Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865


Haandbog i dansk-norsk Sproglære (1856)



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə14/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   ...   10   11   12   13   14   15   16   17   ...   33

Haandbog i dansk-norsk Sproglære (1856)

Haandbog i dansk-norsk Sproglære kom ut tidleg på hausten 1856. Det var det grammatiske hovudverket til Knud Knudsen, og var ein deskriptiv grammatikk over den dana daglegtala og skriftmålet i Noreg. Det sentrale synspunktet var at ein hadde med eit sereige mål å gjera: «dansk-norsk». Haandbog var deskriptiv på den måten at Knudsen freista fanga og skildra den faktiske målbruken (både i skrift og tale). Ein reint deskriptiv grammatikk var det naturleg nok likevel ikkje. Det overordna målpolitiske siktemålet hans at var at grammatikken skulle tena som grunnlag for normeringa av eit nytt skriftmål, og dei som ikkje kjende til målsynet til Knudsen frå før, fekk det klårgjort i det lange tillegget der Knudsen m a gav att fleire målpolitiske artiklar frå Den norske Folkeskole. Knudsen let heller ikkje vera å dra eit tydeleg skilje mellom gode og dårlege former. Som i dei tidlegare arbeida var eit hovudføremål nettopp å avgrensa daglegtala frå dansk og høgtidsmål på den eine sida og frå målføra på hi.

Haandbog var ei vidareføring og utdjuping av dei tidlegare språkarbeida til Knudsen, men boka syner òg at Knudsen no vandra i eit anna målpolitisk landskap enn då han skreiv artikkelen i 1850. Det kjem til uttrykk alt i tittelen, der han med «dansk-norsk» ikkje meiner dansk og norsk, men eit sjølvstendig dansk-norsk språk på line med og mellom dansk og norsk. Han talar jamvel om ei eiga dansk-norsk «Sprogaand» (s.160, jf T. Knudsen 1946:4), sjølv om me må rekna dette som eit uttrykk for viljen til å gje målet ein eigen identitet i tråd med moterett lingvistisk språkbruk snarare enn ei vedkjenning til eit romantisk språksyn som Knudsen stod langt unna. Nemninga 'dansk-norsk' var òg eit utslag av at Knudsen ynskte å markera fråstand til dei 'norsk-norske' som han no byrja å oppleva som eit trugsmål.

Fagleg var Haandbog eit tydeleg brot både med den latinbaserte universalgrammatikken og den historiske målvitskapen (serleg Grimm), som han påstår har vore avhengig av den grammatiske ordninga i latinske språklærer (jf Knudsen 1946:5). Perspektivet er hovudsakleg synkront, og han har fått sterke impulsar frå den danske lingvisten Israel Levin (sst:6). I arbeida sine hadde Levin vilja skildra dansken som eit sjølvstendig mål, og ikkje som «en uselvstændig Sprogart af det islandske Tungemaal», slik Rask og skulen hans hadde gjort (sst). Som Knudsen la Levin den dana daglegtala til grunn, det ville seia «... det Idiom, hvori dannede Danske meddele sig hinanden i den private Samtale», og båe to godtok i prinsippet blandingsspråket som eit historisk gjeve faktum (sst:7).

Det mest slåande med utgjevinga av Haandbog, var fråveret av reaksjonar, serleg når ein tenkjer på ordskiftet om formlæra til Løkke året før. Knudsen hadde ikkje noko språkfagleg venelag som kunne melda og skryta av boka i blada. Unntaket var Ole Vig, som trufast nok melde Haandbog i Den norske Folkeskole.222 Like lite overraskande som at Vig var positiv i Folkeskolen, var det at Botten-Hansen var negativ i Illustreret Nyhedsblad. Eit halvt år etter at Haandbog kom ut, fann han det for godt å skriva nokre liner om boka i eit stykke der han argumenterte mot alt språkstrev.223 Han slo fast at alle språklege reformfreist­nader opp gjennom tida hadde eitt sams,
... nemlig at bekjæmpe det Bestaaende. Den ene Bøn om Forløsning derfra har afløst den anden, altid gaaende i en modsat Retning. Den udførligste og den flittigste udarbeidede af den Slags Bønner er maaskee den, vi nylig have seet at udgaae paa 500 Sider. Den gaar ud paa en saa betænkelig Bogstavbesparelse som «blet» (for blevet), «ta», «tat», «drat» x.
Botten-Hansen nemnde korkje tittel eller forfattar, men ingen kunne vera i tvil om at han sikta til Haandbog. Deretter hermde han eit useriøst reformframlegg frå Morgenbladet 1820.

Skorten på vilje til å ta Haandbog seriøst i 'Nyhedsbladet', fekk Vig til å rykka ut under merket 'g' i Christiania-Posten.224 Her gjekk det fram at «framlegget» frå 1820 vart lese opp i Studentersamfundet nokre veker før, og det ser ut til å ha vore bakgrunnen for at Botten-Hansen skreiv stykket sitt. Vig var glad for at Nyhedsbladet ikkje hadde meldt Haandbog sidan «... Bogen rimeligvis Intet har tabt ved Bladets Taushed, eftersom det naturligvis ligger langt over dets sproglige Kræfter at bedømme den». Det mest saklege innslaget i polemikken til Vig var eit forsvar for dei kortformene i Haandbog som Botten-Hansen hadde hengt ut. For Vig gjekk all språkutvikling ut på «... at bortkaste overflødige Former og derved i det Hele gjøre Sproget mere letvint», og skriftmålet måtte fylgja med på denne utviklinga i talemålet for at ikkje kløfta mellom tale og skrift skulle auka. Vig meinte Nyhedsbladet ikkje hadde vore imot dei nemnde samandragingane dersom dei hadde skjedd 200 år før, og han freista få fram det vilkårlege i språkestetismen til Botten-Hansen og meiningsfrendane hans, slik Knudsen ofte gjorde. Han nemnde òg at Knudsen hadde fått ein varm takk for Haandbog frå «En berømt udenlandsk (dansk) Sprogforsker ... og det i Særdeleshed fordi han har ladet Sprogets norske Element komme til sin Ret.» Den kjende danske språkforskaren var N. M. Petersen, som i eit brev dagsett 26.08.1856 takka for boka han hadde fått tilsendt. Han skreiv m a at «Det har især fornöjet mig at se tilbagevendingen fra dansk til det oprindelige norske og nationale og den fremgang, der göres i Norge i retskrivningens theori, medens vi her næsten ikke kunne komme af stedet.»225 Vig førde soleis fram ein dansk autoritet mot dei han kalla «en liden styreløs danskfordærvet Flok».

Med dette var støyten gjeven til eit nytt ordskifte mellom Vig og Botten-Hansen som i mangt vart ein repetisjon av striden mellom dei to eit år tidlegare. I framhaldet stod Vig fram med fullt namn, og det vart eit nytt personleg og lite sakleg oppgjer mellom dei.226 Det slutta med at Vig slo fast at den «... som giver sig hen til at bekjæmpe de folkelige Bestræbelser, han staar for mine Øjne som En, der er blind for Morsmaalets Betydning og ligegyldig for Folkets Vel, og – hvis han virkelig ved hvad han gjør – som en Landsforræ­der.» (12/3, sp.3) Den einaste som blanda seg inn i striden, var ein «I.» som forsvarte Vig i Morgenbladet.227 «I.» meinte Vig var «al Ære verd» og «... gjennemtrængt af en inderlig Overbeviisning om Nødvendigheden af at fjerne fra vort Sprog det fremmede Element». Med adresse til Botten-Hansen meinte innsendaren at Vig var «... overbevist om, at Sproget er det vigtigste Middel til at bevare Nationaliteten, da denne lever i og med Livet, – og for denne hans Bestræbelse tror jeg man bør takke ham, ikke saaledes som De gjør, belønne ham med Utak.» (her etter Høverstad 1953:262-263)

Botten-Hansen hadde forsvart seg med at han hadde vendt seg til «... hver især af de sex Mænd, der især have nogen Anseelse som Sprogmænd blandt os, og alle have de undslaaet sig» for å melda Haandbog. Men han kunne òg fortelja at «... en har omsider betænkt sig herpaa», og difor ville det koma ei melding anten i Illustreret Nyhedsblad eller Morgenbladet (19/2, sp.2). Ivar Aasen var informert, og i eit brev til Ludvig L. Daae (Solnør) fyrst i april, der han klaga over det daude og dovne boklivet, skreiv han at «... ikke engang en saa stor Bog som Knudsens Sproglære har hidtil kunnet faae en fuldkommen Anmeldelse, imidlertid skal der dog nu komme en Anmeldelse fra Prof. Munch (formodentlig i Nyhedsbladet).» (Aasen 1957 I:313)

Det kom aldri noka melding frå Munch, men to utkast har kome for ein dag i papira han let etter seg (prenta i Amundsen 1925). Det er ikkje vanskeleg å gje T. Knudsen (1946:10) medhald i at meldinga hadde vorte «noe av en sensasjon» dersom ho hadde vorte fullførd og prenta i samtida. Råtassen Munch som hadde sabla ned Knudsen fire år tidlegare, var no full av ovundring for grammatikaren Knudsen. «Hoved-Dyder» ved Haandbog var «Skarpsindig­hed, Nøjagtighed og Omhyggelighed», og Knudsen hadde «... trængt ind i Sprogaandens inderste Helligdomme og har vidst at opfatte dens fineste Nuancer» (Amundsen 1925:140). Munch meinte Knudsen utfylte arbeidet til Aasen og konstaterte i uvanleg nøytrale ordelag til han å vera at talemålet Knudsen hadde teke føre seg «... hidtil ej [hadde] været betragtet uden som virkeligt Vulgærsprog, der ikke fortjente anden Opmærksomhed, end den, der bestod i at man omhyggeligt vogtede sig for at lade dets Former indsnige siig i Skriftsproget.» (sst) Faghistorisk er det serleg forvitneleg når Munch vedgår at «Overhoved er det nok det Naturligste at gaa ut fra Sætningen, thi Talen fremtræder ikke som Lyd, Stavelse eller Ord, men netop som Sætning, ...» (s.141). Knudsen hadde byrja med setningslæra, og han tok lydlæra til slutt, motsett av rekkjefylgje ein vanlegvis fann i grammatikkane (Bondevik 1986:100).

T. Knudsen (1946:10-11) spør seg kvifor Munch ikkje skreiv ferdig og publiserte meldinga, og han finn fleire grunnar. Munch var overarbeidd og i ferd med å avslutta fjerde bandet av noregssoga si. Breva frå januar og februar 1857 syner at han berre stunda etter å koma seg bort frå Noreg, og i februar byrja striden mellom Botten-Hansen og Vig om boka. Då vart Haandbog offentleg omtala, og serleg grunn er det vel til å leggja vekt på T. Knudsens poeng om at Munch «... måtte komme til å desavouere» ein av dei næraste stridsbørne sine i målstriden, ved å publisera ei positiv melding av Haandbog etter alle innlegga mot Vig som Botten-Hansen hadde sett på prent i februar og mars. Knudsen visste ikkje om dei rosande orda til P. A. Munch og meinte Munchs utfall mot han i 1853, oppfriska i 1857, var grunnen til det berre vart selt 300 eksemplar av Haandbog fram til 1864 (Dahl 1962:38).

Betre gjekk det ikkje med Lærebog i dansk-norsk Sproglære som kom ut tidleg på hausten 1857. Boka var ei stutt utgåve (148 s) av Haandbog og var tenkt til bruk i skulen. Knudsen skreiv i føreordet at to av dei største skulane i landet hadde oppmoda han om å gje ut boka (Knudsen 1857:i). Heller ikkje Lærebog vart meld då ho kom ut. I ein knapp notis opplyste Illustreret Nyhedsblad (27.09.1857) at boka var komen ut. Den einaste meldinga ser ut til å vera den som stod året etter i Den norske Folkeskole, som no vart utgjeve av G. Bergh etter at Ole Vig døydde i desember 1857.228

Det gjorde ikkje saka betre at boka kom ut midt oppi den harde striden om latinstilen til artium, der Knudsen var faneberar for latinmotstandarane. Knudsen freista innføra Lærebog på katedralskulen i Kristiania der han sjølv arbeidde, men rektor Vibe og meiningsfellane hans gjekk imot, slik at ikkje eingong Knudsen fekk nytta ho i undervisninga. Berre ved latinskulane i Molde og Trondheim og ved nokre av seminara vart boka teken i bruk, og boka fekk på langt nær den utbreiinga som Knudsen sjølv hadde tenkt seg (Dahl 1962:39).

At det likevel ikkje var heilt mørkt for Knudsen, vitna eit innlegg i Aftenbladet i 1864 om. I 1863 kom andre utgåva av Lærebog, og ved det høvet skreiv «En Klæbu-Seminarist» ei rosande omtale av boka.229 Sjølv om han meinte at boka «desværre» enno ikkje vart nytta «saa almindeligt, som den i Sandhed fortjener», var ho i bruk «ved ikke faa Real- og Borgerskoler» i tillegg til «nogle af vore Latinskoler». Dessutan vart boka lesen av «vore dygtigere Folkeskolelærere» trass i «Bestræbelserne, som fra visse Hold gik ud paa at holde Bogen borte fra Seminarie-Elevenes og Seminaristenes Boghylder». Jamvel der boka ikkje vart nytta i undervisninga, vart seminaristane oppmoda om å lesa ho på eiga hand. Sjølv om denne meldaren nok har framstilt Lærebog so positivt som råd, må me kunna gå ut frå at boka vart noko betre motteken i skuleverket og fekk meir innverknad enn det som (ikkje) kom til uttrykk i dei oppnorskingsfiendslege hovudstadsavisene.230
Gjennombrot og stillstand

Rettskrivingsvedtaket av 1862

Etter striden om landsmålet hausten 1858, kom Knudsen og oppnorskingslina meir i skuggen, og den offentlege merksemda og det tradisjonalistiske skytset vart no retta mot landsmåls­folket. Ein siger opplevde Knudsen likevel med det departementale rettskrivingsvedtaket i 1862.

I byrjinga av 1860 forfatta Knud Knudsen eit lite skrift på 15 sider der han argumenterte for at skulen skulle «... godkjende den nyere Retskrivning i følgende Punkter»:
1) I Afskaffelsen af stumt e [t d 'faae > faa'];

2) i Afskaffelsen af Fordobling af e, i og u til Betegnelse af Stavelsens Længde [t d 'Meel > Mel'; 'Miil > Mil'; 'Huus > Hus'];

3) i Afskaffelsen af c, ch og q som Tegn for k [t d 'Control > Kontrol'; 'Charakteer > Karakter'; 'qvalm > kvalm'];

4) i Afskaffelsen af ph som Tegn for f ['Philosoph > Filosof'];

5) i Godkjendelsen af j for i i de saakaldte Tvelyd ['ei/øi > ej/øj'].

Anmærkn. Egennavne, i alle Fald de fra den Skrivendes Samtid, staa ikke under de almindelige Regler, men rette sig efter egen Skik og Brug, især Personnavne.231


Både i dei konkrete framlegga og i argumentasjonen var Knudsen moderat jamført med kva han var i mange tidlegare skrifter. Han konsentrerer seg om det ein må kalla dei vanlege ortofone kjepphestane frå det tidlegare arbeidet i Danmark og Noreg som Knudsen sjølv hadde ivra for offentleg sidan 1845 – skrivemåten av vokallengd (pkt 1-2), visse framandord (pkt 3-4) og diftongar (pkt 5). Knudsen nemnde dessutan tre punkt til – dei velkjende harde konsonantane ('p/t/k' for 'b/d/g'), små førebokstavar i substantiv, og stryking av «falske» d'ar etter l og n («som Svenden, hende, kalde, falde») (s.5-6). Men desse endringane gjorde han ikkje konkret framlegg om. Han vona heller at dei vart tekne i bruk etter kvart, slik at skulen kunne godkjenna dei om 20 år (s.15). Slik sett var framlegget sterkt merkt av Knudsens strategi om å gå 'Gradvishedens Vej'.

Utspelet var vellukka, og i mars 1862 sende Kyrkjedepartementet ut eit rundskriv til dei lærde skulane der dei fekk høve til å nytta punkt 1-4 i framlegget til Knudsen i opplæringa, men ikkje punkt 5.232 Nokon eigenleg strid om rettskrivinga var det ikkje, anna enn nokre spreidde innlegg i avisene. Framlegget til Knudsen (1860) vart sendt ut til dei lærde skulane av departementet, og det kom inn fråsegner frå 14 av skulane, og frå Kollegiet og Det historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet.233 Vedtaket hadde ikkje noko med oppnorskinga å gjera sidan det ikkje spegla uttaleskilnader mellom Danmark og Noreg, og det var heller ingen nasjonalistiske argument framme i høyringsrunden. Eg ser difor ingen grunn til å nytta mykje plass her. Nokre poeng må likevel nemnast.

Det mest påfallande er kor lite kontroversielt framlegget og vedtaket var. Som me har sett, var det stor strid om fleire av dei fem punkta i 1850-åra, men tidleg i 1860-åra var motstanden marginal, både i skulane og i pressa.234 Av dei 14 lærde skulane som sende inn fråsegner, var berre fire imot alle endringar. Tre skular gav full støtte til alle fem punkta, medan dei sju siste gav delvis støtte, og serleg til punkt 1 og 2. Fråsegnene fortel at lærarkollegia mange stader var kløyvde, t d på Katedralskulen i Kristiania der tradisjonalisten F. Vibe var rektor. Han fekk fleirtalet mot seg, medan rektor Holboe i Bergen hadde lærarane i ryggen då han frårådde alle fem punkta. Kollegiet og HF-fakultetet var karakteristisk nok avvisande til alle endringar. Fråsegnene fortel òg at fleire av skulane alt hadde teke i bruk dei nye skrivemåtane. Vedtaket vart difor til ein viss grad ei justering etter gjeldande rett­skrivingspraksis. Når ein les bøker, tidsskrift og aviser frå 1850- og 60-åra, får ein òg inntrykk av at dei ortofone skrivemåtane fekk større og større gjennomslag, sjølv om det ikkje finst systematiske granskingar av dette.

Dette vitnar om at Knudsen og ortofonistane hadde fått ein god del støtte, sjølv i den lærde skulen, som med A.-L. Seips ord «... satte normen for hva som skulle være elitenes dannelsesgrunnlag.» (Seip 1995:29). Det var elles ålmugeskulelærarane som mest trufast slutta opp om Knudsen (sjå kapittel 7). Knudsen hadde òg støtte i departementet, og han som ser ut til å ha vore den sentrale bakmannen der, var ekspedisjonssjef Brede Thurmann (1816-1895). Thurmann og Knudsen hadde vore kollegaer på den lærde skulen i Drammen tidleg i 1840-åra,235 og seinare vart dei skulepolitiske våpenbrør i striden mot latinen i den høgare skulen. I 1857 var Thurmann sjølv hjå Knudsen og bad han om hjelp då latinstriden kvesste seg til same året, og oppmodinga fekk Knudsen til å skriva ei artikkelrekkje.236 Han var òg ute og forsvara Thurmann seinare i latinstriden (Dahl 1962:90). Latinmotstandarane sigra då departementet vedtok ei ny ordning for examen artium og dei høgare skulane i 1857, og Thurmann vart seinare skulda for å ha gjort eigenmektige endringar i framlegget frå ein kommisjon som hadde arbeidd med saka (Dahl 1962:92). I den fylgjande striden påstod Knudsens kollega på katedralskulen i Kristiania, Job Christian Dischington Elster Bødtker, at Knudsen «... skal have Expeditionschefens Øre» og insinuerte at «... det nye Reglement er Knutsens Værk».237 Det same mønsteret går att i rettskrivingssaka, og det er sannsynleg at Thurmann har lånt øyra til Knudsen endå ein gong.

Det var ikkje spor av nasjonalisme, korkje i innhaldet i reforma, eller i argumentasjonen som vart nytta for og mot. Her var ingen freistnader på å normera skriftmålet bort frå dansk – tvert om var det eit viktig poeng å halda fylgje med danskane. Knudsen la stor vekt på at danskane i praksis hadde gjennomført fleire av punkta med det private rundskrivet frå Madvig i 1855.238 Ein kan likevel tenkja seg ein nasjonalisme på det planet som gjeld den formelle råderetten over skriftmålet i Noreg. Skulle norske styresmakter på eiga hand gjera rettskrivingsvedtak, eller skulle nordmennene la skriftmålet bli normert av danskane? Dette poenget har vorte drege fram av D. A. Seip, som skriv at «Dette er den første rettskrivnings­endring Norge offisielt foretok efter skilsmissen med Danmark.»239 Jahr (1994:41) har sameleis lagt vekt på at ein no slo fast at «... skriftspråket – slik det blei brukt i Noreg – skulle normerast av norske styresmakter.»

1862-vedtaket var utan tvil den fyrste rettskrivingsendringa Noreg gjorde etter 1814, men det var ikkje det fyrste rettskrivingsvedtaket. Det var rundskrivet frå 1838. Rett nok var poenget med rundskrivet å avvisa endringar i skriftnorma, men dei offisielle dokumenta frå 1838 kan vanskeleg tolkast annleis enn at norske styresmakter (v/ Kyrkjedepartementet) alt då rekna det som sjølvsagt at dei norske styresmaktene hadde det heile og fulle formelle ansvaret for korleis skriftmålet i Noreg såg ut. I rundskrivet frå 08.08.1838 skriv departemen­tet at «den sædvanlige Methode» (dvs ikkje den ortofone rettskrivinga) skulle nyttast i skulen «... saalænge denne benyttes i vort officielle Lov- og Forretnings-Sprog saavelsom af de allerfleste af Rigets dannede Indvaanere...».240 Her vart utsjånaden på skriftmålet i Noreg eksplisitt gjort avhengig av korleis språket vart brukt i Noreg, og det står inkje om at ein skal ta omsyn til korleis skriftmålet i Danmark såg ut. Det var eit vanleg argument i striden, og sikkert eit viktig motiv hjå styresmaktene i 1838, at ein burde halda lag med danskane, men dette er noko anna enn dei formelle sidene. Alt i 1815 slo Kollegiet fast at det sams skriftmålet var like mykje norsk som dansk eigedom, og det er i dette perspektivet ein må sjå den offisielle målpolitikken dei fylgjande tiåra. Slik sett er det vanskeleg å tolka meir nasjonalisme inn i 1862-vedtaket enn i rundskrivet frå 1838 og fråsegna frå 1815.

Elles må det nemnast at 1862-vedtaket var debuten for dei valfrie formene i norsk rettskrivingssoge. Det vart opp til kvar einskild skule om dei ville gjennomføra dei fire punkta i rettskrivingsvedtaket, og systemet med valfrie former var soleis ikkje, som ein ofte kan få inntrykk av, noko som kom med den aktive oppnorskinga og seinare samnorskpolitikken frå 1890-åra og utetter (jf Skard 1979:48).
Knudsen meir isolert

Då Ole Vig døydde i 1857, miste Knudsen den sentrale talsmannen sin i lærar- og folkeopplysningsrørsla, og då Kristiania norske Theater måtte gje opp drifta våren 1862, gjekk endå ein viktig institusjon tapt for Knudsen. Eit lyspunkt for han var rettskrivingsvedtaket av 1862 og støtta frå Anthon Bang og Lørdags-Aftenblad same året (sjå s.Error: Reference source not foundf), men det kunne ikkje vega opp for motgangen.

I juni 1862 gav Knudsen ut pamfletten Er norsk det Samme som Dansk? (Knudsen 1862). Hovudpoenget hans var her å påvisa at dansk og dansk-norsk både i skrift og tale var ulike og åtskilde språk, og at skriftmålet i Noreg derfor måtte retta seg meir etter talemålet i Noreg. Bodskapen var slik sett den same som Knudsen hadde ført fram tidlegare, men han gjekk gjekk endå lenger enn før i å nytta lausrivne sitat frå autoritetar ('den knudsenske metode') for å stø opp under argumentasjonen. Det kom opp eit ordskifte om boka i avisene, og etter ei tid gjekk Monrad ut i Morgenbladet med ein lang og kvass kritikk av boka.241 Innvendingane galdt metoden og argumentasjonsteknikken til Knudsen meir enn innhaldet. Knudsen hadde m a ført opp utdrag av dei same eventyra på «norsk» (etter Asbjørnsen og Moe) og dansk (etter Molbech) jamsides kvarandre. Sameleis drog han fram ei rad ord frå Hallager 1802 som Knudsen meinte hadde vorte tenke i bruk i skriftmålet i Noreg, men ikkje i Danmark. Med desse metodane freista han prova at språka var ulike. Det var ikkje vanskeleg for Monrad på påvisa ein del berrsynte metodiske veikskapar, og han slo fast at utgreiinga stødde seg på eit «aldeles upaalideligt empirisk Fundament» (5/11).

Knudsen har nok neppe rekna Monrad som ein nær alliert i striden om skriftmålet, men dei hadde likevel ikkje vore opne motstandarar, og fram til konkursen våren 1862 hadde dei samarbeidd nært om det norske teatret. Hausten 1862 vende Monrad seg derimot offentleg mot Knudsen. Det er uvisst om dette hadde ein beinveges samanheng med teaternedlegginga, men det er klårt at Knudsen både miste ein tidlegare alliert frå teaterstriden og fekk ein ny og mektig motstandar.

Med nedlegginga av teatret og motstanden frå Monrad, opplevde Knudsen soleis ei avskaling på den moderate sida. Samstundes måtte han finna seg i sterkare tevling frå språkradikalt hald. Landsmålet hadde kome på bana med Dølen og den store striden hausten 1862, og i 1861/62 kom det ny kveik i målmiljøet (sjå kapittel 11).

7. Strategiar, alliansar og organisering
Føremålet med dette kapitlet er å sjå på den organisatoriske sida av det dansk-norske målstrevet – det vil både seia kva organisasjonar dei sjølve skipa, og kva andre rørsler og føretak dei arbeidde gjennom. I samband med dette vil eg òg gå inn på korleis dei freista utnytta det ålmennpolitiske og kulturpolitiske klimaet, og kva samanheng målstrevet på den måten vart sett inn i.

Mykje av dette har eg vore innom i tidlegare kapittel, so tanken her er fyrst og fremst å oppsummera, systematisera og utdjupa det eg alt har vore inne på. Nokre av dei mest sentrale institusjonane, dei norske teatra i Kristiania og Bergen, skal få liggja sidan dei er omtala i kapittel 5.

Dei tre organisasjonane og rørslene eg skal ta føre meg, er Sprogforeningen i Studentersamfundet (skipa 1852), Selskabet til Folkeoplysningens fremme (skipa 1851) og lærarrørsla. Dessutan skal eg seia noko om eit nærskyldt tiltak i byrjinga av 1860-åra – Lørdags-Aftenblad, som vart utgjeve av Anthon Bang. Folkeopplysningsselskapet og lærarrørsla spela ei rolle både for dei dansk-norske målstrevarane og for landsmålsfolket. Sidan det er vanskeleg å skilja skarpt mellom dei to fløyene i 1850-åra, finn eg det naturleg òg å greia ut om tilhøvet deira til landsmålet her.


Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   10   11   12   13   14   15   16   17   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin