Å ha ein god ven er noko av det viktigaste for trivnaden til barnet.
Kan små barn vere einsame?
Det er mange barn som kjenner seg utanfor i barnehagen. Når den
kjensla varar over litt tid, og barnet opplever å bli utestengd frå leik og sosialt fellesskap, kjem einsemda krypande.
Korleis veit eg om barnet mitt er einsamt?
Fyrst og fremst er det viktig å vite at mange
barn som kjenner seg einsame, prøver å skjule einsemda. Noko av årsaken kan vere at barna skammar seg og er flaue over at dei ikkje har nokon å vere med. Nokon kan òg tenkje at dei sjølv er skuld i at dei er einsame. Barn som kjenner seg einsame kan verke tilbaketrekte og triste, eller dei kan ta ut aggresjon og sinne i tryggje omgjevnader heime. Er
einsemda sterkast i barnehagen, kan barnet vegre seg for å gå dit.
Kva kan foreldre gjøre?
Å fange opp at barnet ditt er einsamt, krev at de brukar tid saman i kvardagen og at tillitsforholdet er godt. Det er viktig å ta på alvor om du ser eller høyrer noko som tyder på einsemd. Einsemd kan òg vere et teikn på mobbing. Du må tørre å ta den
vanskelege praten med barnet, vere lyttande og open sjølv om det er tunge kjensler som blir formidla. Sjølv er det viktig å vere eit godt sosialt førebilete for barnet. Ver inkluderande overfor andre i deira nærleik, spesielt andre barn, og hjelp til med å leggje til rette for sosialt samvær heime eller i nabolaget.
Snakk med barnet om venskap, inviter barn heim og la barnet delta på arrangement og aktivitetar der andre barn i barnehagen ferdast. Ikkje ver redd for å ta kontakt med barnehagen eller helsesyster for å ha fleire på lag kring barnet, om du tenkjer at barnet slit med einsemd.