Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə11/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   ...   7   8   9   10   11   12   13   14   ...   33

Kanalane

Knudsen hadde lansert språkprogrammet sitt i 1850 utan å vekkja større reaksjonar. Den fyrste tida heldt han seg roleg, men saman med Vig innleidde han i 1852 ein offensiv for reformer i skriftmålet, om lag på same tida som Knudsen vart dregen inn i arbeidet med og forsvaret for målet ved det nyskipa norske teatret. Saman kom Vig og Knudsen til å setja dagsordenen for det offentlege målordskiftet i Noreg frå 1852 til 1858, og i dei åra gjekk den viktigaste målpolitiske skiljelina mellom tilhengjarar og motstandarar av det vig-knudsenske målstrevet.

Det viktigaste organet for Knudsen og Vig var deira eige blad, Den norske Folkeskole. Her kunne dei nå ut til det dei oppfatta som den primære målgruppa for målstrevet, nemleg lærarane, og i fyrste rekkja av 'Folkeskolen' (1852-56) står difor dei grundigaste og mest prinsipielle utgreiingane deira om målspørsmålet. Folkevennen var òg viktig den tida Vig var redaktør (1852-57), men bladet vart ikkje eit blad for målpolitisk agitasjon i same mon som 'Folkeskolen'. Folkeopplysningsselskapet, som gav ut tidsskriftet, var eit tverrpolitisk føretak med mange kryssande interesser, og selskapet skulle ikkje blanda seg inn i politiske spørsmål. Den viktigaste målpolitiske funksjonen til Folkevennen vart difor å vera eit organ der Vig kunne nå ut med ei norskfarga målform, og her hadde han stort ålbogerom. Han var tilsett som redaktør av di han var lærar og som mann av folket kunne nå ut til det. Reaksjonane på målforma synte at vaktarane av den gode smaken her kunne godta ein vid bruk av norske ord og uttrykk. Noko målagitasjon fekk Vig likevel dytta inn i bladet; ikkje minst vart Folkevennen eit viktig organ for småstykke på målføre og landsmål og meir populærvit­skaplege bakgrunnsartiklar om språk. Det vog til ein viss grad opp for det vantande ålbogerommet at Folkevennen nådde ut til langt fleire enn 'Folkeskolen', sjølv om tidsskriftet aldri nådde den eigenlege målgruppa, 'folket'.173

Både Folkevennen og 'Folkeskolen' vekte ein god del reaksjonar i pressa og gav på den måten Knudsen og Vig høve til å forsvara målprogrammet sitt i avisene. Flest spaltemeter vart det i 1852-53 då Knudsen skreiv så det kosta. Vig skreiv mest i avisene frå 1855 til 1857.

I tillegg til blad og aviser nådde Knudsen og Vig ut gjennom eit par organisatoriske tiltak som eg vil omtala nærare i kapittel 7. Det eine var Sprogforeningen i Studentersamfun­det, som Knudsen fekk skipa hausten 1852, og som ikkje fekk stort å seia. Det fekk derimot lærarrørsla, der det var god grobotn for dei vig-knudsenske ideane. Frå 1852 byrja målspørsmålet soleis å dukka opp på lærarmøta i Trøndelag og på Austlandet.
Vig, målspørsmålet og det nasjonale

Når Vig argumenterte for endringar i skriftmålet, la han hovudvekta på omsyn som fyrst og fremst kan klassifiserast som praktiske, pedagogiske og sosiale. Dette stridde ikkje på noko vis mot det 'nasjonale'. I 1853 skreiv han at «... hvad vort Skriftsprog angaar, [gjælder det dog] om 2 Ting: at gjøre det mere letvint og simpelt og mere norsk» (Moe 1975:35). Desse to omsyna var vovne so tett saman at det er vanskeleg å klippa det opp i 'nasjonale' og 'sosiale' bitar, og det er uråd å gjera det til ein motsetnad. Språkprogrammet til Vig gjekk inn i eit større nasjonsbyggingsprogram der ein skulle riva ned dei språklege, kulturelle, sosiale og økonomiske skilja som var til hinder for å knyta alle nordmenn saman, på tvers av geografiske og sosiale skilnader. Programmet hadde både ei negativ og ei positiv motivering. På eine sida ynske dei leiande krinsane i Noreg fyrst i 1850-åra å unngå eit nytt thraneopprør, og fremste boteråda var opplysning. Vig hadde ingen sans for thranerørsla, og han var ein framståande representant for den grundtvigianske og «radikale» delen av reaksjonen mot rørsla fyrst i 1850-åra (sjå òg s.Error: Reference source not foundff).

Det er likevel for lettvint å redusera folkeopplysningsoffensiven og serleg verksemda til idealistar som Vig til reint sosialt sjølvforsvar, sjølv om slike motiv nok var avgjerande for at opplysningsoffensiven fekk ei slik breidd fyrst i 50-åra. Vig såg språkleg meistring som innfallsporten til deltaking i samfunnslivet, og det var naudsynt å demokratisera skriftkulturen for å gje grunnlova innhald. Det kom klårt fram i eit par artiklar i 1852/53. I «Om Folkeskolens Væsen, Øiemed og Undervisningsfag» skreiv han:
Næst Religionsundervisningen er Modersmaalet det viktigste fag i Almueskolen, ligesom det ogsaa burde være det i enhvær Skole. At kunne tale og skrive godt for sig er gavnligt og tildels nødvendigt for alle, især under en Statsforfatning som vor, hvor allerede de fleste og om nogen Tid rimeligvis endnu flere, myndige Mænd skal tage virksom del i Landets offentlige Anliggender.174
I ein artikkel i Folkevennen på same tida der han kom inn på målspørsmålet, sette han sameleis opplysninga i samband med at Grunnlova hadde gjort Noreg om frå eit embets­mannsstyrt monarki til eit folkestyrt demokrati (Moe sst). Difor burde òg embetsmennene byrja studera folkemål og norrønt i staden for latin, meinte Vig, som til liks med Knudsen og Grundtvig var ein innbiten fiende av latinen. Slik kunne dei få auka vyrdnad for folkemålet, og dei vart betre i stand til å uttrykkja seg slik at ålmugen skjøna dei (Moe s.64).

«Nu da Folkeaanden er kommen noget tillive, saa begynder ogsaa Folkemunden at lukkes op,» skreiv Vig, og setninga illustrerer den intime samanhengen mellom ein statsborgarleg og romantisk tankegang (sitert etter Moe s.63). Slik knytte Vig bandet mellom eit instrumentelt (praktisk-pedagogisk) og eit åndeleg plan. Eit norskare mål kunne appellera til folkeånda og var med på å støra til engasjement og deltaking. Som grundtvigianar ville ikkje Vig redusera målsaka til eit reint rasjonelt spørsmål om fråstanden mellom talemål og skriftmål, slik Knudsen jamt over gjorde.

I synet på dei store språkhistoriske linene skilde ikkje Vig seg ut frå synet på på språk og nasjonalitet som P. A. Munch og fløya hans i dei intellektuelle krinsane forkynte. Det norske målet var trengt attende av dansk, og skriftmålet i Noreg var framandt. Men ein finn mest ikkje døme på at Vig skil mellom meir og mindre gode norske målføre, slik det var vanleg, og slik ikkje minst Aasen gjorde. Det norske målet var kort og godt «Almuens Tungemaal» i ordbruken til Vig (Moe 1975:32). Dei stadene Moe nemner at Vig har nytta ord som «de beste Bygdemaal», går anten inn i samanhengar der Vig vil syna at sjølv dei 'beste' dialektane skil seg mykje frå gamalnorsk, eller han nyttar «gode Dialekter» i hermeteikn, som må tolkast slik at han distanserer seg frå nemninga (Moe s.33-34). Når han argumenterer språkhistorisk, er det ikkje for å framheva norrønt, men for å gje (alle) dei moderne målføra status ved å syna sambandet med det gamle målet.

No kan ein likevel seia at Vig kjem seg noko lettvint unna spørsmålet om kva som var 'typisk' norske drag i mangfeldet av talemålsformer sidan han ikkje var språkmann og aldri trong velja slik Aasen og Knudsen måtte. Vig ser ikkje ser ut til å ha freista definera 'norsk språk' nærare, og han syner ofte til Aasen (1848/1850) når han kjem inn på slike spørsmål. Til skilnad frå Knudsen er det ålmugemålet og ikkje den dana daglegtala han fokuserer på og ynskjer skal prega skriftmålet.


Rettskrivingsspørsmålet

Rettskrivingsarbeidet til Knudsen og Vig gjekk fyrst og fremst ut på å konkretisera og vinna stønad for programmet som Knudsen hadde sett opp i 1850. Høgast prioritet hadde dei ortofone hovudpunkta som ikkje hadde noko beinveges med oppnorskinga å gjera. Dinest kom sernorske ortofone krav, som harde konsonantar.

Noko av det fyrste Knudsen tok opp i Den norske Folkeskole, var fjerning av støe-e og doblinga av 'e, i, u' for å markera vokallengd. Han var inne på tanken om å markera lengd ved å nytta aksentar over vokalane, men forkasta det òg. Av samanhengen gjekk det fram om vokalen skulle vera lang eller stutt (Nielsen og Rødningen 1985:58-59). På lengre sikt ville Knudsen ha 'p, t, k' for 'b, d, g' i samsvar med med uttalen i dana daglegtale og ålmuge­målet, og etter kvart ville han òg ha etymologisk 'g' for 'v' i ord som 'Mave, Have, Lav, Skov, Plov'. Avskaffing av store førebokstavar i substantiv stod òg på lista. Slike endringar ville han likevel ikkje ha innførde i skulen med det same, men han vona dei kom inn ein gong i framtida (sst:59). Elles nytta han ein god del plass på å agitera for latinske og mot gotiske skrifttypar.175 Alle dei konkrete framlegga Knudsen fremjar i artiklane i Den norske Folkeskole hadde han nemnt og argumentert for i artiklane frå 1845 og 1850 (Nielsen og Rødningen 1985:62). Arbeidet til Knudsen i 50-åra må difor fyrst og fremst sjåast som ein freistnad på å omsetja programmet frå 1845/50 i praksis.

For Vig stod òg avskaffing av støe-e og vokaldobling øvst på lista, men ålment kan ein seia at Vig gjekk lenger enn Knudsen. Moe (1975:55) meiner språkprogrammet hans kjem aller klårast fram i «En liden Forpost Fægtning for Norskhed i Skrift» (Christiania-Posten 1855) som han skreiv i ein polemikk med Paul Botten-Hansen.176 Her gjekk han kraftig til åtak på bruken av støe-e og vokaldobling og sette dessutan opp eit fempunktsprogram for ei språkreform. Det fyrste var å byta ut framandord med norske ord, som heile tida var det viktigaste for Vig. Punkt to var at «Lidt efter lidt indføres haarde konsonanter», slik dei var i bruk i gamalnorsk, folkemålet og svensk. Punkt tre: «Vi vil, skjønt langsomt, optage endel Tvelyd.» Dette skulle fyrst og fremst skje der det hadde støtte i byuttala, og elles i ord som var tekne opp frå folkemålet ('raute'). Fjerde punkt: «De oprindelige norske g-er gjenind­sættes, istedenfor det danske v.» ('Skog, Mager'). Femte: «Andre virkelige norske Former, som der er nogen Vinding ved, som gjør en vis Mon, bør ogsaa optages.» ('Sjø, Berg'). Men her reserverte han seg for etymologiske former, som han ikkje såg noka vinning med. Alle desse punkta var oppnorskingskrav, og Moe (sst) slår fast at «Vig uttaler seg mer forsiktig om forandringer som viser det norske lydverket i motsetning til dansk enn om rent ortografiske reformer».

Knudsen og Vig stødde seg hemningslaust til danske autoritetar som Rask og Madvig i argumentasjonen. Vig gjorde det heilt klårt at han ikkje la noko serskilt nasjonalt i den viktigaste delen av rettskrivingsspørsmålet: «Ellers maa det bemærkes, at den nyere Retskrivning aldrig har været udgivet for noget særlig norsk Element; den har, som bekjent, Tilhængere saavel i Danmark som her. R. Rask kan angives som dens Fader og Madvig har nok nu nylig vovet at anbefale den til Indførelse i de lærde Skoler.»177 På same måten var det med krav Vig sette fram andre stader om enklare skrivemåtar av framandord. Han tykte bokstavane 'c, q, x, z, w' burde bytast ut med 's, k, v', og han ville ha bort bokstavsamband som 'ch, ph, ps'. Dessutan ville han byta ut 'aa' med 'å' (Moe sst).

I argumentasjonen for rettskrivingsendringane la Knudsen og Vig mest vekt på dei praktiske og pedagogiske sidene. Den vanskelege rettskrivinga «... volder megen unødig Tidsspilde i Skoleundervisningen, og gjør baade Læsningen og Skrivningen mangedobbelt møjsommeligere end den behøvde at være». Det favoriserte dei få som gjekk i private skular og hadde foreldre med råd til å gje dei nok skulegang (Vig etter Moe 1975:50-51). Slike utsegner var representative for argumentasjonen både til Knudsen og Vig i 50-åra.

Eit viktig punkt her var at rettskrivinga ikkje berre gjorde skriveopplæringa, men òg leseopplæringa, vanskelegare. «Det er visselig flere end jeg, som har haft daglig Møje med at faa Smaabørn til at lægge af at læse tro-er, gaa-er o.s.v. og lære Børn til at skrive dem ret» skreiv Vig i ei melding av Schønheyders lesebok (Moe s.53). Som Knudsen såg òg Vig føre seg eit tovegstilhøve mellom tale og skrift, og når han skreiv om uttalenormer i skulen, gjekk han ikkje ut over Knudsens dana daglegtale. Konfliktlina fyrst i 50-åra gjekk mellom ei skriftrett uttale («klokkardansk») og dana dagelgtale, og det var det siste Vig sikta til då han skreiv at «Skal man have Taleøvelser, bør man naturligvis lære Børnene at tale ret, det vil da sige at tale saa Norsk som muligt.» Meir konkret ville dette seia /far, mor, la, sa/ framfor /fader, moder, lagde, sagde/, palatal uttale av 'k' og 'g' i framlyd, harde konsonantar og norske former som /sjø, plog, skog, berg/ (Moe s.71-73). Når Knudsen skreiv om «Folkets Tale» og «det levende Sprog i Folkets Mund» i samband med munnleg målbruk i skulen, meinte han difor i praksis «dannet Dagligtale» i motsetnad til klokkardansk. Likevel såg ikkje Vig noko stort verd i språkleg dressur etter ei munnleg standardnorm. Han meinte tvert om at «Sproget maa ikke være et stivt Bogsprog, men Læreren maa bruge den Mundart af Modersmaalet, som falder ham naturligst, og Børnene maa paa den anden Side, naar de skulle gjengive det Fortalte, ogsaa have Lov til at bruge deres norske Tunge, som de bedst kan.» (Moe s.77) Bruken av den dana daglegtala galdt difor den strengt naudsynte leseopplæringa, og spørsmålet om kva talemål ein skulle leggja til grunn for den ortofone språknormeringa.

Argument som gjekk på at det var eit sjølvstendig mål å skapa eit norsk mål, stod i bakgrunnen i argumentasjonen deira. I og for seg var det sjølvgjeve at ein ikkje kunne argumentera nasjonalistisk for endringar som det samstundes vart arbeidd for i Danmark, og som ikkje spegla uttaleskilnader mellom dei to landa. Både for Vig og Knudsen var dessutan deira eigne røynsler frå læraryrket og ynsket om å letta morsmålsopplæringa eit viktig tildriv. I same lei drog det at målgruppa for argumentasjonen var lærarar og organet Den norske Folkeskole.


Framandorda

I andre heftet av Folkevennen (våren 1852) hadde Vig «Nogle Sprogbemærkninger» som har vorte rekna som ei av dei viktige framstillingane av målprogramma hans. I fyrste setninga slo han fast at «... der i vort Land [er] en overmaade stor Forskjel paa Almuens Tungemaal og Skriftsproget», og denne skilnaden var «... en af de værste Hindringer for boglig Oplysning» (Vig 1924 II:153). Skulle ein nå ut med opplysninga til dei breie laga av folket og få til den geografiske og sosiale integreringa som Folkeopplysningsselskapet arbeidde for, måtte ein difor byggja ned språkskiljet. Men Vig var glad for at «Boglærde Folk som vil Folkets Bedste» hadde byrja å tenkja på korleis «... vort danske Skriftsprog efterhaanden kan fornorskes», og «Det rimeligste og bedste er vistnok, at Bygdemaalene og vort nuværende danske Skriftsprog nærmer sig hinanden og mødes paa Halvvejen, tænker jeg; og det sker da ved i Skriftsproget at optage flere og flere ægte norske Ord, samt ved at lade Bygdemaalene gaa sin naturlige Gang.» (Vig 1924 II:160) Her var ordboka til Aasen eit viktig hjelpemiddel, men Vig avviste tanken om å byggja opp eit heilt nytt skriftmål av bygdemåla, for «Dette vil nu vel næppe være muligt». Det var soleis Wergelands program for ei leksikalsk oppnorsking han her tok opp (Wergeland 1835). Endringar i form- eller lydverk vart ikkje nemnde.

For Vig var striden mot framandorda alltid hovudsaka i språkarbeidet, både ut frå nasjonale og pedagogiske grunnar. Sjølv gjekk han langt i å nytta norske avløysarord når han skreiv, og i Den norske Folkeskole i 1855-56 prenta han ei «Opskrift over Ord som kan indføres i Skriftsproget» med over 1600 oppslagsord (Moe s.104). Han hadde drege store vekslar på ordboka til Aasen frå 1850, og lista skulle vera til hjelp for dei som ville skriva eit norskare språk. Purismen til Vig var retta mot alle framande ord, både latinske, tyske, franske og danske. I skrivemåten av dei norske orda fylgde han i det store og heile Aasen, men han veik av på sume punkt. Han nytta diftongane 'ej, øj' slik både danske og norske ortofonistar gjorde, og han markerte linn uttale av '(s)k' og 'g' i ord som 'Skjilna, gjill' (Moe s.105). Sidan Vig skreiv orda ortofont etter norsk uttale og jamvel ville byta ut danske ordformer med norske, ville mange av orda verka radikale jamvel i bokmål i dag. Han ville ha ord som 'Dotter, Jarn, kjeid, Mjøl, misse, mjuk, Segl, Son, Vatn, Veg, Auge, Ause' for 'Datter, Jern, kjed, Mel, miste, myg, Sejl, Søn, Vann, Vej, Øje, Øse'. Vidare ville han ha 'Afbrot/Brøjte, vøle om, Frastand/Hald, ussel/laak, lytelaus' for 'Afvigelse, bøde, Distans, elendig, fejlfri'. Vig gjekk her mykje lenger enn i rettskrivingendringane han tok til orde for på same tida. Moe (s.111) skriv at Vig opphavleg hadde tenkt at ordlista skulle bli ei praktisk hjelperåd i striden mot framandorda, men at ovundringa for ordboka til Aasen førde han lenger. Vig skreiv sjølv (i etterordet) at han ikkje meinte alle orda burde takast inn i skriftmålet, men at ein del ord var tekne med slik at dei som ikkje hadde tilgjenge til Aasens ordbok kunne sjå dei (Moe sst).

Om lag på same tida sette Vig på prent ei lang utgreiing i Christiania-Posten med den halvreligiøse tittelen «Korstog mod unødvendige fremmede Ord i Bøger og Blade».178 Her slutta han seg til dei «Mænd i alle 3 Lande, som har taget alvorlig tilorde mod det Uvæsen at opblande Skriftsproget med alskens Rusk og Rask fra alle Verdens Kanter» (Høverstad 1953:395). Attåt framandorda gjekk han laus på innfløkt og unorsk stil og setningsbygnad som gjorde lesinga vanskeleg. Dei sentrale innvendingane mot den aukande bruken av framandord var for det fyrste at dei «forkvakle den opvoksende Undgoms Sprogsands», og Vig siterte N. M. Petersens ord om at «... Folk og Sprog ere saa inderlig forbundne med hinanden, at det ene bestaar og omskiftes og forgaar med det andet» (s.396). Den andre og viktigaste innvendinga var at framandord og innfløkt stil gjorde målet vanskeleg å skjøna for ålmugen og difor gjorde skilnaden på høg og låg i samfunnet endå større (sjå serleg s.415f). Ein var i ferd med å få «... et Bogsprog, der, ligesom Middelalderens Kirkelatin blir aldeles uforstaaeligt for 99 Mennesker blandt Hundrede» (s.396).

Dei mange spaltene nytta han stort sett til å polemisera mot døme på dårleg språkbruk, og jamt over var offera namngjevne eller slik framstilte at alle måtte vita kven det var. Fienden var stort sett akademikarar, og serleg hardt gjekk det ut over latinarane. Mellom anna fekk ein varm oppnorskingsven som latinaren Frederik Moltke Bugge so øyro flagra (s.399-400). Innimellom førde Vig fram døme på gode avløysarord, og han argumenterte mot antipuristane. Argumentet om at «... vort Morsmaal i sig selv er saa fattig, at vi nødvendig maa laane en Mængde Ord fra andre Folk» møtte han med at fattigdomen låg hjå desse penneførarane sjølv, ikkje i morsmålet, for «... dette er uendelig rigere end de fleste af dem ved». Problemet var at dei som skreiv, ikkje kjende morsmålet sitt på grunn av den dårlege morsmålsopplæringa (s.406). Han delte òg ut ros, og den som «... udentvil skrive det gangbare Bogsprog allerrenest, uden videre Indblanding enten af norske Bygdeord eller af tyske og andre fremmede Grejer, er vistnok Ivar Aasen» (s.412). Målet hans låg langt unna det som vart nytta «... ligefra Filosoferne og Filologerne til 'Touristerne'». Dessutan kom m a Anthon Bang, P. C. Asbjørnsen, C. Hansteen, P. A. Munch og N. R. Østgaard godt frå det. Botemiddelet var å byrja lesa gamalnorsk og bygdemål, og gjerne litt svensk i skulen. «Var det formeget forlangt, at Folkets vordende Embedsmænd skulde studere Folkets Tungemaal?» (s.420)
Språkbruken til Knudsen og Vig

I sin eigen språkbruk fylgde både Knudsen og Vig opp reformprogrammet sitt, men ålment kan ein seia om båe to at dei ikkje gjekk so langt i praksis som i teorien. Med 'avvik' meiner eg her avvik frå den vanlege og umarkerte språkbruken i Noreg kring 1850. Føremålet er å gje eit grovt bilete av kor mykje dei skilde seg ut språkleg, ikkje å gje ei fullnøyande framstilling av målbruken deira.179



Ortografiske avvik: Ingen av dei nytta støe-e eller vokaldobling for å markera lang vokal. Knudsen skreiv rett nok 'muelig', men det grunngav han med at /e/ vart uttala som i 'duelig' (N&R s.89). Knudsen strauk og stum 'h' (ikkje i framlyd) og skreiv 'ti' for 'thi'. Diftongane skreiv dei med 'j' ('ej, øj'), men ingen av dei nytta 'av' for 'au' slik Rask hadde argumentert for. Vig nytta òg 'ej, øj' i norske ord han tok opp og gav ortofon skrivemåte.180 Den breie bruken av 'æ' vart eit varemerke på målbruken deira, og serleg hjå Vig. Dette var òg eit sermerke hjå Knudsen, men Vig gjekk ein god del lenger. Han skreiv 'æ' for /æ/ framfor 'r' og 'm' i ei rad ord der det ikkje var vanleg (som 'hvær, gjærne, Jærn, Hjærte, Værden; fræm, fræmmed stæmme, fornæmmelig'). Etter ein del kritikk la han bort 'æ' i ord som 'Hver, frem, stemme' frå 1854 (sjå nedanfor s.Error: Reference source not found), men heldt fram med å skriva 'Jærn, Gjærning, Hjærte'. I framandord nytta dei ortofon skrivemåte av konsonantsamband i samsvar med eiga lære. Serleg frekvent var 'x' for 'ks', og frå 1853 slutta Vig seg til Knudsen og skreiv 'ks' ('Eksempel'). Endingane '-tion/-sion' skreiv dei '-sjon', og dei heldt seg unna bokstavane 'c, q, w, z' (og skreiv soleis 'Prosesser, Seremoni, Kristus'). Ein kan likevel finna unntak hjå båe to (t d 'Censur, Civilisasjon' [!] hjå Vig). Sameleis unngjekk dei grafemsamband som 'ph' for 'f', og 'ps' for 's' ('Salme'). Dei skreiv òg 'sj' for 'g' i ord som 'Budsjett, usjenert'.

Fonologiske avvik i norsk lei var det langt mindre av. Bortsett frå i visse sernorske ord nytta dei ikkje diftongar der dansk hadde monoftong. Knudsen skreiv t d både 'Mening', 'Barnsben' og 'Brud-løp', men 'Taus' og 'Sjauere'. Bruken av 'harde' konsonantar ('p, t, k' for 'b, d, g') fylgde same mønsteret. Derimot skreiv Vig meir konsekvent 'g' etter norsk mønster der dansk hadde 'v' eller konsonantbortfall, som i 'Skog, Plog, Korg, duger, Hug' for 'Skov, Plov, Kurv, duer, Hu'. Vig skreiv òg ord som 'Berg, berge, Bjørk, Sjø, stakkars', ikkje 'Bjerg, bjerge, Birk, Sø, stakkels'. Han nytta ikkje norske kortformer av verb og skreiv difor 'have, blive, tage, sige, give' i infinitiv. Men han gjennomfører seinare 'har, blir, tar' i presens.

Morfologiske avvik fanst omtrent ikkje. Vig nytta ikkje fleirtalsbøying av verb, men han heldt seg til skiljet mellom '-e' og '-er' i fleirtal av felleskjønnsord etter dansk mønster.

Syntaks, ordval og stil: Det var på desse punkta Knudsen og serleg Vig veik mest av frå det som var vanleg, men det var då som no òg dei områda av språkbruken som var minst regulert formelt. Båe to var puristar og freista finna norske avløysarord, og det hende dei førde opp framandordet eller avløysaren i parentes, som 'foruden (omfram)' og 'tankestø (konsekvent)'. Moe fører opp ei lang liste norske ord han har funne hjå Vig (s.119-122), og han konkluderer med at Vig fylgde opp språkprogrammet frå «Nogle Sprogbemærkninger» (Folkevennen 1852) der han skreiv at oppnorskinga skulle skje «... ved i Skriftsproget at optage flere og ægte norske Ord» (Moe s.122). Vig kan soleis fyrst og fremst seiast å stå i tradisjonen etter Wergeland og Asbjørnsen og Moe, men han braut med dei på eit viktig punkt ved å gje mange av dei sernorske orda norsk (ortofon) form. Her finn ein flust både med diftongar (der dansk har monoftongar) og harde konsonantar. Han skreiv soleis både 'gjild/gjill, jæte, minnugt, Rype' (jf Moe s.122-127). Både Vig og Knudsen hadde eit ideal om å gjennomføra ein munnleg stil og syntaks som braut med den kansellistiske og innfløkte språkbruken som var vanleg. Eit stykke på veg lukkast dei, og dei unngjekk dei tyngste tysklatinske konstruksjonane. Men utgreiingane til Moe og Nielsen/Rødningen syner at dei ofte valde skriftspråklege framfor typisk munnlege norske uttrykksmåtar der dei hadde valet, og Moe (s.103) meiner at «Når det gjelder syntaksen var Vig svært lite opptatt av hvordan den kunne fornorskes.»181

Som ei oppsummering kan me slå fast at Vig jamt over gjekk lenger enn Knudsen. Her må det leggjast til at dei ofte skreiv om ulike emne og for ulike målgrupper. Knudsen var språkmannen, som skreiv om språklege emne for eit interessert publikum. Vig var folkeopplysaren, som skreiv om alt mogleg, og målgruppa var 'folket', som ikkje las serleg mykje. I motsett lei drog dei institusjonelle omsyna Vig måtte ta. I styret i Folkeopplysnings­selskapet møtte han mykje motbør og måtte etter kvart moderera rettskrivinga si (sjå s.Error: Reference source not found).

Båe to gjennomførde dei ortofone og ikkje nasjonalt sermerkte hovudpunkta i reformprogrammet, men i det store og heile let dei vera å gjennomføra den delen av programmet som reflekterte nasjonale uttaleskilnader. Det viktigaste unntaket var at Vig nytta mange norske ord, som han òg ofte gav norsk skriveform. Det var serleg denne delen som kom til å vekkja strid.


Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   7   8   9   10   11   12   13   14   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin