtjofs Saga og Dølen, men både Vinje og serleg Aasen var langt mindre opptekne av nasjonalitetsspørsmålet og meir opptekne av tilhøvet mellom språket og 'kulturen' enn bergensarane, sjølv om det nasjonale perspektivet var ein grunnstein for dei òg. Dei førde dessutan eit langt meir praktisk og pedagogisk forsvar for landsmålstanken, der bergensmålmennene heldt seg på det prinsipielle, nasjonalistiske planet.

For fyrste gong kan me òg tala om ein einskapleg og konsolidert motstand mot landsmålet, og han kvilde på to berebjelkar. Den eine var forsvaret for ei nasjonalitetsoppfatning som no verkeleg vart sett på prøve. Sidan 1815 hadde det statsberande borgarskapet i Noreg insistert på at skriftmålet var like mykje norsk som dansk, og dei hadde teke det som sjølvgjeve at dei var dei fremste representantane for nasjonen. Dei tykte alt var på rett kjøl sidan målet og kulturen i Noreg utvikla seg fritt på eit sjølvstendig grunnlag, det vil seia på deira premissar og deira grunnlag, men utan at det skulle vera eit fullstendig samsvar mellom utviklinga i Danmark og Noreg. No kom det ein flokk som ikkje berre gjekk til åtak på kulturhegemoniet deira, men jamvel ekskluderte dei frå nasjonen. Monrad (og meldaren i Christiania-Posten) laga seg ikkje eit nytt nasjonalitetssyn hausten 1858; dei forsvarte det som i praksis, og meir eller mindre medvite, hadde vore kjernen i norsk kulturpolitikk i fleire tiår, og som Monrad hadde målbore sidan tidleg i 1840-åra. Ein av kjepphestane hans var nett at omgrepet 'norsk Sprog' i Grunnlova var uttrykk for eit program og eit ynske som hadde vorte sett meir og meir ut i livet gjennom ei varsam og gjennomtenkt oppnorsking av språk og kultur. Og slik skulle det halda fram. Det prinsipielle grunnlaget for denne politikken var lagt av Det akademiske kollegium i 1815.

Den andre berebjelken i argumentasjonen til landsmålsmotstandarane var tilhøvet til daninga og kulturen. Skriftmålet var berar av kulturen, medan bondemålet stod på eit meir 'naivt' steg og soleis var uskikka til høgare åndeleg og kulturell bruk. Praktisk gav dette seg utslag i at ein freista å avgrensa bruksområdet til landsmålet. Det nye i 1858 var nettopp at landsmålet vart teke i bruk på nye område, som sakprosa- og pressemål gjennom Ny Hungrvekja og Dølen. Her finn ein årsaka til dei sterke reaksjonane på Dølen.

Reaksjonane på landsmålet hausten 1858 kom difor hovudsakleg av to grunnar. For det fyrste braut landsmålsfolket ei språksosial grense ved den nye bruken av målet. For det andre hadde målfolket attåt å vera ein handfull eksperimenterande individ òg byrja definera seg som ei gruppe. Gruppa hadde fått tilsig av ein del unge studentar, og ein tok til å sjå tendensar til organisering (sjå kapittel 12). Landsmålet hadde med andre ord vorte eit trugsmål mot den rådande språk- og kultursosiale ordenen, og motstanden syner at sprengkrafta til landsmålet låg i ein kombinasjon av kulturradikalisme og eit alternativt nasjonalitetssyn, som resulterte i ein opposisjonell kulturnasjonalisme.



Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   17   18   19   20   21   22   23   24   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2025
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin