Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə13/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   ...   9   10   11   12   13   14   15   16   ...   33

Målstriden 1855-57

Målstriden i 1852/53 hadde ført til ei skarp polarisering og skapt klårare liner i det rotete målpolitiske landskapet. På eine sida stod målstrevarar av alle slag, med Knudsen i brodden, og på hi sida tradisjonalistane. Gamle konstellasjonar hadde gått i oppløysing, og nye vart skipa. Den norskdomsvenlege stemninga i dei sentrale kulturmiljøa vart borte etter at det uforpliktande ynsket om oppnorsking av språket vart omsett i praksis med nye teater og skrifter med eit oppnorska dansk. Mange av dei i studentmiljøet som hadde slutta seg til Knudsen hausten 1852 gjennom Sprogforeningen i Studentersamfundet, fall frå (sjå s.Error: Reference source not foundff). Fleire av dei viktigaste personane høyrde heime i «Hollender-kretsen» og slutta seg i staden til P. A. Munch i målspørsmålet (sjå nedanfor). Etter at Munch drog seg attende frå målstriden i 1853, vart hollendarane dei argaste motstandarane av det dansk-norske målstrevet.

Det synte seg i ein avisstrid som tok til i oktober 1855 og vara til våren 1857, med Paul Botten-Hansen og Ole Vig som hovudmotstandarar. Striden byrja med to hendingar om lag på same tida hausten 1855. I september kom Modersmaalets Formlære av Jakob Løkke ut, og i slutten av oktober kom Paul Botten-Hansen med nokre spitige åtak på det han oppfatta som høgrøysta og overdriven norskdomsiver. Det vart eit opphald i ordskiftet våren og sumaren 1856, men same hausten kom Knudsens Haandbog (1856) ut, og striden heldt fram.
«Det lærde Holland»

«Det lærde Holland» var oppnamnet på ein krins av unge akademikarar med sterke band til Riksarkivet, Universitetsbiblioteket og historie- og filologimiljøet ved Universitetet.195 Midtpunktet var Paul Botten-Hansen (1824-69) frå Sel i Gudbrandsdalen, som til liks med Aasen og Vinje hadde teke det lange steget frå bondesamfunnet og inn i den intellektuelle eliten i hovudstaden. Han byrja studera i 1847, men satsa på litteraturen og vart redaktør for Andhrimner (1851) saman med Vinje og Ibsen, og deretter Illustreret Nyhedsblad (1851-66). Frå 1856 var han dessutan assistent i Riksarkivet og frå 1860 amanuensis ved Universitetsbib­lioteket. Han var sers interessert i bøker og ein vidgjeten boksamlar, og den private boksamlinga hans kom etter kvart opp i mange tusen band.

Hollendar-krinsen eksisterte frå byrjinga av 1850-åra og til Botten-Hansen døydde i 1869, men dei siste åra vart miljøet merkt av dei nye og kvassare motsetnadene i det politiske livet, og glanstida var etter Fr. Ording (1927:9) tida kring 1860. Dei sentrale attåt Botten-Hansen var Michael Birkeland, Henrik Ibsen, Jakob Løkke og Ludvig L. Daae (frå 1856). Til omlandet høyrde m a Oluf Rygh, P. Chr. Asbjørnsen, J. E. Sars, A. O. Vinje, Bjørnstjerne Bjørnson og Ivar Aasen (Ording 1927:2-3).
Hollendarane og målspørsmålet

Det målpolitiske synet til hollendarane var farga av det nære bandet til historikarane og norrøntfilologane ved Universitetet, og krinsen var ein bastion for den samanliknande målvitskapen. Den tonegjevande målpolitikaren var Jakob Løkke, og både han og Botten-Hansen delte i det store og heile synet til P. A. Munch.196 I den mon dei var positive til målstrevet, var det til Aasen og Vinje, som sjølve stod krinsen nær.197

I 1855 kom hollendarane for alvor på bana i målspørsmålet som eit serskilt parti. Det viste seg fyrst og fremst gjennom utgjevinga og mottakinga av Modersmaalets Formlære i udførlig Fremstilling, som var det sentrale målvitskaplege verket frå flokken. Forfattaren Jakob Løkke var ein nær ven av Botten-Hansen og disippel av P. A. Munch, og på denne tida var han adjunkt på Lillehammer Lærde- og Realskole og redaktør i Lillehammer-avisa Kristians Amtstidende.

Formlæra var tenkt som lærebok i grammatikk for dei høgare skulane, og ho skilde seg ut som skulegrammatikk ved å byggja heilt og fullt på den samanliknande målvitskapen, serleg Grimm, og på språksynet til P. A. Munch.198 Det siste kom til syne alt i tittelen. Ved å nytta nemninga «Modersmaalet» slapp Løkke problemet med nasjonaliteten til skriftmålet, som han til liks med Munch meinte var dansk. Det didaktiske og pedagogiske grepet i boka var «... med Blikket vendt mod Sprogets Fortid, at sige ikke blot hvorledes det nu er, men ogsaa hvorledes det er blevet, hvad det er» (Løkke 1855:iii). Det kunne einast skje ved ei jamføring med det målet som «... i det Væsentlige danner Grundlaget for det nuværende Skriftsprog, nemlig vort Oldsprog eller Oldnorsk», som norske lesarar åtte «det troeste Aftryk af» i «... Folkesproget, deres andet, eller om man vil første og retteste Modersmaal» (s.iv). Han hadde stødd seg på grammatikken og ordboka til Aasen, og dessutan på Grimms og Munchs språkarbeid og Munchs «... paa de forskjelligste Steder omstrøede etymologiske Bemærkninger» (s.v). Løkke var som eit ekko av Munch: «Det Sprog, som vi Nordmænd nu bruge i Skrift og høre i den dannede Mands Tale, er ikke saaledes tilblevet i Norge gjennem en Udvikling fra det egentlig norske Sprog eller Oldnorsk, men er egentlig dansk og har nærmest udviklet sig fra det ældre Danske eller Olddansk.» (s.1). Oppgåva til nordmennene er å ta vare på og fremja det nasjonale (=nordiske) elementet i språkfellesskapen «mod den truende Fortydskning», og det nasjonale elementet har sidan åtskiljinga kome sterkare og sterkare fram. Løkke gjorde det dessutan klårt at han ikkje ville «... konstruere splitternye Sprogformer».199

Andre hollendarar og sympatisørar stod i kø for å melda boka då ho kom ut. Guruen P. A. Munch var fyrst ute, og meldinga hans stod i Illustreret Nyhedsblad der 'stamhollendaren' Botten-Hansen var redaktør.200 Like positiv som Munch var Sophus Bugge, som òg var elev av Munch og ein nær alliert med Løkke.201 Den tredje venlegsinna meldinga stod i Christiania-Posten og var skriven av ein som til liks med dei andre hadde ståstaden i den samanliknande målvitskapen. Likevel ser han ikkje ut til å høyra heime i dei indre krinsane i Holland som Løkke og Bugge, og til dels Munch.202

Dei tre meldarane var fulle av lovord og slutta seg stort sett til hovudsynet i boka. So mange klåre målpolitiske meldingar kom dei ikkje med, men dei tok opp att og stadfeste synet til Løkke. Bugge meinte det «... medrette lægges Vægt paa, at vort nuværende Skriftsprog egentlig er dansk», og han nytta høvet til å langa ut eit spark til dei dansk-norske målstrevarane:


... det er godt at bidrage Sit til at lære Folk at agte og kjende dette [Folkesproget], vil man, at vort Sprog skal udvikle sig i nordisk og folkelig Retning, maa det være magtpaaliggende, at de Skatte, som Folkesproget eier, blive benyttede, men skal de benyttes, maa det ske med Skjønsomhed og Forstand, vi se desværre daglig, hvor ubehændig mange Skriblere flikke paa sit Sprog med enkelte Ord og Ordformer, sammensankede fra forskjellige Almuedialekter.203
Munch var glad for at Løkke lét folkemålet «... nyde den Ære som tilkommer det, medens han dog paa den anden Side ikke lader sig saaledes forblinde af patriotiske Hensyn, at han udleder vort Skriftsprog umiddelbart fra vort ældre norske Sprog.» Soleis kom Løkke fram til den klåre sanninga at skriftmålet i Noreg «er egentlig Dansk», kunne ein nøgd Munch konstatera. Elles var meldinga rik på karakteristikkar som at ein her hadde «... et Værk af usædvanlig Fortjeneste og Betydning». Meldarane ser fyrst og fremst ut til å ha vilja gje grammatikken vitskapleg autoritet.

Den målpolitiske motparten prøvde seg med ei kritisk melding av den anonyme «S.T.».204 Forfattaren var Peter Andreas Clausen (f.1824), opphavleg frå Drammen og son av ein matros. Han vart student i 1847 og studerte ei tid filologi etter at han var ferdig med andreeksamen (NFL). Til slutt vart han lærar i realfag (reallærareksamen 1861), men han rakk å markera seg i målstriden ved fleire høve. Målstriden i 1853 hadde slutta med at Clausen gjekk til åtak på Munch i ei lang artikkelrekkje under namnet «P. T. Quæstor».205

I meldinga av Modersmaalets Formlære tok han fram att argumenta mot Munch. Han var prinsipielt usamd i det historiske og etymologiske perspektivet, og han meinte Løkke hadde levert eit «... meget slaaende Bevis for det Upraktiske i en konsekvent etymologisk Retskrivning» ved å jamføra skriftmålet med gamalnorsk. Han kritiserte Løkke for å forsvara den moderne ortografien med ortografiske drag frå norrønt utan å ta omsyn til at dei fonologiske tilhøva hadde endra seg. Clausen var dessutan ikkje glad for den sterke understrekinga av skilnaden på norsk og dansk. Han meinte at Løkke «... i en Indledning, der to Gange erklærer Nordmændenes dannede Talesprog for dansk, ikke burde have undladt at fremstille de mest iøjnefallende Afvigelser mellem det danske og det norske Talesprog.» Det galdt t d dei harde konsonantane, som òg fanst i gamaldansk, men som seinare hadde endra seg i dansk. Clausen rørde her ved eit kjernepunkt i motsetnaden mellom dei to fløyene. Sidan debuten i 1845 hadde Knudsen konsentrert den målvitskaplege innsatsen sin om å dra eit skilje mellom daglegtale og høgtidsmål. Løkke (og Munch) braut ned dette skiljet ved å rekna daglegtala som dansk. Dei meinte at grensa mellom norsk og dansk gjekk mellom målføra og det høgare talemålet, og ved å streka under dette skiljet, slik Løkke gjorde, truga dei det språklege grunnlaget for oppnorskingslina som Clausen var ute for å forsvara.206

Løkke skreiv til Munch hausten 1855 og takka for den rosande meldinga. Han vona Munch ville ta til motmæle mot den hatske meldinga, som «... synes mig at lugte af Sprogforeningen i Samfundet. ... Den hele Behandling af Etymologien forudsætter saa ganske et Knudsensk Standpunkt, at jeg længe har været i Tvivl om jeg ikke skulde antage ham for Forf.» Løkke såg meldinga som ein freistnad på å gjera boka hans til «... en Folie for den forventede knudsenske Grammatiks Fortrinlighed».207 Det siste hadde han i og for seg eit visst grunnlag for, sidan Clausen hadde avslutta meldinga si med at Knudsens grammatikk, som var i vente, «... vil maaske afhjælpe dette Savn [av ei orddaningslære] i vor Litteratur».208


Striden om norskdomen og det dansk-norske målstrevet 1855-56

Det vesle ordskiftet om formlæra vart opptakta til ein stor og bitter strid der Botten-Hansen og Ole Vig stod i fremste rad. Opphavet var Botten-Hansens omtale av «Schübelers Børs-Udstilling af Landhuusholdnings- og Havedyrkningsgjenstande».209 Han nytta her høvet til å koma med nokre spitord mot «... de høirøstede Forsikringer og Forkjærlighed for alt Norsk» og tok eit oppgjer med «Afsondringslysten» og «Selvgodheden» som kom fram i dyrkinga av det nasjonale. Han var ikkje mot norskdomen i seg sjølv, men han var mot vedkjenningane til han og meinte «Vor Hyldest af dette Væsen vilde være uendelig smuk, hvis Verden mere fornam den gjennem Frugterne end gjennem Ordet». Kritikken hans retta seg mot nokre uspesifiserte «høirøstede Talsmænd for Norskheden» som «... aldrig have støttet den med en fornuftig Tanke eller opofret en Skilling for dens Fremhjelp.» (sitert etter Høverstad 1953:253).

Ingen fann det bryet verdt å svara, men Vinje sneia innom kommentaren til Botten-Hansen i ein kristianiakorrespondanse tre veker seinare.210hadde det vore tale om at Illustreret Nyhedsblad skulle gå inn, og det tykte Vinje var synd, men han meinte det kom av den lite folkelege redaksjonelle lina. Mellom anna burde ikkje bladet «... med en fornem og dansk Mine snerte Norskheden, saaledes som Nyhedsbladet forleden gjorde, da det omtalte Kaalhovederne.» (s.80) Ville ein skriva for folket, måtte ein «... sandelig være djærv, norsk og endog lidt 'raa', som disse fine Mennesker kalder det.» Noko anna var det dersom ein skreiv for «... ufrugtbare, vindtørre og dannede Mennesker, disse vore nu Forfattere, Versemagere, Studenter eller Professorer».

I svaret til Vinje tok Botten-Hansen opp att åtaka på norskdomen, og han var no noko meir konkret i polemikken mot dei «Skraalende» og «høirøstede Talsmænd» som baud han slik imot.211 Dei burde


... vise sin Iver for Sagen ved noget mere end tomme Phraser og orhographiske Egenheder. Norskheden trænger til Gjennembrud indenfra udad, men ikke til ydre Paaklistringer af Bagateller. Og gjorde den ikke dette, – var det den blot at gjøre om nogle flere eller færre Æ'er, eller haarde Konsonanter, eller nogle nye Komparativ­former, da vilde jeg sandelig fryde mig, om nogen kunde binde en Møllesteen om dens Hals og sænke den paa Bunden af Christianiafjorden.
Slik vart det meir ålmenne åtaket på «Norskheden» konkret retta mot det dansk-norske målstrevet, og det var omveges Vig, Knudsen og Vinje han sikta til. Vig nytta mykje 'æ'ar i det han skreiv, Knudsen var alt då kjend for dei harde konsonantane, og Vinje hadde byrja bruka adjektivbøying på '–are'/'–ast' i korrespondansane i Drammens Tidende.

Motsetnaden var no den same som mellom Knudsen og Munch i 1853. Sjølv om Botten-Hansen påstod at han i prinsippet var positiv til norskdomen, kom det i skuggen av kritikken av det sosiale innhaldet. Norskdomen han hadde sett var udana og kom frå «Gaden». Som Munch kritiserte Botten-Hansen målstrevarane for einast å arbeida for ytre påklistra endringar som ikkje rørde ved det 'indre' som han elles ikkje konkretiserte. Men språkånd-omgrepet til Munch ligg mellom linene. Botten-Hansen stilte seg ikkje like prinsipielt avvisande til norskdomen som Munch. Det var den uekte norskdomen han sa han ikkje likte.

Botten-Hansen fekk svar frå ein «a.» i Christiania-Posten, og både NFL og Høverstad (1953:255) slår fast at Ole Vig er forfattaren.212 Ordskiftet heldt no fram mellom Vig og Botten-Hansen. Vig forsvarte oppnorskinga og var glad for at det hadde gått framover sidan Knudsen la fram målprogrammet sitt i 1850. Alt no vart fleire norske ord og former tolde «endog i de høiere, mest danske kredse», og mest alle hevdar no at skriftmålet kan bli fornorska, og at det vil ha sine føremoner. Men: «Et mere norsk Sprog vil alle have, men Faa vil taale Begyndelsen dertil. Prøver En paa at lade et eller andet norsk Element komme til sin ret, saa faar han snart sit Pas paaskrevet.» Då kjem det «Stiklerier om Raahed, Smagløshed» osb, og då får ein høyra at skriftmålet er noko organisk som ein ikkje må røra ved.213

Svaret frå Botten-Hansen stod i Morgenbladet rett over nyttår.214 Den påståtte omsuta for norskdomen frå dei fyrste innlegga var no avløyst av ein tradisjonalistisk motstand mot alle endringar. Men i staden for å argumentera prinsipielt mot oppnorskinga og for ein tradisjonalisme, gjekk han bakvegen og freista få fram at argumentasjonen til målstrevarane ikkje heldt vatn. Resultatet av argumentasjonsteknikken vart eit langdrygt (seks spalter) og lite poengtert oppgjer med det dansk-norske målstrevet. Han harselerte med omgrepet «god norsk Byudtale» som han meinte var flytande og ikkje anna enn det ein til kvar tid hadde bruk for (sp.5). Innimellom den mindre saklege polemikken mot Vig og Knudsen gjekk Botten-Hansen (usystematisk) gjennom argumenta for dei sentrale punkta i det ortofone oppnorskingsprogrammet (fjerning av støe-e, diftongar, harde konsonantar) og freista påvisa at det ikkje fanst argument for nokon av dei. Han enda dermed opp med å forsvara skriftmålet slik det eingong hadde vorte.

Vig og Botten-Hansen heldt fram spalte opp og spalte ned i nokre innlegg til, utan at det kom fram noko nemnande nytt.215 I mellomtida hadde Botten-Hansen fått hjelp frå Lillehammer av Jakob Løkke. Han skreiv i Kristians Amtstidende der han var redaktør. Avisa finst ikkje lenger, men ut frå sitat i svaret frå Knud Knudsen kan me iallfall sjå at han gjekk til åtak på Knudsen «... som vilde rent ud omskabe vort nuværende, med de Danske fælles, Skriftsprog og sætte isteden et kunstigt, af ham selv fabrikeret Produkt, væsentlig paa Fundamentet af vort gamle Sprog, det oldnorske, og vore Folkedialekter...»216 Løkke omtala Sprogforeningen i Studentersamfundet som «... en sluttet Trop af hovedsagelig unge og uerfarne Mennesker» som Knudsen hadde fått i stand hausten 1852. Derimot hadde Løkke tydelegvis sans for Aasen: «I. Aasen vil noget helt; ved Kjedelflikkeri tilfredsstiller han hverken sig selv eller Andre!» (sp.3). Løkke trudde Munch hadde gjort ende på det heile «Uvæsen» med felttoget sitt i 1853, men han måtte konstatera at no hadde det byrja att, og denne gongen hadde Knudsen «tilfældigvis» fått selskap av Vinje og Vig. Men andre hadde Knudsen ikkje fått med seg, meinte han (16/2, sp.2).

Det nemnde innlegget av Knudsen var hovudsakleg eit attersyn på målstriden i 1852/53. Her skin det tydeleg gjennom kor trykkjande Knudsen må ha kjent åtaket frå P. A. Munch, og det er i det heile meir Munch enn Løkke han argumenterer mot. Munch hadde «... dels ved sine Forelæsninger, dels ved sine Skrifter, efterhaanden dannet sig en vistnok betydelig Flok af Tilhængere, en Skole, der saa opp til ham som sin Mester, sit Orakel...» (16/2, sp.1). Då Munch rykte ut, «faldt udentvivl Mange af Norskhedens saakaldte Venner fra». Medan norskdomen hadde vore «Modesag» i dei fyrste dagane til det norske teatret, vart «Antinorsk­hed for en Tid til Modesag». Knudsen var likevel berre glad kvitt dei, for å vera ei motesak, var «Noget, en god Sag ikke er synderlig tjent med», og saka «... blev derved fri for mange utro Venner, og fik tildels i dem aabenbare Fiender (f. Eks. Hr. Løkke)» (sst). Elles tok han oppatt det som var eit av dei sentrale poenga hans tre år før, at det i røynda var liten skilnad på det han sjølv (og språkforeininga) på eine sida og Munch og venene hans på andre sida stod for. Ved å dra fram sitat av dei, freista han syna at dei òg ynskte eit norsk mål med tida, og at det difor ikkje var stor skilnad på dei to flokkane. Det Knudsen hoppar over, er sjølvsagt det grunnleggjande skiljet mellom «sprogstrever» og «ikke-strever» (Bleken 1966:18) – eller med eit anna omgrep, prinsippet om 'fri språkutvikling'.

Løkke svarte med at han framleis ikkje hadde «... lært at indse den gjenfødende Kraft i de haarde Konsonanter».217 Han hadde heller ikkje sett «Nødvendigheden af, at vi skulle anskaffe os et nyt Sprog, fordi vi have anskaffet os en ny Regjering og en ny Lovstiftning», og med det var ordskiftet førebels over. I mai og juni vart det teaterslaget som opptok målstridarane (sjå s.Error: Reference source not found).
Monrad ut mot oppnorskinga

Heilt stille var det likevel ikkje om skriftmålet. I juli byrja Ole Vig artikkelrekkja «Korstog mod unødvendige fremmede Ord i Bøger og Blade» i Christiania-Posten, der han gav ei grundig og prinsipiell grunngjeving for den puristiske delen av språkprogrammet sitt (sjå ovanfor s.Error: Reference source not found). Det ser berre ut til å ha kome eitt svar, so dette vart helst eit mellomspel i målstriden. Svaret fortener likevel omtale, både på grunn av innhaldet og forfattaren.

Innlegget mot Vig hadde tittelen «Lidt om Korstog og Sprogrensning», stod i Morgenbladet og var underskrive 'k.'.218 Det er mange gode grunnar til å tru at Marcus J. Monrad var forfattaren, sjølv om ingen ser ut til å ha tillagt han forfattarskapen før.219 Merket 'k' skal me ikkje leggja vekt på. Forfattaren skriv sjølv at han valde det som «Modstykke til det bløde g» (som Vig hadde nytta) for å syna ein viss sympati med «Korstogene og med det nationale Sprog» (sp.4).220 Ut frå innhaldet er det bortimot utenkjeleg at forfattaren kunne høyra til Hollendar-krinsen. Innfallsvinkelen er filosofisk meir enn lingvistisk og kulturpolitisk, forfattaren er jamt over sakleg kritisk, og ikkje polemisk og avvisande til Vig. Artikkelen er dessutan typisk monradsk både i stilen og i den kvasse logikken. Viktigast er det likevel at innhaldet er heilt i tråd med det Monrad skreiv om spørsmålet både før og etter.

Med eit elegant retorisk grep byggjer Monrad – om det er han – artikkelen opp kring krossfarar-metaforikken til Vig. I mellomalderen gjekk krossferdene ut «... af en varm, skjønt uklar, Begeistring for en stort Tanke» (sp.1), dei hadde evna til å riva folk med set slik at «... selv Børn og Kvinder toge Korset og styrtede flokkeviis afsted – uden Maal og uden Ledelse» (sp.2), dei tapte av og til målet av sikte og fekk problem med «... at skjelne Ven fra Fiende» (sst) osb. Og heilagdomen, kjelda til «Kraft og Begeistring» for denne krossfararen, var «Nationaliteten». Jamføringa var heller råkande når ein tenkjer på korleis grundtvigianaren Vig sverma halvreligiøst for det nasjonale.

Monrad avviser ikkje det nasjonale, slik serleg Botten-Hansen i praksis hadde gjort i polemikken mot Vig. «Tanken om Nationaliteten, om Folkelivets selvstændige og naturlige Udvikling har en evig Ret, og Iveren derfor skal stedse regnes vore Sprogreformatorer tilgode», skriv han (sp.1). Men då måtte ein ha det rette synet for det sereigne med nasjonaliteten:
Hvor sjelden bliver det erindret, at Nationaliteten er en Aand, der skal dyrkes i Aand og Sandhed, et fiint, inderligt Væsen, som man ikke kan pege paa og sige: her eller der er det, men som egentlig er overalt og intetsteds, som usynligt og uhaandgribeligt gjennemtrænger Alt hvad et livskraftigt Folk beskjæftiger sig med, uden at det behøver at fastholdes i nogen Doktrin eller bindes ved nogen udelukkende Foranstaltning. Den er jo netop det Dybeste og Ædleste i Folkets eget Indre. Men Hine søge at erobre og fastholde det i ydre Symboler; de sværme for Ord og Talemaader, for Difthonger og haarde Konsonanter, for Havrelefsen og Strigeskjorten, for Forfædrenes Sæder og Udtryksmaader o. s. v. Alt dette er jo dog kun Nationalitetens Monumenter; ... (sp.2)
Det var ikkje nok å gjera slik ein del yngre stilistar gjorde når dei plukka eitt og anna ordet frå ordboka til Aasen. Slikt førde berre til «Aandsfattigdom og Formalisme» som ikkje kom til nokon «virkelig, indre Gehalt»; det var tvert om den «... nærmeste Vei til literær Fordærvelse» (sp.2).

Den «almindelige Kultur-Udvikling» gjekk ut på at vitskaplege synsmåtar og «deraf stemplede Udtryk» vart utbreidde til ein vidare og vidare krins. Folket måtte ikkje «... holdes tilbage i sin uskyldige Umiddelbarhed» med «... dets oprindelige Begrebsforraad og de dertil svarende Udtryksmaader; det maa smage af Kundskabens Træ, og derom maa ogsaa dets Sprog efterhaanden bære Vidnesbyrd.» (sp.3) Dette var kjernen i Monrads motstand mot purismen som Vig stod for. 'Kulturstandpunktet' til eit folk var intimt bunde til språket og serleg orda, og purismen ville avskjera ein frå «den almindelige europæiske Kultur». Purisme var å føra folket attende til «... Fortidens Kultur-Stade, eller, som sagt, at bedrage sig selv med et ydre Skin» (sst). Å ta opp framande ord og uttrykk var tvert om «... en naturlig og nødvendig Følge af Nationens Fremskridt i Kultur og ... betinger [saaledes] Nationalitetens egen sunde Udvikling». Og her spela latinskulen ei rolle som «... et ikke uvigtigt Led i den høiere almindelige Kultur».

Hovudpoenget var soleis mykje det same som P. A. Munch, Botten-Hansen og dei andre oppnorskingskritikarane hadde målbore: Ei språkutvikling i nasjonal lei var ynskjeleg og naudsynt, men det nasjonale stod i utgangspunktet i vegen for den høgare kulturen og måtte ikkje takast i bruk på ein slik måte at ein vende attende til eit lægre kultursteg.

Likevel nytta Monrad ei halv spalte (rett nok utan å vera konkret) på å kritisera det som var «høist Overfladisk og Overilet» og som vart lansert under fanene til den «almindelige Kultur», den «verdenshistoriske Udvikling» og «Tidens Fordringer». Han likte heller ikkje «... saadant Knoteri, som naar en halvstuderet Røver ... finder det smukkere at tale om sin «Ekonomi» end sin Huusholdning, om at arrivere, end om at komme osv.» (sp.4). Han meinte Ervingen på «det mest Træffende» hadde råka dette knoteriet og tykte at «Nordenvinden er dog idethele gavnlig til at rense Luften» sjølv om han av og til kunne vera litt sterk (sst).221

Monrad stiller seg her i ein sentrumsposisjon mellom dei radikale oppnorskingsmennene på eine sida og tradisjonalistane kring Munch og Hollendar-krinsen på hi. Det mest oppsiktsvekkjande er likevel at Monrad – framleis om det er han – går ope ut mot dei han hadde vore og framleis var nært alliert med i teatersaka og i Folkeopplysningsselskapet. Monrad må ha visst godt at Vig var forfattaren og at det soleis var redaktøren i Folkevennen og ein styremedlem i det norske teatret han skreiv mot. Monrad sat sjølv i tilsynsnemda ved teatret og i styret i Folkeopplysningsselskapet, som gav ut Folkevennen. Her hadde han stått fadder til målarbeidet til Knudsen og Vig, og tidlegare hadde han ikkje uttala seg mot (men heller ikkje for) oppnorskinga av skriftmålet som dei to gjekk i brodden for. Innlegget mot Vig er soleis eit tidleg teikn på at teateralliansen tok til å rivna når det kom til skriftmålet.

Striden om latinskulen var eit anna moment som var med på å driva inn ein målpolitisk kile mellom Knudsen/Vig og Monrad. I 1856 var striden godt i gang med Knudsen og Monrad som sentrale aktørar på kvar si side. I 1857 kom dei til å stå ope mot kvarandre i dette spørsmålet, der Knudsen drog det lengste strået då Stortinget i 1857 vedtok å avskaffa den obligatoriske latinstilen til artium (jf Dahl 1962).

Dei neste åra tok Monrad steget heilt over i den tradisjonalistiske flokken. I 1858 var han ein av dei argaste kritikarane av landsmålet då Dølen kom ut (sjå s.Error: Reference source not found), og i 1862 gjekk han ope ut mot Knudsen og oppnorskinga (sjå s.Error: Reference source not foundf).


Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   9   10   11   12   13   14   15   16   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin