Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə1/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
  1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   33

Oddmund Løkensgard Hoel
Nasjonalisme i norsk målstrid

1848-1865
KULTs skriftserie nr. 51, Noregs forskingsråd, Oslo 1996
© Noregs forskingsråd og forfattaren 1996
Sidetala i denne elektroniske utgåva stemmer ikkje med sidetala i den trykte utgåva, og dermed er heller ikkje innhaldslista eller registeret rett. Det er elles ikkje gjort endringar i høve til den trykte utgåva.

Jostedalen, november 2002


Oddmund Løkensgard Hoel

Krundalen

6871 Jostedal

Telefon 57 68 66 18

oddmund@krundalen.no
Føreord
Det som her ligg føre, vart levert som hovudoppgåve i nordisk ved Universitetet i Oslo våren 1996. I arbeidet med oppgåva har eg vore knytt til forskingsprosjektet «Utviklinga av ein norsk nasjonal identitet på 1800-talet», som kom i gang i 1993 og har utspring og tyngdepunkt på Historisk institutt, Universitetet i Oslo. Prosjektet går inn i Noregs forskingsråds program for Kultur- og tradisjonsformidlande forsking (KULT). Granskinga mi står i stor gjeld til det tverrfaglege og inspirerande forskingsmiljøet som har kome i stand på prosjektet. Ein stor takk til alle tilsette og medstudentar – ikkje minst dei som har vore med på skrivegruppa vår – for faglege impulsar, kranglar og meir eller mindre faglege samkome. Me har kjent oss som forskarar meir enn studentar, og serleg vil eg takka prosjektleiar Øystein Sørensen, både for det gode miljøet han har skapt, for mange nyttige merknader til manuskriptet, og for denne utgjevinga.

Takk til Noregs forskingsråd/KULT for støtte og oppmuntring, ikkje minst den svært materielle oppmuntringa eg fekk i form av eit studentstipend 01.03.94-28.02.95, og for at dei ville gje ut hovudoppgåva mi.

Kjell Venås har vore rettleiaren min, og han skal ha ein stor takk for godt og trygt samarbeid.

Elles vil eg med dette takka og orsaka alle andre eg har plaga, og som på ein eller annan måte har vore til hjelp, både innanfor og utanfor Institutt for nordistikk og litteraturvitskap i Oslo. Knut Framnes greidde å finna mesteparten av kladden til ei tapt hovudoppgåve av Hallvard Framnes (1924) til meg. Mons Thyness på instituttkontoret svarer alltid venleg på dei dummaste praktiske spørsmål og stiller opp når det trengst. Bård Eskeland har kome med mange nyttige merknader, og med han, Arne Apelseth og Jens M. Haukaas har eg hatt gjevande samtalar.

Interessa for den norske målstriden midt på 1800-talet har eg fått ved å delta i målstriden i dag. Utan det intellektuelt utfordrande og inspirerande miljøet i målrørsla, serleg i Norsk Målungdom, hadde denne oppgåva neppe vorte til.
Oslo, april 1996.

Oddmund Løkensgard Hoel



Jeg vilde kun vise liden Kjærlighed til Norskheden, om jeg stiltiende saa paa hvorledes alskens Umyndige bruge den som et Skjul for sin aandelige Armod og sine forvirrede Ideer.
(Paul Botten-Hansen i Illustreret Nyhedsblad 17.11.1855.)

Innhald


Namneliste 413

Del I: Innleiing og bakgrunn
1. Innleiing
Emnet

Den politiske lausrivinga i 1814 fekk ingen beinveges fylgjer for språktilhøva i Noreg. Skriftmålet vart verande dansk, og enno i slutten av 1840-åra fanst ingen handfaste og framlagde planar for å endra denne stoda, som fleire og fleire oppfatta som eit problem.

I midten av 1860-åra låg det ikkje berre føre eitt, men to alternativ for å gje Noreg eit eige skriftmål – vitskapleg utgreidde, klårt teoretisk grunngjevne, og i ein viss mon omsette i praksis. Dei to alternativa låg i strid både med kvarandre og med dei som ville verna om det danske skriftmålet, og målstriden var komen inn i det sporet der han hovudsakleg har halde seg til i dag.

Denne bolken i norsk målsoge er av dei som har fått breiast omtale i språkhistoriske oversynsverk og lærebøker, naturleg nok med vekt på dei to hovudpersonane Ivar Aasen og Knud Knudsen, og det finst ein stor forskingslitteratur om perioden. Ein kan difor spørja seg om det trengst endå ei utgreiing om emnet. Det finst minst tre svar. 1) Ingen har gjeve ei samla framstilling av målstriden mellom 1848 og 1865, bortsett frå dei ei ein finn i språkhistoriske oversynsverk. 2) Det finst framleis, om ikkje mørke, so iallfall grå flekker i kunnskapen om bolken. Den kvasse striden om landsmålet i trondheimsavisene hausten 1862 har knapt vore nemnd før, og korkje striden om teatermålet 1849-63, striden om oppnorskinga av skriftmålet 1855-57 eller målpolitikaren M. J. Monrad har fått den fortente plassen. 3) Kvar generasjon må oppdaga og tolka historia på nytt ut frå sine føresetnader og interesser. Mykje av forskingslitteraturen som finst om målstriden mellom 1848 og 1865, er skriven i fyrste helvta av dette hundreåret, med dei ideologiske og teoretiske perspektiva som høyrde den tida til. Det siste tiåret har ikkje minst 'det nasjonale' kome i skotet, både her heime og ute i den store heimen. På det vitskaplege feltet har interessa for nasjonalisme og etnisitet auka sterkt, og det dukkar stadig opp nye bøker, artiklar, forskingsprosjekt, konferansar og seminar om emnet. Dei siste tiåra har dessutan sosiolingvistikken gjeve ny kunnskap i tilhøvet mellom språk og samfunn. Denne teoretiske innsikta har hovudsakleg vorte nytta på granskingar av måltilhøva i dag, men har etter kvart òg vorte teken i bruk i språkhistoriske granskingar. Det er difor fleire gode grunnar til å ta ein ny kikk på den norske målstriden i førre hundreåret.

Denne granskinga er avgrensa av dei to årstala 1848 og 1865. To innbyrdes uavhengige hendingar i 1848 skulle få mykje å seia for den norske målstriden. Den eine var revolusjons­bylgja i Europa, som òg skvalpa inn over Noreg. Den andre var utgjevinga av Den norske Folkesprogs Grammatik av Ivar Aasen. Den sosiale og politiske uroa sist i 40-åra skapte ein nytt politisk klima, og i åra etter vart målspørsmålet reist med ny styrke og drøfta grundigare enn før. I 1850-52 la Knudsen og Aasen offentleg fram kvar sine framlegg til løysing av det norske språkproblemet, og i motsetnad til før, vart målspørsmålet no eit vedvarande stridsemne i den norske ålmenta.

Inga storhending peikar seg ut i 1865, men fleire moment gjer det naturleg å stogga i midten av 1860-åra. Ålmennpolitisk vart den dansk-tyske krigen skilsetjande for synet på skandinavismen, og den kvasse striden om unionsvilkåra skapte nye politiske skiljeliner. I 1865/66 byrja oppmarsjen for unionsmotstandarane, og målsaka vart rikspolitisert då landsmålet vart gjort til fanesak for den politiske opposisjonen fram mot 1870. I midten av 60-åra var òg samarbeidet og våpenkvila mellom landsmålsfolket og dei dansk-norske målstrevarane over, og i 1867 gav Knudsen ut programskriftet Det norske målstræv. Medan landsmålet vart knytt til unionsmotstand, vart Knudsen skandinavist og sentral på rettskriv­ingsmøtet i Stockholm i 1869. I 1864 gav Aasen ut Norsk Grammatik, ein førebels milestein i innsatsen hans, og i 1865 byrja dei to landsmålsblada Dølen i Kristiania (etter eit opphald) og Ferdamannen i Bergen å koma ut. Eg har difor valt å setja strek i 1865.


Problemstillingar

Føremålet med denne granskinga er todelt. For det fyrste ynskjer eg å gje ei samla framstilling av målstriden i perioden, med vekt på dei sidene av striden som har vore lite framme før. Det vil serleg stå sentralt å sjå på korleis og kvifor dei to alternative målreisings­programma vart utforma og stridde fram. Her vil både tilhøvet mellom målstrevarar og tradisjonalistar og tilhøvet mellom dei to målstrevarflokkane vera interessant.

Det andre og meir spesielle føremålet med granskinga, er å sjå på kva rolle 'det nasjonale' spela i den norske målstriden i bolken. Det vil meir presist seia å røkja etter kva tenking om språk og nasjonalitet som fanst hjå deltakarane i striden, i kva mon det dei stod for kan kallast nasjonalisme, og kva som var innhaldet denne nasjonalismen.

Djupast sett gjeld desse spørsmåla kvifor det i det heile vart målstrid i Noreg, og kva drivkrefter som har halde han ved lag. Målstriden var heile 1800-talet ein strid mellom norske borgarar – ikkje mot språklege trugsmål utanfrå. Det einaste måtte vera det som vart opplevt som freistnader på språkleg forsvensking dei fyrste åra etter 1814. Dette spela likevel berre ei ørlita rolle. Mellom språkhistorikarar har det ikkje vore semje om kva status ein skal gje det 'nasjonale' i målstriden. Lars S. Vikør er ein av dei som har opponert klårast mot å leggja vekt på nasjonalismen. Han har hevda at «... språkstriden alt på 1800-talet primært var ein sosial strid, men han vart legitimert med ein nasjonal retorikk.»1 Det må difor stå sentralt å finna ut korleis tilhøvet var mellom nasjonalistiske og andre innslag i målstriden, og om nasjonalismen var meir enn eit retorisk verkemiddel.

Ein kan tenkja seg at deltakarane i målstriden i utgangspunktet hadde valet mellom tre strategiar andsynes nasjonalismen (evt. den nasjonale retorikken). Den eine er likesæle, eller eit ikkje-tilhøve. Den andre er ei avvising av nasjonalismen som generell ideologi, eller eventuelt berre som uvedkomande for den norske målstriden. Den tredje er å leggja vekt på nasjonalismen og det nasjonale som noko positivt, eller i minsto noko naudsynt, og arbeida for å gje han sitt eige innhald. Eit spørsmål vert då kva strategi dei ulike fylkingane i målstriden valde, og kva som avgjorde dette valet. I den mon nokon freista ta det nasjonale til inntekt for seg sjølv, lyt argumentasjonen, det ideologisk grunnlaget og definisjonen av 'norsk språk' analyserast.

Det er vanleg å skilja mellom indre og ytre målsoge. Den indre fokuserer på språket som system og har til føremål å skildra, forklåra og forstå språklege endringar (i talemålet). I den ytre målsoga ligg vekta på kontaktflata mellom språk og samfunn i vid meining, som geografisk utbreiing av ulike språk og dialektar og tilhøvet mellom dei, utbreiinga av lese- og skrivekunne, språkhaldningar, språkpolitikk, språknormering og ideologiar (jf Torp/Vikør 1993:14-17). Som det skulle gå fram ovanfor, held denne granskinga seg klårt innanfor den ytre målsoga. Dei indre språklege tilhøva skal stort sett få liggja, og vert berre dregne inn der det er naudsynt for å kasta lys over haldningar og ideologiar. Eg vil heller ikkje røra ved alle sider av den ytre målsoga. Heinz Kloss har delt språkplanlegg­inga (language planning) i to – language corpus planning, som er opptaking av nye termar, endringar i rettskriving osb (det me ofte omtalar som språknormering), og language status planning, som er tiltak for å avgrensa eller fremja bruken av eit språk i samfunnet.2 Det er dette siste, og ikkje språknormeringa, som er hovudtemaet her. Ei anna viktig, men forsømt side av den ytre målsoga, er utbreiinga av lese- og skrivekunne. Utetter 17- og 1800-talet gjekk skriftkulturen over frå å vera eit elitefenomen til å bli allemannseige. Attåt å vera ei stor språkhistorisk endring i seg sjølv, har dette tvillaust vore ein undervurdert bakgrunns­faktor i framstillingane av norsk målpolitikk og målstrid på 1800-talet (jf Vannebo 1984). Eg vil streka under at granskinga mi gjeld dei offentleg framsette meiningane om språk og språkspørsmål og soleis held seg på eliteplanet. Utan at eg har talt, tviler eg på at meir enn 100 personar sette målpolitiske meiningar på prent mellom 1848 og 1865. Eg har soleis ikkje ambisjonar om å seia noko om kor mange som var opptekne av målspørsmålet, eller om utbreiinga av lese- og skrivekunne og nasjonalistisk tankegods, to faktorar som elles hekk nært ihop. Derimot vil eg ha eit auga til i kva mon omsynet til lese- og skrivekunna spela inn i målstriden.


Kjelder og litteratur

Kjeldegrunnlaget for framstillinga er hovudsakleg offentlege ytringar om målspørsmålet mellom 1848 og 1865, og kjeldene fell i tre hovudgrupper:



1. Aviser og tidsskrift: Talet på aviser og tidsskrift auka jamt heile 1800-talet. I 1848 kom det ut 59 slike publikasjonar, og i 1865 var talet kome opp i kring 70.3 Ein kan likevel tala om to «medie-boomar» på 1800-talet – ein mellom 1838 og 1851 (serleg etter 1848), og ein i slutten av 1860-åra (Linneberg sst). Interessa for målspørsmålet ymsa sterkt i bolken, og i mange organ var målstriden ei ikkje-sak. Kring 1850 er det mest å finna i dei største avisene og tidsskrifta, men etter kvart tek det til å dukka det opp innlegg i fleire organ. Det går fram av litteraturlista kva aviser og tidsskrift eg har nytta. For å finna fram til innlegga, har eg gått fram på tre måtar. 1) Den store forskingslitteraturen som finst, har vore ein god vegvisar, og alt i alt har dei fleste avisene og tidsskrifta vore gjennomgådde frå ein språkhistorisk synsvinkel tidlegare. Serleg nyttige har databasen for norsk litteraturkritikk og innhaldsregisteret for Morgenbladet vore, attåt NFL (sjå litteraturlista). 2) I vekene omkring viktige hendingar har eg gått gjennom aviser og tidsskrift systematisk. Det gjeld m a Morgenbladet for perioden 1848-53 og hausten 1858, Christiania-Posten september 1852-april 1853, Adresseavisen og Throndhjems Stiftsavis september 1862-februar 1863, Dølen 1858-65, Lørdags-Aftenblad for Arbeidsklassen 1860-66 og Arbeider-Foreningernes Blad 1849-1852. Eg har her prioritert dei organa der sekundærlitteraturen syner at det var mykje og jamnleg målordskifte, og organ som vart gjevne ut av lag, organisasjonar, institusjonar og personar som var nært knytte til hovudaktørane i målstriden. 3) Innlegg og artiklar frå ein del sentrale aktørar er gjevne ut samla eller i utval, og her har eg oftast nytta desse. Det gjeld m a Aa. O. Vinje, O. Vig, I. Aasen, B. Bjørnson og P. A. Munch. Ein del kjelder er dessutan prenta i sekundærlitteraturen.

2. Bøker, brosjyrar og andre trykksaker med målpolitisk innhald eller verknad har det vore lettare å finna fram til. Reine målpolitiske kampskrift i bokform finst det ikkje mange av frå perioden. Derimot finn ein ofte målpolitiske innslag i den målvitskaplege litteraturen, og ei serleg god kjelde er fortalene. Det gjeld òg i andre typar bøker der ein t d har nytta ei avvikande målform og grunngjev dette.

3. Dagbøker, brev og anna arkivtilfang: Eg har ikkje nytta uprenta kjelder. Objektet for granskinga har vore den offentlege striden. Ein hadde tvillaust fått ei djupare innsikt i den offentlege striden ved å nytta arkivtilfang, men den tida eg har nytta til kjeldearbeid, har eg prioritert på dei offentlege ytringane. Ein grunn til forsvarer ei slik prioritering. Breva og dagbøkene til nokre av dei sentrale personane er gjevne ut i bokform (Aasen 1957-60, Vinje 1969, Munch 1955), ein del av dei viktigaste breva er prenta i sekundærlitteraturen, og delar av det tilgjengelege arkivtilfanget har vore granska tidlegare. Det gjeld m a både den fyrste målrørsla og Selskabet til Folkeoplysningens Fremme.

Det finst ein heil del litteratur om målstriden mellom 1848 og 1865, men han ymsar sterkt i kvalitet. Norsk målsoge har i stor mon vore skrive av personar som sjølve har vore aktive i målstriden, med dei fylgjene har fått. Det gjeld både dei få tunge forskingsarbeida som finst, og den store mengda med stuttare framstillingar, som gjerne er skrivne for eit breitt publikum. Ein treng ikkje vera positivist for å hevda at den glidande overgangen mellom målpolitikk og målsoge har gått noko ut over objektivitetskravet, og at det er serleg god grunn til å ha dette i tankane når ein les framstillingar av ytre norsk målsoge. Til forsvar for tradisjonen må det seiast at den engasjerte litteraturen òg er engasjerande, og at dei klåre målpolitiske siktemåla med framstillingane gjer at dei gjerne er tufta på eit reflektert heilskapssyn på norsk målsoge. Når fleire dei siste åra har kritisert nork målsogeskriving for å vera teorilaus (jf Vikør 1994:217), må ein difor ta eit atterhald. Tradisjonen har ikkje vore teorilaus på den måten at ein har vanta eit ideologisk og teoretisk overblikk over stoffet. Derimot har det vore ei påfallande teoriløyse på den måten at desse føresetnadene sjeldan vert gjorde eksplisitte. Det siste tiåret har det likevel kome opp eit ordskifte desse sidene ved norsk målsogeskriving,4 og på same tida har det kome fleire framstillingar der forskings­tradisjonen og føresetnadene for målsogeskrivinga har vorte drøfta (t d Haarberg 1985, Walton 1987, Torp/Vikør 1993).

Mykje av litteraturen om perioden er biografisk eller har sentrale personar som innfallsvinkel. Ålment kan ein seia at det finst mest om landsmålsrørsla, mindre om dei dansk-norske målstrevarane og mest inkje om tradisjonalistane.5 Hallvard Framnes leverte i 1924 ei hovudoppgåve i nordisk om Målstrid og målreising i 1850-åri, som aldri har funnest på Universitetsbiblioteket. Eg har prøvd å spora opp oppgåva utan å lukkast, men ein kladd til oppgåva finst framleis, og sjølv om ein tredel av kladden ser ut til å mangla, har han vore til god hjelp, fyrst og fremst i arbeidet med å finna fram til kjeldene (Framnes 1924). Elles har eg serleg funne mykje støtte og inspirasjon i dei språkhistoriske arbeida til D. A. Seip, T. Knudsen, Djupedal, Haugland, Midttun, Walton, Vikør, Apelseth og Brunstad, og ikkje minst to artiklar av Oddmund Søilen (1982 og 1983). Ein del litteratur på tilgrensande fagfelt har dessutan vore til god hjelp. Her vil eg serleg nemna dei litteraturhistoriske arbeida til Haarberg (1985), Linneberg (1992) og dei som har kome frå prosjektet Nynorsk litterær offentlegheit 1850-1915 i Bergen i 1980-åra (m a Stegane 1984), teaterhistoriske arbeid av m a Blanc, og arbeid innanfor politisk og sosial historie av Sørensen, A.-L. Seip, Nerbøvik og Lunden. Fleire av desse arbeida har vore til større inspirasjon enn det som kjem til syne i framstillinga.

2. Språk, nasjonar og nasjonalisme
Nasjonar og nasjonalisme

Nasjon

Nynorskordboka (1993) definerer ein nasjon som ei «... gruppe menneske som kjenner seg som ei eining på grunn av sams historie og kultur, oftast også sams språk» og fangar slik opp tydinga ordet har i ålmennspråket. Definisjonen skil seg ikkje mykje frå den ein finn i den vanlegaste faglitteraturen, og eg stør meg her til den engelske sosiologen Anthony D. Smith. Ein nasjon er, seier Smith (1991:14), «... a named human population sharing an historic territory, common myths and historical memories, a mass, public culture, a common economy and common legal rights and duties for all members.»

Nasjonsdefinisjonen til Smith inneheld ein del objektive kjenneteikn (kulturmarkørar) som kan identifiserast uavhengig av medvitet til ibuarane. Samstundes stiller han opp eit subjektivt kriterium: Det må finnast eit medvit, i minsto mellom ein del av medlemene, for at ein skal kunna tala om ein nasjon. Ein «sovande» nasjon der medlemene ikkje «veit» at dei er ein nasjon, er soleis uråd i Smiths definisjon. Smith strekar dessutan under at rolla dei ulike kulturmarkørane spelar, kan variera mykje frå nasjon til nasjon. Språk er ein av fleire moglege identifikasjonsfaktorar og er difor ikkje med som eit eige kriterium.

Ved å stilla opp krav om ein sams, offentleg massekultur og ein sams økonomi, reserverer Smith nasjonsomgrepet til samfunn som har nådd eit visst historisk utviklingssteg, og samstundes avgrensar han definisjonen mot andre typar menneskelege fellesskapar. På dette punktet er det brei semje mellom teoretikarane: Nasjonane er moderne ovringar som fyrst kom opp frå slutten av 1700-talet og frametter. Men Smith legg samstundes stor vekt på at nasjonane oftast er tufta på ein eldre etnisk fellesskap («ethnie»).

Norske historikarar har lenge diskutert om ein kan tala om ein norsk nasjon og nasjonalisme før 1814 (jf Lunden 1992:37-41), og ut frå Smiths krav om massekultur og sams økonomi kunne ein problematisert om Noreg oppfylte krava til å vera ein nasjon i fyrste helvta av 1800-talet. Det skal likevel få liggja sidan eg ser det som uproblematisk å tala om ein svensk, ein dansk og ein norsk nasjon mellom 1848 og 1865. Grensene mellom dei var ikkje omstridde – einaste unntaket var om overklassen i Noreg (som nokre kalla 'heimedanskar') var norske eller noko anna, og det skal eg koma attende til.6


Nasjonalisme: Definisjon og nokre prinsipielle synspunkt

Då er omgrepet nasjonalisme meir problematisk. Dersom me spør Nynorskordboka (1993) endå ein gong, møter me eit utbreidd syn når nasjonalisme vert definert som «... politikk som legg vekt på og hyllar eige land og folk (og samstundes nedvurderer andre nasjonar); (overdriven) nasjonalkjensle». Definisjonen spelar ut den negative klangen nasjonalismeom­grepet har hatt i etterkrigstida, og som dagleg vert stadfest i media. Det positive motstykket til 'nasjonalistisk' i vanleg språkbruk har vore 'nasjonal'.

Slike konnotasjonar er heller ikkje uvanlege i faglitteratur, men innanfor nasjonalisme­granskinga har ein likevel freista gjera nasjonalismeomgrepet til eit operasjonelt vitskapleg omgrep. Smith (1991:73) definerer 'nasjonalisme' som «... an ideological movement for attaining and maintaining autonomy, unity and identity on behalf of a population deemed by some of its members to constitute an actual or potential 'nations'.» Ernest Gellner (1983:1) har ein litt annan variant: «In brief, nationalism is a theory of political legitimacy, which requires that ethnic boundaries schould not cut across political ones, and in particular, that ethnic boundaries within a given state ... should not separate the power-holders from the rest.» Dei to definisjonane samsvarer ikkje heilt, og det er naudsynt å drøfta nokre punkt for å klårgjera bruken av nasjonalismeomgrepet i denne framstillinga. Det som fylgjer, er meint som presiserande merknader, og ikkje som ei djuptpløyande drøfting av nasjonalismen som fenomen.

1. I praksis er nasjonalismen som regel knytt til å fremja interessene åt eins eigen nasjon, og ikkje til ei hevding av det universelle nasjonalitetsprinsippet Gellner set opp, sjølv om ein nasjonalistisk politikk oftast vert legitimert ut frå dette prinsippet. Her kjem ein over i ei gråsone når eigne nasjonale interesser vert fremde på kostnad av interessene åt andre nasjonar og slik sett bryt med nasjonalitetsprinsippet. Det kan både syna seg ideologisk ved at ein reknar sin eigen nasjon som betre og meir høgareståande enn andre, og konkret ved at ein freistar underleggja seg andre nasjonar. Utan nærare avgrensingar kan ein soleis koma opp i det paradokset at ein både kallar A's åtak på B og B's forsvar mot A for eit utslag av nasjonalisme.7 Endå større vert gråsona når det ikkje er semje om kvar grensene for nasjonen går. Med dette kompliserande atterhaldet gjer eg merksam på at eg med 'nasjonalisme' einast meiner den typen verksemd som held seg innanfor definisjonen til Gellner. Når nasjon A freistar underleggja seg nasjon B, kallar eg dette 'imperialisme'. Ein kan likevel tala om sjåvinistisk nasjonalisme utan at ein har å gjera med imperialisme.

2. Nasjonalismen er i seg sjølv korkje ein frigjerings- eller ein undertrykkingsideologi. Det er heilt avhengig av kva samaheng han går inn i. Dette har ofte vorte kalla nasjonal­ismens janus-andlet. Dette er knytt til tilhøvet mellom nasjonalismen og andre ideologiar. Som Smith (1991:79) har formulert det: «Cameleon-like, nationalism takes its colour from its context. ... nationalism-in-general is merely a lazy historian's escape from the arduous task of explaining the influence of this or that particular nationalist idea, argument or sentiment in its highly specific context.» Nasjonalismen høyrer til ein annan akse i det sosiale koordinatsystemet enn ideologiar som liberalisme, sosialisme og fascisme, og han kan gå i spann med ulike ideologiar og samfunnssyn. Ei side av denne granskinga er difor å finna ut kva ideologiske og politiske omgjevnader variantane av norsk språknasjonalisme har gått inn i, og interesser og haldningar dei har vore knytte til.

3. I framhaldet av dette skil ein gjerne mellom 'veike' og 'sterke' nasjonalistar. Ein nasjonalist i den veike tydinga meiner at stats- og nasjonsgrenser bør falla saman og ser dette som eit middel til å oppnå andre og overordna politiske mål. Ein nasjonalist etter den sterke tydinga reknar derimot lojaliteten til nasjonen over andre lojalitetar og set nasjonalismen som den høgaste verdien (Lunden 1992:31). Eg gjer merksam på at eg nyttar 'nasjonalist' og 'nasjonalisme' både om den sterke og den veike tydinga.

4. Nasjonalismen har både ei politisk og ei kulturell side, og sume skil skarpt mellom ein politisk nasjonalisme og ein kulturnasjonalisme. Klårast har dette vorte sagt av Smith-eleven John Hutchinson (1984), som jamvel hevdar at dei to typane er uavhengige av kvarandre, sjølv om dei ikkje sjeldan opptrer saman. For den politiske nasjonalisten er staten målet, medan kulturen er underordna. Ein kulturnasjonalist ser derimot staten som eit middel for å realisera det eigenlege målet, som er kulturen. I den statsvitskaplege retninga innanfor nasjonalismegranskinga har det vorte lagt stor vekt på staten og den politiske sida (sjå t d Østerud 1984). Her er emnet derimot ein del av den kulturelle sida av nasjonalismen (målstriden), og med dette utgangspunktet er det god grunn til å ha for auga at (språk)nasjonalistane ikkje nødvendig vis trong vera serleg opptekne av den politiske sida.

5. Omgrep som 'verdsleg religion' ofte vorte tekne i bruk om nasjonalismen når ein har freista forklåra kvifor nasjonen er ein fellesskap (post)moderne menneske er viljuge til å døy for. Nasjonalismegranskarane er usamde om mykje, men samde om at framvoksteren av nasjonalismen dei siste hundreåra heng saman med djupe og grunnleggjande samfunns- og mentalitetsendringar, anten dei legg vekt på industrialiseringa (Gellner 1983), framvoksteren av byråkratiet og den 'vitskaplege' staten (Smith 1983, 1991) eller prentekunsten (Anderson 1991). Sams for slike prosessar er verdsleggjeringa av samfunnet etter som makta har vorte flytt frå kyrkja og religionen til staten og vitskapen. Her har ein tenkt seg at nasjonalismen fylte tomromet etter religionen då det religiøse verdsbiletet fall i grus, og slik stetta ein åndeleg trong hjå menneskja.

6. Dette heng ikkje berre saman med det irrasjonelle, men òg med at nasjonalismen har vore nært knytt til folkesuverenitetsprinsippet og oppgjeret med standssamfunnet. Tanken om gudegjevne standsskilnader vart avløyst av eit prinsipp der ein såg alle menneske som likeverdige, og makta gjekk ikkje ut frå Gud gjennom fyrsten, men ut frå folket gjennom parlamentet. Dette 'folket' vart definert som nasjonen, og stadig breiare lag av folket hadde difor òg ein rasjonell grunn til å tru på nasjonen: Nasjonalismen vart ei brekkstong mot gamle maktstrukturar og ein veg til fridom for nye grupper i samfunnet, der eit grunnleggjande utgangspunkt var at alle medlemer av nasjonen var like. Men samstundes vart òg ideane i nasjonalismen om indre einskap og samhald i nasjonen eit våpen mot fridomsstrevet til nye grupper, som arbeidarrørsla. Slik har det marxistiske dogmet om nasjonalismen som ein borgarleg og arbeidarfiendsleg ideologi kome opp.8 Slik har janusandletet til nasjonalismen vist seg andsynes indre motsetnader.

7. Nasjonen og nasjonalismen inneheld element både av konstruksjon og tradisjon. Ein hovudmotsetnad innanfor nasjonalismegranskinga har stått mellom konstruktivistar (modernistar) og tradisjonalistar.9 For konstruktivistane har det stått sentralt å få fram at at det gamle 'primordialistiske' synet på nasjonar som statiske, eldgamle og gudegjevne einingar ikkje held. Dei har difor gjort det til eit program å påvisa at nasjonane er nye ovringar som kjem opp under visse historiske vilkår, og at det me reknar som 'nasjonalt' ofte har vorte konstruert gjennom nasjonalisering av importerte eller opphøging av lokale kulturelement (jf Gellner 1983 og Hobsbawm 1984). Det har kome meir konkret til uttrykk gjennom granskingar som har påvist det framande opphavet til rosemåling, bunader, folkedans m m. I meir vulgariserte utgåver kjem synet til uttrykk i påstandar om at nasjonane ikkje 'finst'. Dei nyare tradisjonalistane har derimot vore opptekne av at konstruktivistane har gått for langt i å gjera nasjonane til konstruerte og moderne ovringar. Smith har gjort det til ei hovudsak å påvisa korleis moderne nasjonar har naudsynte føresetnader i gamle etniske fellesskapar. Det skulle vera ukontroversielt å slå fast at nasjonane har vorte forma i spenningsfeltet mellom tradisjon og konstruksjon. Nasjonalisten står i prinsippet fritt til å påstå at kva som helst er 'nasjonalt', men må i praksis halda seg innanfor visse ideologiske og kulturelle råmer som er nedfelte i medvitet til dei han skal overtyda.


Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
  1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin