Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865


Språklege hovuddrag i den dana daglegtala



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə3/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   33

Språklege hovuddrag i den dana daglegtala

Sjølv om grensene mellom varietetane flaut, både synkront og diakront, er det mogleg å peila dei nokolunde inn. Frå midten av 1800-talet gjev serleg arbeida til Knud Knudsen eit godt vitnemål om det høgare talemålet. Her kjem ei stutt skisse av den dana daglegtala, med vekt på dei draga som det var strid om, og som soleis låg i grenselandet.



Prosodien var stort sett lik i målføret og den dana daglegtala, men med nokre unntak. I framandord som /latin, militær, sivil, prosti/ har daglegtala hatt trykket på sistestavinga og målføret (austlandsmålet) på den fyrste, slik det framleis er (Knudsen 1856:403, jf Larsen 1907:34). Knudsen (s.409) nemner dessutan nokre døme på at ord kunne gå over frå tonelag 2 til tonelag 1 etter dansk mønster. Døma han nemner var ord der tonelagsskilnaden laga minimale par, som 'Hænder/hænder, Badet/badet, Bønder/Bønner'. Jamt over ser tonelags­reglane i daglegtala likevel ut til å ha fylgt målføret.

I fonologien var det større skilnader. «Den tykke l ... regnes for 'simpel' Udtale» slo Knudsen fast i 1856 (s.341), og attåt skiljet mellom monoftongar og diftongar, har den regelmessige bruken av 'tjukk l' mest markant skilt ålmugemålet frå den dana daglegtala i Kristiania.23 Om diftongane /ei, au/ (for 'e, ø' i skriftmålet) skriv Knudsen (s.256) at dei «... for Tiden udelukkende hører til Almuesproget». Det same galdt uttale med /g/ i ord som 'Have, lave, save, Skov, Plov': «Denne g findes stadig hos vor Almue,» men i «det norske Talesprog» (daglegtala) er uttala skriftrett /v/ (sst).

Eit spørsmål Knudsen var mykje oppteken av, var uttala av velarar i framlyd framfor høge vokalar, og i konsonantsamband som 'skj–'. Eit hovudpunkt i artikkelen hans frå 1850 var nettopp «hard» eller «blød» uttale av 'g' og 'k'. Her påstår han at «... de Norske udtaler ikke ge– ..., men i Stedet derfor altid je– ...» (s.211; mi ut). I artikkelen frå 1850 hevdar han at uttala /Skin, Sky, Ske, Kilde, Kys, gift, forgyldt, begynde/ høyrer til høgtidsmålet, medan daglegtala har /Sjin, Sjy, Sje, Kjilde (Kjille), Kjys, jift, forjyldt, bejynne/ (Knudsen 1850:205, 219). Her er nok Knudsen meir normativ enn deskriptiv, og den store interessa hans for spørsmålet kom av at daglegtala byrja ta opp uttala frå høgtidsmålet. I Bergen i 1855 måtte ein mest rekna det «... som et Kriterium paa et dannet Menneske, at dette Menneske siger gylden istf. jylden, osv.» (Bergensposten, sitert etter Vinje 1984:221). Monrad skreiv i 1850 at det var stor «Inconseqvents ... i dannede Folks Tale» i uttala av ord som /give – jive/ og /Sky – Sjy/.24 Norma for dana uttale fylgde her hovudsakleg skriftbiletet og ikkje dansk uttale. Jakob Løkke hevda t d i 1855 at framfor /i/ og /y/ «... lyder i det høiere Foredrag Ganelyden (g og k) ren», som i /kige, kind, kylling, kyndig, give, gydelig, gynge/. Men der 'j' var med i skriftbiletet, skulle uttala vera «blød», som i /kjær, kjende, gjøre/, og ikkje «hard» som i dansk tale (sitert etter Vinje 1984:221).

Vingling var det òg i uttala av konsonantane b/p, d/t og g/k. Knudsen (1850) skriv at «blaut» (stemt) uttale var vanleg i høgtidsspråket og «hard» (ustemt) var vanleg i dagleg­språket, men som i dei fleste andre spørsmål er det vanskeleg å vita når han er normativ og når han er deskriptiv. Døma han set opp (s.205), er /tabe, løbe/ mot /tape, løpe/, /liden, Rod/ mot /liten, Rot/, og /Lagen, bruge/ mot /Laken, bruke/. Eit anna viktig skilje mellom daglegtale og høgtidsmål var uttala av stumme konsonantar, både dei etymologiske og dei 'falske'. Knudsen (1850:246) skriv at ein no ikkje «... i en Samtale [kan] sige sende, holde for senne, holle, uden at ansees for Pedant.» Ein høyrer heller ikkje skriftrett uttale av 'vidste, sidste, Bædste, lædske', sjølv ikkje av «... den mest loyale Bogtræl» (s.221). Eit anna skilje var pronomen, der høgtidsmålet hadde /mig, dig, sig/ medan daglegtala hadde /mej, dej, sej/ (s.216). Derimot var uttaleformer som /Lidelse, Berider, Tilblivelse/ vanlege i daglegtala sjølv om ein elles seier /lie, rie, bli/ for skriftformene 'lide, ride, blive' (s.246).

Dei største skilnadene mellom folkemålet og det høgare talemålet var i bøyingsverket. Som me såg i meldinga om disputasen til J. Stang, må det ha vore heller vanleg å støyta på trekjønnssystemet i daglegtala i 1730-åra. Hundre år etter meinte Jonas Anton Hielm at m a tre kjønn var karakteristisk for «norsk Kjøbstedtale» (Vinje 1984:224), medan P. A. Munch (1832:186) slo fast at «... det platte, aldeles pøbelagtige 'a'» vart nytta «... konseqvent hos den laveste Pøbel i de mere fordærvede Egne». Hokjønnsformer har nok til ein viss grad vore i bruk i den mest uformelle daglegtala utetter 1800-talet, men må ha vorte oppfatta som svært utstikkande og markerte former. I kapitlet om substantivbøying i Haandbog, ordlegg Knud Knudsen seg som om det er sjølvsagt at daglegtala har to og målføra tre kjønn (1856:80ff). I 1887 skreiv han at «... vår landsgyldige, 'dannede' uttale ... ikke vedkjænner sig enten tvilyderne, a'erne, eller et særskilt hunkjøn» (Vinje 1984:224). Heile hundreåret må daglegtala ha halde på /-er, -ene/ i hankjønn fleirtal (hester, hestene i staden for dansk heste, hesterne), men i høgtidsmålet var berre dei danske formene brukande (Vinje 1984:222, 226, jf Knudsen 1850:269). Fleirtalsformer av verb heldt seg i høgtidsmålet, men var ikkje i bruk i daglegtala på 1800-talet (Vinje 1984:222). /-a/ i preteritum av svake verb har vore sjeldhøyrt, om forma i det heile fanst, men daglegtala hadde norsk uttale av danske bøyingsformer, som /kastet, fisket/ for dansk /kastede, fiskede/ (Vinje 1984:226).

Syntaktisk har daglegtala i det store og heile retta seg etter målføra og ikkje etter høgtidsmålet eller skriftmålet på dei punkta det var skilnad. Det heitte t d den beste måten, midt på lyse dagen med overbestemt substantiv, båten min med etterstilt eigedomspronomen, og de tok stolene sine (dansk: deres) (Vinje 1984:226).
Mellom norsk og dansk

Som det skulle gå klårt fram ovanfor, kan talemålsvarietetane i Noreg på 1800-talet plasserast på ein skala med glidande overgangar, der dansk rikstalemål står i eine enden og mangfeldet av målføre i hin. Spørsmålet vert då kvar ein skal dra grensa mellom norsk og dansk på denne skalaen. Det spørst sjølvsagt kva kriterium ein set opp. Eit føremål med denne granskinga er nett å sjå på kvar dei ulike målpolitiske grupperingane drog grensa og kva premissar dei argumenterte ut frå.

Likevel kan det vera greitt å ha med seg nokre synspunkt frå nyare målgransking når ein går inn i emnet. Jahr (1994:35-45) har skildra den norske målstoda på 1800-talet med bakgrunn i nyare språkkontakt- og dialektkontaktforsking. Eitt av poenga hans er at det høgare talemålet som bokmålet vart normert etter frå 1907, var eit blandingsmål med mange internasjonale parallellar. Han drøftar skilnaden på ulike typar blandingsspråk og kjem til at dette talemålet ikkje var eit pidginspråk eller eit kreolspråk, men at ein derimot kan kalla det for «... eit kreoloid-språk eller for ein koiné-variant» (s.36). Eit pidginspråk er eit hjelpespråk som oppstår i møtet mellom folkegrupper med ulike morsmål, t d i handel. Eit kreolspråk har opphav i eit pidginspråk, som har vorte morsmål for ei gruppe. Eit kreoloidspråk er òg eit blandingsspråk, men har inga fortid som pidginspråk (t d afrikaans i Sør-Afrika). Med koinéspråk meiner ein fyrst og fremst blandingsvarietetar som har oppstått gjennom kontakt mellom ulike innbyrdes skjønelege dialektar, og ikkje mellom innbyrdes uskjønelege språk. Eit internasjonalt kjent døme frå Noreg, er Høyanger-målet i Sogn.25

Interessa for dialektkontakt har auka i lingvistikken, i skjeringspunktet mellom tradisjonell dialektologi og sosiolingvistikk, og den nyare disiplinen 'kreolistikk' (forsking på pidgin- og kreolspråk).26 Omgrepa 'koiné' og 'koinisering' (eng. 'koinéization') har stått sentralt i eit par arbeid av Siegel (1985) og Trudgill (1986), og med utgangspunkt i synsmåtane deira, har eg tenkt å seia litt meir om det høgare talemålet på 1800-talet ut frå perspektivet Jahr har drege opp.27 Etter ein omstendeleg omgrepsdiskusjon står Siegel att med at koinisering er ein prosess som fører til blanding av lingvistiske «subsystem». Dei kan både vera innbyrdes skjønelege varietetar og varietetar som er «genetically related superposed languages».28 Koiniseringa resulterer i eit samansett og stabilisert 'koiné-språk'. På eit tidleg stadium i prosessen skjer det ofte ei forenkling jamført med dei opphavlege varietetane. Funksjonelt fyller koinéspråket oppgåva som eit 'lingua franca' mellom talarane av dei ulike varietetane, og det kan bli morsmål for brukarane. Ein koiniseringsprosess liknar mykje på 'pidginisering' (skapinga av eit pidginspråk), men dei skil seg ved at koiniseringa er ein sein og gradvis prosess, medan pidginiseringa må skje raskt for at folk skal kunna skjøna kvarandre over språkgrenser (Siegel 1985:375-376). På den andre sida skil koiniseringa seg frå tradisjonell dialektpåverknad ved det oppstår ein ny varietet i tillegg til utgangsvarietetane, og ikkje ved at ein av desse varietetane endrar seg (s.370).

Siegel har sett opp ein modell for koinisering med fire stadium (s.373-375). Det fyrste kallar han 'the prekoine stage'. Her er det stor variasjon og inkonsistens i språkbruken, men blandinga og forenklinga har sovidt byrja. Andre steget er utviklinga av «a stabilized koine» (stabilisert). Det er no skilt ut leksikalske, fonologiske og morfologiske normer som språkbrukarane sluttar opp om. Tredje steget er «the expanded koine». Det inneber auka utbreiing og status for koinéspråket, t d gjennom at varieteten vert teken i bruk som litteraturmål og offisielt mål. No vert det gjerne større morfologisk kompleksitet og stilistiske variasjonar. Fjerde og siste steget er når det får «a nativized koine», dvs at varieteten vert fyrstespråk (morsmål) for ei gruppe. Siegel legg til at ein ikkje må sjå dei fire stega strengt kronologisk. Varieteten kan godt bli morsmål alt på prekoiné-steget.

'Koinisering' er eit nøkkelomgrep i Peter Trudgills bok om dialektkontakt (1986), og sjølv om han ikkje drøftar og avgrensar omgrepet serleg grundig, ligg definisjonen hans overlag nært Siegels. Trudgill legg stor vekt på kva type endringsprosessar som ligg bak utviklinga av nye varietetar, og han fylgjer R. Moag «... in referring to the combination of levelling and simplification as koinéization» (Trudgill 1986:106, jf òg 126). Han dreg ei skarp grense mot 'language contact' (som leier til pidginisering og kreolisering, ikkje koinisering), og det er eit vilkår at ein har med 'transplanted dialects' å gjera før ein kan tala om koinisering. Det vil seia at vanleg kontakt mellom nærskylde og tradisjonelle dialektar òg fell utanom. Men sentralt står altso utjamning og forenkling, som fører til ein reduksjon i talet på tilgjengelege former (s.107).

Det er ikkje vanskeleg å få framvoksteren av det dansk-norske rikstalemålet til å høva inn i modellane til Siegel og Trudgill. Me har å gjera med kontakt mellom det Trudgill kallar 'dialektar', og Siegels 'lingvistiske subsystem' sidan varietetane i det skandinaviske språkområdet både då og no stort sett må reknast som innbyrdes skjønelege. Rett nok hadde ein del prestar problem med målet til vestlandske sokneborn og omvendt, men i vår samanheng er det fyrst og fremst snakk om riksmålstalande danskar og vikværsktalande nordmenn. Vidare fell det danske målet i Noreg inn under Trudgills nemning 'transplantert' varietet. Dersom me jamfører framvoksteren av det dansk-norske blandingsmålet med Siegel sin firestegsmodell for koinisering, må me føra prekoiné-stadiet attende til ein gong på 1600-talet då ein del nordmenn må ha byrja å lempa daglegtala i dansk lei. Utetter 1700-talet må ein kunna byrja å tala om eit meir stabilisert koiné-mål (steg 2) der blandinga og forenklinga er meir konsekvent gjennomførd, men der det framleis er store variasjonar. Tredje steget, eit utbygt («expanded») koiné-mål,29 kan det ikkje vera tale om før midten av 1800-talet. Arbeidet til Knud Knudsen og dei dansk-norske målstrevarane var nettopp eit strev for å auka utbreiinga og statusen til daglegtala, og for å leggja dette talemålet til grunn for skriftspråks­normeringa. Nativiseringa har truleg gått etter måten seint. Larsen ser ut til å meina at born i Noreg ikkje har vakse opp med daglegtala som morsmål før sist på 1700- eller fyrst på 1800-talet. Dei har tala målføre, og «... fordanskningen av børnenes lydsystem [måtte] begynde omtrent fra nyt i hver generasjon» av di kvinnene som oppdrog borna hadde dårlegare høve til å læra seg korrekt dansk uttale (Larsen 1907:11). Larsen meiner det må ha drege i same leia at mange born i alle samfunnsklassar «... nærmest gjør sig flid for ikke at følge forældrenes opfordring til at være omhyggelig med sit talesprog» (s.25). I staden retta dei seg ofte meir etter målet til tenarar og kameratar på skulen. Han nemner òg freistnadene på å læra borna meir korrekt tale: «Det fortælles mig, at velstillede Kristiania-familier i tidlige dele av det 19de århundrede pleiet at forskrive barnepiker fra Sørlandet for børnenes sprogs skyld, vel især for de 'bløde konsonanter' – hvori det vistnok frugtet litet.» (s.27) Derimot fekk mange born skarre-r av dette tiltaket.

Dei språkleg draga i det høgare talemålet høver òg godt med Trudgills og Siegels definisjon av koinisering. På fleire punkt stod daglegtala att med eit forenkla bøyingssystem både jamført med dansk og med kristianiamålet. T d vart fleirtalsbøying av substantiv forenkla til /-er, -ene/ der både dansk og målføra ikring heldt oppe ymse skilje, som /heste – hesterne/ og /gryder – gryderne/ i dansk, og /hester – hesta/ og /gryter – grytene/ i kristianiamålet (Larsen 1907:102, 104). Eit unntak var dialektforma som /barna/ og dels /bena/ (dialektform /beina/) i nøytrum fleirtal som Amund B. Larsen (1907:30) meiner slo gjennom i daglegtala i staden for dansk /børnene, benene/.30 Det kom òg opp ein del 'hybridformer' (kompromiss­former) som er typiske for koiné-mål. Larsen (1907:24) skriv at i middelklassespråket, som han meiner har vore ein eigen varietet i dansketida, var nominativsforma /dem/ vanleg som eit kompromiss mellom dansk/høgtidsmål /di/ og målføre /døm, dom/. Seinare vakta ein seg vel for å nytta /dem/, og /di/-forma slo i staden gjennom i daglegtala både som subjektsform og oblik form (s.28). Ei anna kompromissform som slo gjennom i daglegtala, var /møe/ mellom høgtidsforma 'meget' og målføreforma /mye/ (s.29).

Svaret på om det høgare talemålet i Noreg var dansk eller norsk, vert ut frå dette eit 'både-og' – det var ein 'dansk-norsk' (eller 'norsk-dansk') koiné-varietet. Språkleg skilde han seg ut frå målføra ved å vera eit resultat av dialekttransplantasjon, men han skilde seg òg klårt frå alt talemål i Danmark.
Kor mange brukarar hadde dei ulike talemålsvarietetane?

I målstriden dukka det jamleg opp tal på kor mange som nytta dei ulike talemålsvarietetane. Knud Knudsen meinte sjølv det fanst 200.000 nordmenn med den dana daglegtala som morsmål, og dette talet nytta han fast. Han hevda dessutan at 40.000 av dei hadde fleire danske drag i talemålet sitt enn dei andre. Desse hadde meir kontakt med danskar, dei hadde større bokleg lærdom og var meir påverka av dansken enn dei andre 160.000.31

Ludvig Kr. Daa kom inn på talfestinga i målordskiftet hausten 1852.32 Han hevda at «Af Norges 1.328.000 Beboere leve 162.000 i Kjøbstæderne.33 Vi tør antage det erkjendt, at i Byerne i Almindelighed ikke tales andet Sprog end dette «fremmede» Danske, ...» Rett nok budde det ein del innflyttarar i byane, men dette vart vege opp av dei «Tusinder af Folk» som tala bymål i bygdene, so det gjekk opp i opp, meinte Daa.

Storleiken på tala er sjølvsagt heilt avhengig av kvar ein dreg grensa mellom målføre, dana daglegtale og høgtidsmål. Likevel er det klårt at både Knudsen og Daa må ha ein vid definisjon av dana daglegtale for å få dei tala dei hevda, og hjå Daa går det klårt fram at han har teke med alle som budde i byane. Likevel er talet hans lægre enn Knudsens. Tala syner både den uklåre oppfatninga av målføra i byane som rådde på 1800-talet (jf Knudsen 1926), og eit målpolitisk ynske om å gjera gruppa av daglegtalande nordmenn so stor som mogleg (sjå s.Error: Reference source not foundff). Ved utgangen av 1855 budde det knapt 1,5 mill menneske i Noreg, og 197.000 (17%) av dei i byane (Nagel 1980:267). Dersom me reknar med at helvta av dei som budde i byane tala 'dana', står me att med 50.000 personar, det vil seia vel 3% av folkesetnaden. Dette talet må òg vera for høgt sjølv om me ikkje har rekna med dei få utanom byane som hadde den dana daglegtala som morsmål.

I vår samanheng er det likevel viktigare kva deltakarane i målstriden trudde, enn kva det rette talet er, og Knudsens tal på 200.000 daglegtalebrukarar feste seg.
Målstoda som problem

Problem?

Fleire språkhistorikarar har peika på at målstoda i Noreg i 1814 ikkje var so unormal. Det fanst eit standardisert skriftmål med lang tradisjon i landet og ein litteratur i ryggen, eliten i landet nytta eit talemål med høg status som låg nært opp til dette skriftmålet og var farga av målføret i hovudstaden, og det store fleirtalet i landet nytta målføre med lokale variasjonar og låg status. Skilnaden mellom talemål og skriftmål var ikkje større i Noreg enn i Danmark, og han var mindre enn mange andre stader, t d i det tyske språkområdet og i Frankrike. I avhandlinga si om den norske målstriden har Bleken (1966:33-34) streka under at språkleg skilde ikkje Noreg seg ut frå «... relativt uproblematiske vesteuropeiske sprogsamfunn, vi kunne kalle dem normalstater: Danmark, Sverige, England.» Han presiserer at eit slikt perspektiv krev at ein ser bort frå utanomspråklege tilhøve som «... det 19. århundredes nasjonal-historiske sprogideologi». Dette synspunktet er teke opp og understreka endå klårare av ein ny generasjon språkhistorikarar, som målpolitisk står langt frå riksmålsmannen Bleken. Jahr hevdar at «... språksituasjonen i Noreg var «normal» – og at han aldri seinare har vori meir «normal» enn i 1814 og tida like etter.»34

Serleg viktig er dette poenget av di den vesle fråstanden og glidande overgangen mellom måla gjorde det mogleg å setja opp mellomløysingar og hala og dra i omgrepa 'norsk' og 'dansk'. Det var råd å hevda at det høgare talemålet i Noreg var norsk, men det har aldri vore like lett å påstå at finlandssvensk er 'finsk', eller at det engelske målet i Irland er 'irsk'. Det gav seg utslag både i Knudsens ide om gradvis å normera det innførde skriftmålet over på heimleg grunn, og samnorskpolitikken som tok sikte på å normera i hop to skrifttradisjonar.

Likevel oppfatta mange nok målstoda som so unormal at dei fekk i gang ein målstrid som enno varar ved. Problemet låg på to plan. Det eine var det ideologiske – nasjonen Noreg hadde ikkje noko sereige skriftmål som prova at me var ein nasjon. Det andre planet bør ein heller ikkje gløyma: Sjølv om fråstanden mellom folkemålet og skriftmålet/det høgare talemålet ikkje var større enn i mange andre land, var han likevel problematisk. Norsk skulesoge er full av vitnemål om vanskane som fråstanden mellom tale og skrift skapte, både i lese- og skriveopplæringa. Motivasjonen hjå mange av embetsmennene som laga målføreordlister på 1700-talet, var å kommunisera betre med ålmugen. Eit prestemøte i Kristiania so seint som i 1856 meinte «Skolevæsenets Forbedring» var «en Nødvendighed» slik at


... Almuen lærte vort Bogsprog bedre at kjende end hidtil var skeet. Det er sørgeligt at tænke paa, at Hovedindholdet i Prædikenen ofte gaar aldeles tabt paa Grund af Ubekjendtskab til Prædikantens Sprog, om denne ogsaa afholder sig ganske fra Ord, som vel ere de almindeligste i den dannede Tale, men som ere Almuen ganske ubekjendte.35
Problemet vart meir og meir påtrengjande di større delar av folket ein freista integrera i skriftkulturen, og både for Aasen, Knudsen og mange andre framståande personar i målstriden på 1800-talet, var eit sentralt tildriv bak engasjementet nett ynsket om å gjera skriftkulturen meir tilgjengeleg for ålmugen. Dette var heller ikkje noko sereige for Noreg. Målstoda var problematisk i mange andre «normale» land òg. Ein grunn var at talemålet hadde endra seg mykje etter at dei sokalla kulturspråka var ferdig normerte nokre hundreår før. Ein annan grunn var at desse språka var stinne av inkonsekvensar sidan det stod dårleg til med den målvitskaplege innsikta då dei vart normerte. Det galdt ikkje minst Danmark der det var eit stort rettskrivingsstrev frå siste helvta av 1700-talet og frametter.
1814, romantikken og det norske språkproblemet

Den ideologiske sida av problemet vart akutt etter statsskipinga i 1814, og det er snautt for sterkt å kalla det ein språk- og kulturpolitisk krisetilstand. Statsskipinga vart legitimert med at Noreg var ein eigen nasjon og difor hadde krav på ein eigen stat, men det vart snart eit problem for nordmennene at dei ikkje hadde eit eige språk å syna til. Dette var ikkje lett å feia under teppet kring 1814, og det var skrale vilkår for eit nasjonalitetssyn som la lita vekt på språk. Bakgrunnen var gjennombrotet for romantikken.

Romantikken var ein reaksjon på rasjonalismen frå opplysningstida, og fylgja vart eit oppgjer med den vestlege språkfilosofiske tradisjonen frå Aristoteles til 1700-talet. Før hadde tilhøvet mellom språk og tanke vore lite problematisert. Ein såg føre seg eit tett tilhøve, men hierarkisk ordna slik at tanken var det primære og språket eit uttrykk for tanken. Sidan mennesket var ein rasjonell skapnad, vart studiet av språk nært knytt til logikken. Ord svara til omgrep, og setningar til logiske utsegner. Språka vart då berre ulike uttrykk for det same universelle logiske systemet, og ein meinte difor alle språk var like i botn. Dette førde til dei sokalla universalgrammatikkane (ålmenngrammatikkane) (Fossestøl 1987:9-10).

På 1700-talet vart tilhøvet problematisert, og ein fekk augo opp for at språket òg kunne verka styrande inn på tanken. Eit av dei viktigaste programskrifta for det nye språksynet, var Abhandlung über den Ursprung der Sprache (1772) av Johan Gottfried Herder (1744-1803), og innanfor målvitskapen vart det serleg vidareutvikla av Wilhelm von Humboldt (1767-1835). Romantikarane meinte at språk og tanke hadde utvikla seg under gjensidig påverknad. Språka var difor ikkje berre ulike uttrykk den same universelle tankeverda, men uttrykk for kvar sin unike folkekarakter eller folkeånd («Volksgeist»). Kvar nasjonalitet hadde sine eigne psykologiske serdrag som var forma av klima, natur, stad og historie. Dei kom fram gjennom kunst, kultur og litteratur, serleg folkekultur og litteratur, og aller klårast gjennom språket. Det var difor berre råd å skildra og skjøna tankelivet, kunsten og litteraturen åt eit folk gjennom deira eige språk (Robins 1991:166-168).

Herder var fyrst og fremst kulturfilosof og ein overgangsfigur mellom rasjonalismen og romantikken, og læra hans vart vidareførd og politisert av andre tyske romantikarar. Sentralt stod Johann Gottlieb Fichte (1762-1814) med Tale til den tyske nasjon (1807/08), som nytta ideen om språket som lim i kulturnasjonen i forsvaret mot Napoleon (jf Waage 1993:192).

Med utgangspunkt i det romantiske kultursynet innleidde vitskapsmenn, kunstnarar og andre intellektuelle ei jakt på folkeånda og det 'eigenleg' nasjonale som kom til å vara ut 1800-talet og vel so det. Det vart samla inn folkeviser, eventyr, segner, ordtøke og anna tradisjonsstoff, lingvistane flytte merksemda frå latin og til folkemåla og nasjonalmåla, og i det høgare kulturlivet vart det ei hovudsak å tolka folkeånda.

Den tyske romantikken fekk fotfeste i Danmark-Noreg med førelesingane til Henrich Steffens i København (1802). Tankane kom klårt fram i fleire skrifter i åra som fylgde. Ei utbreidd bok som fekk mykje å seia i Noreg, var Tanker om Nationalopdragelsen (1808) av professor Laurids Engelstoft. Her kunne ein lesa at «Med Sproget falder Nationen, naar den ... afklæder sig den Character og den Originalitet som beroer paa Modersmaalets Vedligehold­else og Ære.» I 1815 skreiv språkmannen Christian Molbech sameleis at «Sproget, som det almindeligste, det sterkeste Organ for et Folks eiendommelige Væsen, maa agtes og hævdes som Borgen og Repræsentant for dets nationale Selvstændighed.»36 I 1830-åra skreiv ein annan dansk lingvist, Niels Mathias Petersen:
I Sproget træder Nationaliteten frem. – Naar I kunne tilintetgjøre Sproget, have I tilintetgjort Folket, og saa længe det sidste Minde af Sproget endnu er tilbage, kan Folket reise sig, hvor dybt det end er sunket ... Folk og Sprog ere saa inderligt forbundne, at det ene bestaar, omskiftes og forgaar med det andet ... Med enhver ny Sprogudvikling begynder en ny Tilværelse.37
I Noreg slo nasjonalromantikken gjennom for alvor kring 1840. Jørgen Moes Samling af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter (1840) innleidde ei lang rad folkeminne­utgjevingar som hadde «... et mer dyptgående og gjennomreflektert uttrykk for nasjonalitetsidéen i norsk folkediktning» (Hodne 1994:12). Nasjonalromantikken kom til å stå sentralt i kulturforståinga til den nye generasjonen som overtok leiarrolla i det norske intellektuelle livet i 1840-åra.38

Etter 1814 var sambandet mellom språk og nasjonalitet noko ein ikkje kunne sjå bort frå. Utvegen for norske styresmakter vart i fyrste omgang å freista løysa problemet ved å påstå at skriftmålet var norsk og at her difor ikkje var noko språkproblem. At dette var ei viktig sak, kjem fram av at eit so framståande organ som Det akademiske Kollegium i 1815 såg seg nøydd til å senda ei fråsegn til Stortinget. Kollegiet greidde ut om den historiske bakgrunnen for språktilhøva og konkluderte med at «... det fælleds Sprog er ligesaavel Norges som Danmarks Eiendom ... Det er en Udvikling af vore Forfædres Tungemaal, og Holberg, Wessel, Tullin, Nordahl Brun, Treschow og flere med dem have erhvervet os fuldeste Ret til at kalde dette Sprog ogsaa i dets nyere Form vort.»39 Her fanst med andre ord ikkje noko språkproblem. Seinare vart dette synet utdjupa av fleire nordmenn, og serleg av jusprofessor Henrik Steenbuch (1774-1839). I ei artikkelrekkje i Morgenbladet i 1828 og i eit større skrift i 1834 argumenterte han språkhistorisk for at skriftmålet og det høgare talemålet i Noreg var norsk, og jamvel meir norsk enn dansk (jf Indrebø 1951:359). Frå danskane kom tunge og til dels patosfylte innlegg frå menn som Molbech, Rask og Grundtvig som gjorde det klårt at målet var dansk og inkje anna.

Trass protestane sigra 'norsk' som nemning på skriftmålet og vart vanleg i offentleg målbruk frå 1830-åra (Skard 1980:7).


Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin