Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865


Knud Knudsen – ideologisk og teoretisk



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə5/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   33

4. Knud Knudsen – ideologisk og teoretisk

grunnlag
Ortofoni og nasjonalisme før Knudsen

Både Ludvig Kr. Daa, Maurits Hansen og dei andre ortofonistane rekna med at skriftmåla i Noreg og Danmark ville skilja lag etter Danmark og Noreg vart skilde politisk. Daa rekna med at det norske målet var «ugjenkaldelig tabt», men han rekna i 1835 òg med at «Norges gjenvundne Selvstændighed, formedelst Fornødenheden for et Folk at afpræge sin Eiendommelighed i et eget Sprog, sikkert [ville] frembringe Dannelsen af et noget fra det Danske forskjelligt Skriftsprog».47 I føreordet til den ortofone 5. utgåva av grammatikken (1837) skreiv Hansen:


Det Sprog, der tales av det norske Folk, kaldes naturligt det norske Sprog. Det er for Tiden det samme, som det danske, skjønt allerede enkelte Afvigelser, hvorved Skriftsproget har rettet sig mere efter det norske Talesprog, antyder, at der lidt efter lidt vil blive Forskjel paa Norges og Danmarks Tungemaal. (sitert etter Seip 1968:52)
Sitatet får klårt fram spriket i den språklege nasjonalitetsoppfatninga som ein finn hjå dei dansk-norske målstrevarane etter 1848. På den eine sida rekna ein skriftmålet og det høgare talemålet som 'norsk' – på den andre sida kunne dette målet bli norskare.

Daa og Hansen var målstrevarar, men ikkje språknasjonalistar. Utskiljinga av eit norsk skriftmål var noko ein måtte godta dersom ein tok det ortofone rettskrivingsprinsippet på alvor, men det var ikkje eit overordna mål for språkpolitikken. Til liks med Rask og dei andre danske ortofonistane såg dei tvert om den dansk-norske språkfellesskapen som ein føremon. I 1815 åtvara Rask både Grundtvig og nordmennene mot å ta opp ålmugeord og landskapsord av di det «... under nærværende Forhold...» berre ville tena til «... at adskille begge Folks Sprog, hvilket vilde være den største Daarlighed i Litteraturen paa begge sider, som kan optænkes» (her etter Seip 1914:24). Han framheva fleire gonger at skriftmålet var utvikla av nordmenn og danskar i fellesskap, og i 1817 skreiv han jamvel at det «... fælleds Sprog maaskje er uddannet ligesaa meget ved Nordmænd, som ved indfødte Danske» (Seip 1914:32). Likevel ville han ikkje ha noko av at nordmennene kalla skriftmålet 'norsk'. I striden om namnet på målet på 1820-talet, meinte han at dersom nordmennene verkeleg ville ha eit norsk mål, måtte dei bryta språkfellesskapen med Danmark. «Dog derpå kan vel næppe nogen klog Nordmand tænke for Alvår.»48

Likevel var likskapane med læremeisteren større enn skilnadene. For nordmennene, som for Rask, var rettskrivingsspørsmålet fyrst og fremst eit praktisk spørsmål. Ortofonien skulle gjera det lettare for alle å skriva, og i ein skandinavisk samanheng skulle han gjera det lettare for alle i Norden å lesa grannespråket. Dersom skriftmåla både i Sverige, Danmark og Noreg vart meir i samsvar med det dana talemålet i dei tre landa, ville ein del uturvande skilnader mellom dei to (på lengre sikt tre) skriftmåla forsvinna (Sanness 1959:411). For Daa var skandinavismen overordna som språkpolitisk ideologi, og han vart sterkare og sterkare i den skandinavistiske trua si frå slutten av 1830-åra og frametter. For norske språkskandinavistar var det likevel ikkje ein like stor motsetnad mellom nasjonalisme og skandinavisme som for danskane. Daa ville at det norske skulle koma til full rett og ikkje drukna i det danske og det svenske, og det var difor eit innslag av norsk nasjonal sjølvhevding i skandinavismen hans. Han helsa difor utskiljinga av eit norsk skriftmål velkomen, men han ville ikkje skunda på ei slik utvikling.

Ein må difor seia at 1830-generasjonen av norske ortofonistar hadde eit noko tvitydig tilhøve til nasjonalismen og at arbeidet deira ikkje kan reknast som språknasjonalisme.49 Ei meir systematisk og vidtgåande kopling mellom ortofoni og nasjonalisme kom ikkje før omkring 1850. Nygaard (1945:22) har presist oppsummert at «Den som for alvor forenet de to linjene i norsk målstrev – fornorsking og ortofoni – var overlærer Knud Knudsen.»


Idegrunnlaget til Knud Kndusen

Innleiing

Knud Knudsen (1812-1895) er utan tvil den personen som har hatt mest å seia for utviklinga innanfor det norsk-danske skriftmålet i Noreg, og utanom Ivar Aasen er det vel ingen som har hatt større innverknad på norsk målsoge i det heile.

Ut frå dette må ein kunna seia at Knud Knudsen har vorte vigd påfallande lita merksemd, interesse og forsking, serleg dersom ein jamfører med Aasen. Til no er det berre publisert tre større forskingsarbeid om Knudsen. To av dei gjeld Knud Knudsen som språkmann – hovudoppgåvene til Bleken (om Knud Knudsens grammatiske arbeid, Bleken 1956) og Berg (om Knudsen og teatermålet, Berg 1977). Det tredje arbeidet er Knud Knudsen og latinskolen av skulehistorikaren Helge Dahl (1962), som òg går ein del inn på den målpolitiske verksemda til Knudsen (serleg s.34-70). Trygve Knudsen skriv dessutan om Knudsen i boka si om P. A. Munch (Knudsen 1923). Eit samla oversyn over Knudsen som språkplanleggjar og -politikar finst likevel enno ikkje.50 Det er sparsamt med artikkelstoff, og ingen av bøkene eller artiklane til Knudsen er prenta opp att i dette hundreåret.51

Den største skilnaden mellom Aasen og Knudsen kjem likevel til syne i den utanom­faglege interessa. I 1995 var det 100 år sidan Knudsen døydde, og bortsett frå nokre spreidde artiklar, var det stille i 'Knudsen-året'. I år (1996) vil derimot 100-årsminnet etter Aasen bli markert med ei rad bokutgjevingar og tilstellingar, og 'Aasen-året' har eit millionbudsjett til rådvelde, med Kulturdepartementet som den viktigaste tilskotsytaren. Skilnaden er skjøneleg nok. Aasen har vore, og er, Helten i ei brei og stor kulturrørsle med sterke band til dei norskfaglege miljøa. Knudsen har vore mindre heldig med etterkomarane, om ein kan seia det slik. Riksmålsrørsla har vore meir glad i forfattarar enn i språkplanleggjarar og vitskapsfolk, og som Bleken har synt, har riksmålsfolk òg hatt målpolitiske kvaler med å trykkja Knudsen til brystet av di han var «... en svoren fiende av fri sprogutvikling» (Bleken 1966:68-70).

Knudsen voks opp på ein husmannsplass i Holt ved Tvedestrand og hadde soleis ein uvanleg sosial bakgrunn til akademikar å vera. Far hans, Knud Reiersen, var omgangsskule­lærar, og den bokglade sonen vart hjelpelærar for faren alt i niårsalderen. Dei fylgjande åra var han dels lærar (huslærar frå 1824 og seinare omgangsskulelærar) og dels elev. Skuelærarprøva tok han i Risør i 1830, og etter å ha skrapa saman pengar frå velviljuge gjevarar, m a Jacob Aall, vart han økonomisk i stand til å ta examen artium ved Kristiania Katedralskole som 21-åring i 1833. Han byrja deretter på Universitetet og livnærde seg som lærar til han vart cand.philol. med laud i 1840. Same året vart han adjunkt ved latinskulen i Drammen, og i 1846 kom han attende til hovudstaden og Kristiania Katedralskole, fyrst som adjunkt, og frå 1852 som overlærar, ei stilling han hadde til han gjekk av i 1880.52

Knudsen levde eit liv i strid, og Dahl (1962:147) strekar under alvoret med å hevda at «Det er vel bare Bjørnson som i norsk åndsliv har vært utsatt for hardere personforfølgelse enn han». Han er best hugsa for målstrevet, men han kjempa òg ein livslang skulepolitisk kamp mot latinfaget og for ei styrkt morsmålsundervisning. Her skaffa han seg vel so mange fiendar som i målstriden. Krossferda hans mot latinen og den nyhumanistiske formaldaninga vart innleidd i 1846,53 og den endelege sigeren kom 50 år seinare, året etter at Knudsen døydde, då den nye skulelova vart siste spikeren i kista til latingymnaset (Dahl 1962:129). Den andre hovuddelen av arbeidet hans var målstrevet, som ein må sjå som ein del av skulereformarbeidet. Heile det målvitskaplege og målpolitiske arbeidet hans hadde utgangspunkt i røynslene frå skulekvardagen, og for Knudsen sjølv var nok dei pedagogiske omsyna heile tida sterkaste drivkrafta i målstrevet – han ville ha eit språk som var lettare å læra for alle lag av folket.

Knudsen var ein sers effektiv språk- og skulepolitikar. Han gav ut ei rad store og små bøker om språk- og skulespørsmål, og han skreiv eit utal tidsskrift- og serleg avisartiklar. Det som fyrst og fremst skilde han ut frå både motstandarar og meiningsfellar, var den uvanlege krafta og aggressiviteten i polemikken, kombinert med eit usliteleg pågangsmot. Meir enn nokon annan nådde han ut til eit stort publikum med synspunkta sine, serleg gjennom pressa. Motstandarane ergra seg stadig over «den Knudsenske Methode» i ordskiftet, som gjekk ut på å «... føre fram argumenter og beviser og så stive disse opp med sitater fra autoritetene og referater av deres synsmåter». Han var ikkje nøye med kjeldene, og sitata var ofte «... revet ut av sammenhengen og derfor ikke vitenskapelig holdbare. ... Kombinert med gjentagelsens kunst ble metoden svært effektiv».54 På eit forunderleg vis kombinerte han dette med alliansebygging og eit program om å gå fram varsamt og steg for steg både i skule- og språkreformarbeidet. Han skaffa seg viktige støttespelarar, for skulepolitikken m a i Kyrkjedepartementet (jf Dahl 1962:80), og for målpolitikken gjennom organisasjonar og føretak som Sprogforeningen i Studentersamfundet (1852), Selskabet til Folkeoplysningens Fremme og bladet Folkevennen (frå 1851/52), Den norske dramatiske Skoles Theater (språkkonsulent 1852-62), og tidsskriftet Den norske Folkeskole (1852-56) som han gav ut saman med Ole Vig.

Målstrevet til Knud Knudsen strekte seg over eit halvt hundreår og mange arbeidsfelt. Mest kjent er arbeidet hans for ei norskare og meir talemålsnær rettskriving og framfor alt for dei «harde» konsonantane (p, t, k). Ein del av rettskrivingsarbeidet var arbeidet hans for latinsk skrift. Dei siste 25-30 åra kasta han seg for alvor ut i kampen mot framandorda, og det har gjeve han plassen som den fremste puristen i norsk målsoge. Han la dessutan ned eit stort arbeid for at den dana daglegtala skulle bli ålment godteken som norm for det høgare talemålet i staden for det sterkt danskprega høgtidsmålet. Den viktigaste delen av dette arbeidet fall innanfor teatret i 1850- og 60-åra. I striden for morsmålsfaget arbeidde han både for at det skulle få den sentrale plassen i skulen, og for at det skulle leggjast større vekt på rettskriving, norrønt, svensk og norsk stil.

Det har vore ein ålmenn dom at Knudsen aldri var nokon stor målvitskapsmann.55 Dette kom nok både av at dei systematiske og logiske evnene ikkje nådde heilt opp til den målpolitiske viljen, og av arbeidssituasjonen. Knudsen var i fullt arbeid som lærar heilt til han gjekk av som 68-åring i 1880, og i motsetnad til Aasen kunne han difor driva med målgransking berre på fritida. På denne bakgrunnen kan ein ikkje anna enn ovundra den utrulege arbeidsinnsatsen Knudsen la i målstrevet over eit halvt hundreår.

Eg vil her berre koma inn på ein liten del av arbeidet til Knudsen. Den skarpaste avgrensinga er tida. Knudsen var aktiv i målstriden heilt fram til han døydde i 1895, medan eg stoggar ved midten av 1860-åra, det vil seia dei fyrste 15-20 åra av den målpolitisk aktive tida hans. Sjølv om det er stort samsvar mellom strevet til den tidlege og den seine Knudsen, vil framstillinga mi difor ikkje gå inn på det store leksikalske arbeidet som Knudsen fyrst tok fatt på for alvor i 1870-åra. Framstillinga mi fangar heller ikkje opp den målpolitiske radikaliseringa Knudsen gjekk gjennom (Torp/Vikør 1993:197). På den andre sida har det vore litt for vanleg å sjå den tidlege Knudsen i lys av den seine Knudsen. Føremålet mitt er å sjå arbeidet til den tidlege Knudsen ut frå dei omgjevnadene det gjekk inn i midt på 1800-talet, og ikkje ut frå det han seinare føretok seg.

Føremålet med den neste bolken er å skildra det målpolitiske idegrunnlaget til Knud Knudsen. Grunnlaget for framstillinga er hovudsakleg dei to fyrste målpolitiske arbeida hans, debutartikkelen «Om Lydene, Lydtegnene og Retskrivningen i det norske Sprog» (1845) og «Om Norskhed i vor Tale og Skrift» (1850).56 Dei var båe to programartiklar, dei er godt fagleg underbygde, og dei er skrivne før Knudsen heiv seg inn i målstriden. Saman gjev dei dessutan eit representativt bilete av språktenkinga til den tidlege Knudsen, og dei fangar opp ei viktig endring i tenkinga hans om 'det nasjonale'.
Knudsen og ortofonien

Den sterke Rask-inspirasjonen skin tydeleg gjennom alt i tittelen på debutartikkelen hans: «Om Lydene, Lydtegnene og Retskrivningen i det norske Sprog». Tilvisingane i artikkelen seier òg sitt om kvar han har henta inspirasjonen – dei aller fleste gjeld Maurits Hansens grammatikk frå 1837 og Rask 1826 (sjå ovanfor s.Error: Reference source not foundff). I åra frå 1832 til 1840 var Knud Knudsen student og heldt seg for det meste i Kristiania. Ingen spor viser at han aktiv i studentlivet i desse åra, men han kan ikkje ha unngått å få med seg målstriden mellom 'troppen' og 'patriotane' frå 1832, og rettskrivingsstriden i 1837/38. L. Kr. Daa og Rask var dei to som forma språksynet hans sterkast dei fyrste åra. Han kjende Daa personleg (Dahl 1962:46, Knudsen 1937:131-136), og Knudsen har sjølv opplyst at det var skriftene til Rasmus Rask som fekk han til å ta opp arbeidet mot framandord og for latinsk skrift og ei ortofon rettskriving. I 1841 las han dei samla avhandlingane til Rask i Drammen (Dahl 1962:55, Knudsen 1937:149, 185-186).

Artikkelen frå 1845 er på 84 sider og har tre hovudbolkar, om vokalane (28 s.), konsonantane («Medlydene» – 47 s.) og ei oppsummering (9 s.). Som forgjengarane er Knudsen einast oppteken av av korleis lydverket i talemålet er attgjeve i skriftmålet, og han går ikkje inn på bøyingsverk og setningsbygnad. Den seinare so aktive puristen Knudsen er heller ikkje innom ordtilfanget anna enn i nokre stutte setningar. Føreloga til Knudsen er heile vegen å syna fram, forklåra grunnane til og polemisera mot det vantande samsvaret mellom «Lydene» i den dana daglegtala og «Lydtegnene» i skriftmålet. Med dette for auga går han gjennom vokal for vokal og konsonant for konsonant. Vurderingane er heller einsidig tufta på eit strengt gjennomført motsetnadspar 'ortofon : etymologisk', der det etymologiske rettskrivingsprinsippet står for noko eintydig negativt, medan det ortofone prinsippet er redninga for rettskrivinga. Dette kjem serleg til syne i mange små polemiske merknader, t d: «Skal man endelig følge den Regel, at forkaste ved Skrivningen den sædvanlige Udtale for den gamle, saa bliver det vel conseqvent at fremtrække som endnu bedre en Udtale, som er ældre end denne gamle lige til vi faae Islandske tilbage; længer kunne vi da ikke komme.» (Knudsen 1845:42-43)

Knudsen er mest ute etter å gjera veikskapane i rettskrivinga synlege, men han nemner òg nokre endringar han kunne tenkja seg: «Hvorfor nu ikke lægge, lakt, ... hvorfor ikke Gaard, Jærde, Gaas, Jæs, Skam, be-skjæmme; hvorfor ikke reent bortkaste overflødige bokstaver: Jøre, jort, Jærning; spørre, spurte, spurt, Spørgsmaal.» (s.120) Han meiner at «De Medlydsovergange, som især maae komme i Betragtning», er slike som 'g-/k- > j-/kj-' (framfor høge vokalar) og 'b, d, g > p, t, k' (s.121). Alt her var han soleis inne på det som vart den ortofone merkesaka hans seinare i livet – dei 'harde' konsonantane. Nokre sider tidlegare er han inne på korleis endringane kunne gjennomførast. Det fyrste steget måtte vera endringar der det ikkje fanst dobbeltformer å velja mellom i talemålet. Dette ville vera ei vinning i seg sjølv, for «... er det da ikke bedre at have blot to Inconseqvenser end at have 100?» (s.116). Dei tilfella som vart att, fekk ein heller fastleggja «... ved Overenskomst»: «Dette kunde skee derved, at der dannedes en Forening af Sprogforskere, alene eller i Forbindelse med andre Videnskabsmænd, der drøftede denne Sag og gav Resultatet et Slags Bekræftelse ved sin Autoritet.» (s.116) Dersom det vart skipa slike foreiningar i Danmark og Sverige òg, meinte Knudsen ein kunne ta opp L. Kr. Daas gamle idé og få i stand eit møte med representantar frå dei skandinaviske landa og avtala «... fælles Tegn for fælles Lyd». Denne tanken vart som kjent sett ut i livet i 1869 etter opptak frå Daa. Knudsen gjekk likevel mot tanken om eit skandinavisk fellesspråk (s.117).

I den metodiske tilnærminga var Knudsen ikkje serleg nytenkjande dersom ein jamfører han med Rask, Daa og Hansen. Som forgjengarane konsentrerte han seg om lydverket, og han la eit ortofont prinsipp til grunn for vurderingane. Derimot skil han seg noko ut gjennom den sterke vektlegginga av dei demokratiske og pedagogiske argumenta for ortofonien. For t d Rask var omsynet til indre konsekvens i skriftmålet i større mon eit mål i seg sjølv og lekk i ein mindre konkret framstegstanke (sjå Rask 1826:5-16). Knudsen går ut frå den sterke moderniseringa som samfunnet går gjennom og som gjorde at breiare lag av folket hadde bruk for skrivedugleik. Ei meir ortofon rettskriving ville då gjera terskelen til skriftkulturen lægre:
Da nu hermed det dannede Skriftsprog og Talesproget komme til at afvige fra hinanden, bliver det den mindre Dannede utilbørlig vanskeliggjort at tilegne sig et mere dannet Talesprog, forsaavidt han ikke har Anledning til at lære dette ved Omgang, men maa søge et Surrogat for denne i Bøger; thi disse angive en Udtale, hvis Anvendelse i Talesproget hvert Øieblik vil udsætte ham for Latter. ... Under vore frie Forholde kan imidlertid enhver faae Brug ogsaa for en temmelig Grad af Skrivedygtighed; Bonden, Sømanden, Haandværkeren kan let faae et Tillidshverv, hvorved Brug af Pennen er nødvendig. ... Vor Retskrivning indskrænker altsaa rigtig Udtale, Læsning, og hvad der er endnu slemmere, rigtig Skrivning til en langt mindre Kreds, end den, hvori disse Ting kunde og derfor burde være bekjendte; ... (Knudsen 1845:43-44)
Same staden skriv han at dette kan vera lett å gløyma for mange som alt har tileigna seg skrivekunsten, men «... den, som daglig underviser i dette Fag, har ikke let for at glemme» det. Her er røynslene til læraren og pedagogen som kjem fram – eit omsyn som gjennomsyrer heile artikkelen. I ein større samanheng er dette knytt til ein framstegs- og moderniserings­tanke.

Biletet av pedagogen Knudsen skulle vera velkjent frå den språkhistoriske litteraturen. Det er likevel ei side ved sitatet ovanfor som fortener litt meir merksemd. Sjølv om Knudsen, til liks med dei andre ortofonistane rekna talemålet som primært og skriftmålet som sekundært, såg han ikkje føre seg eit enkelt einvegstilhøve mellom tale og skrift. Det pedagogiske argumentet for ei ortofon rettskriving går både ut på at ho vil gjera det lettare for ålmugen å skriva, og at ho vil gjera det lettare for ålmugen å tileigna seg det dana talemålet frå skriftbiletet. Dei «udannede» har ikkje høve til å læra seg det dana talemålet ved vanleg omgang som dei «dannede» kan gjera, og difor er dei avhengige av skrifta. Når det er stor fråstand mellom det dana talemålet og skrifta, vert det vanskelegare å læra seg dette talemålet, og fylgja vert eit kunstig og låtteleg talemål (klokkardansk), meinte Knudsen. Ein føresetnad for at skriftmålet kunne bli eit korrektiv for talemålet, var difor at skriftmålet retta seg meir etter talemålet:


Det kunde vistnok være godt, i Bogen at have et Correctiv mod falsk Udtale, den komme nu af Uvidenhed eller Skjødesløshed. Men denne Nytte kan Skriften ikke yde, som den nu er. Først naar man faaer reguleret Retskrivningen efter den almindeligste Udtale af Ordene i de dannedes Mund, kan Bogen som Autoritet faae sand Betydning. (s.73)
Dette var fyrste gongen Knudsen formulerte det vidgjetne prinsippet om å leggja den dana daglegtala til grunn, og sjølv om delar av dette sitatet går att i ei lang rad omtaler av Knud Knudsen,57 har eg ikkje funne ein einaste stad der det er nemnt kva samanheng desse orda går inn i, nemleg eit ynske om at skrifta skal vera «... et Correctiv mod falsk Udtale». Her skil Knudsen seg korkje frå tradisjonalistane i «Troppen», dei tidlegare ortofonistane eller Wergeland, som i 1839 slo fast at «Ingen vil lære at skrive rigtigt, som ikke taler rigtigt, d. e. Bogsproget, saaledes som dette udtales af dannede Mennesker, og som er forskjelligt fra Folkesproget i Udtalen.» (her etter Seip 1968:56) Det same synspunktet tok Knudsen opp i 1850-artikkelen, og der gjorde han eit stort poeng av at det vantande samsvaret mellom skrift og tale var årsaka til skuldinga frå m a danskar om at seminaristar og andre frå ålmugen gjorde seg «... latterlige ved at tale stivt efter Bogen ligesom en Udlænding» (Knudsen 1850:216). Han hevda òg at det var ei oppgåve for vitskapen å «... hæve Udtalen i de Dannedes Sprog op over den individuelle Udtales Ustøhed og Vilkaarlighed». Dette skulle skje ved at vitskapen samanlikna dei ulike uttalene av kvart ord og gjorde historiske og etymologiske granskingar, og på dette grunnlaget avgjorde den rette uttala (s.215). Endå klårare formulert han det i 1856:
Skal vor Retskrivning bli istand til at lære Læseren den rette Udtale, da maa den først forandres og bringes i nøje Overensstemmelse med den Udtale, som kyndige Folk er erklæret for den bedste. Sker dette, da vil f Eks. Almuen, som til daglig Brug ikke anvender Lands- eller Skriftsproget, men en Blanding af dette og et eller andet Bygdemaal, opnaa den store Fordel at kunne tilegne sig Landssprogets Udtale, idetmindste temmelig nøje, af Bogen. (Knudsen 1856:444, jf òg 452)
Med andre ord: Ortofonien skulle vera eit middel for å spreia skrift- og talemålet til dei dana ut til breiare lag av folket, ut frå ein tanke om at både ålmugen og nasjonen som heilskap tente på det.

Sjølv om Knudsen ikkje var serleg metodisk nytenkjande i ortofonien sin, skil han seg frå Rask, Hansen og Daa i valet av normeringsgrunnlag og i den fylgjestrenge gjennomføringa av det ortofone prinsippet. Knudsen ville leggja den dana daglegtala og ikkje målføra eller det skriftrette høgtidsmålet til grunn, og der skilde han seg (iallfall i praksis) frå for­gjengarane. I neste bolk vil eg gå nærare inn på korleis Knudsen argumenterte for dette valet. Her vil eg berre nemna at Knudsen i 1845-artikkelen på nokre punkt var temmeleg ram i kritikken av serleg Maurits Hansen. Med tydeleg ironisk snert omtala han forgjengarane som «Orthophonisterne», og han kritiserte dei for at dei ikkje har drege dei fulle konsekvensane av det ortofone prinsippet:


Hansen synes at ville gjælde for Orthophonist (om dette Prædicat er godt eller ondt, kan her være ligemeget), men han ræsonnerer og forklarer bort den største Deel af Uovereensstemmelsen mellem Udtalen og den bestaaende Retskrivning. ... Orthophonisterne følge vel det Princip, at gjøre Udtalen gjældende i Retskrivningen, men kun der, hvor den allerede er gjældende; hvor derimod Udtalen strider mod noget andet Princip, saasom Hensyn til Rodslægtskab, eller mod gammel Tankeløshed, som kaldes Vedtægt, bør det første og vigtigste Princip vige for de andre.» (s.80-81)
Ei konkret innvending mot Hansen, er at Hansen innrømmer at ein seier /mei/ og ikkje /mig/, anna enn i det «rhetoriske Foredrag», men likevel går mot å endra på skriftforma mig:
Altsaa, for ikke at blive nødt til at forandre Retskrivningen efter Udtalen, statuerer han en Udtale, som kun bruges een Dag af syv af een Mand blandt tusinde, og som alene grunder sig paa den Retskrivning, hvis Utilforladelighed selve Undersøgelsen forudsætter, som den rigtige, og saa falder det da af sig selv, at Intet rokkes. Ønsker man at beholde status qvo, saa kan man jo sige dette ligefrem, og ikke bringe Orthophonien, som dog maaskee kunde have meget for sig, i Miscredit hos Almeenheden ved et holdningsløst, næsten ironisk Forsvar for den. (Knudsen 1845:82-83)
Her må det leggjast til at kritikken av forgjengarane kjem i eit noko merkeleg lys vel 40 sider seinare når Knudsen kritiserer dei for å ha gått for fort fram: «Dog, Veien er endnu ikke banet for Orthophonien; dens Venner have udentvivl endog skadet den ved altfor stor Kjærlighed: Alt skulde omstøbes paa een Gang.» (s.115-116) Dette spelar ikkje noka stor rolle i denne samanhengen, men det stadfester det ålmenne inntrykket av at Knudsen ikkje alltid var like klår og konsekvent i argumentasjon og tankegang.
Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin