Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865


Motstanden mot norske skodespelarar



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə10/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   ...   6   7   8   9   10   11   12   13   ...   33

Motstanden mot norske skodespelarar

Dei som forsvarte Christiania Theater og var motstandarar av dei norske teatra, argumenterte jamt over mindre prinsipielt og meir konkret og praktisk enn teateropposisjonen. Dei streka ofte under at dei bar på varme ynske om at Noreg ein gong skulle få eit norsk teater. Dei var berre usamde i måten dette skjedde på, og i tempoet. Eg har ikkje funne eit einaste innlegg som heilt ope har teke til orde for å halda fram med danske skodespelarar for all framtid.

Den raude tråden i argumentasjonen deira var at kunstarleg kvalitet og omsyn til kulturen og daninga måtte vera overordna nasjonale omsyn, og norskdom vart konsekvent sett opp mot 'kultur'. Ein måtte berre sleppa til norske skodespelarar og norske stykke so lenge det ikkje gjekk ut over kvaliteten, og det var ikkje eit godt nok argument i seg sjølv at noko var norsk. I forlenginga av dette vart det ofte polemisert mot «ultranorskhed» og overdriven norskdoms­iver, og det vart lagt stor vekt på å halda oppe banda til dansk og europeisk kultur. Eit illustrerande døme er eit innlegg i Christiania-Posten hausten 1852 i striden om Christiania Theater.154 Her vart det som vanleg streka under at kravet om norsk på scenen «naturligvis» hadde «sin store Vegt», men berre «hvor man ikke paa en sund Smags Bekostning vil drive frem det Norske, blot fordi det har norsk Extraktion, uagtet det med Hensyn til Kvalitet maa erkjendes at være maadeligt.» Ein kunne nemleg ikkje lenger sjå bort frå
... de Betingelser, som vor Dannelse og vor Kulturs Standpunkt engang anerkjende som nødvendige i Kunst, Literatur og fra Scenen, ligesom i mangfoldige andre Sfærer, hvor vi ville følge Civilisationens Gang og hvor vi bruge en europæisk Maalestok paa vore egne Frembringelser istedetfor et ujusteret norsk Bygde-Alnemaal.
Det var noko «paa Bunden af vor Sjæl, som længes efter vort eget Sprogs Toner fra Scenen», og difor var han glad for ei og anna norsk skodespelarinne. Men ein måtte ikkje la seg «henrive af misforstaaet Norskheds-Iver», slik galleriet hadde gjort når det i det siste hadde applaudert «... de sletteste norske dramatiske Arbeider, og deri er bleven bistaaet af ikke saa faa Andre af en bedre Kulturklasse». Tilgangen til sivilisasjonen gjekk for Petersen gjennom det danske språket, og seinare same hausten hevda han at det «... i mange Henseender har været godt, at vi have fælles Sprog med en Nation, der er mere udviklet end vor egen».155

Den vanlegaste strategien når dei skulle møta den nasjonalistiske argumentasjonen frå teateropposisjonen, var som Petersen gjorde, å laga ein skarp motsetnad av kulturnasjonal­ismen på eine sida og den ålmenne kulturutviklinga på hi. Elles vart gjerne fråstanden mellom norsk og dansk tona ned. Petersen hevda at «den Forskjel i Dialekten» ein ville høyra når ein dansk og ein norsk skodespelar spela saman, «... er ikke større end Forskjellen mellem de forskjellige norske Dialekter, især førend Sproget har antaget en fast Norm for sin Udtale».156 Her vart det lagt vekt på likskapane mellom norsk og dansk, og skilnadene dei norske målføra imellom. Likskapen vart understreka av omgrepsbruken – det var vanleg å tala om «den norske Dialekt» framfor «det norske Sprog». Knudsens kommentar til dette, var at «Naar vort Sprog betragtes som Dialekt, maa det jo være en Dialekt i Forhold til det Danske, og Norge altsaa en sproglig Provinds af Danmark.»157

Motstanden mot utskiljinga av eit eige norsk scenemål vart av og til forsvart med ein skandinavistisk argumentasjon. Eit slikt standpunkt gav «Diximus» i 'Rigstidenden' klårt uttrykk for i april 1850.158 Den skandinavistiske kritikken hans råka ikkje einsidig «Ultraerne» (dei mest radikale norskdomsmennene) i Noreg. Ein av dei danske skodespelarane vart kritisert for det «lidt vel meget Kjøbenhavnske» målet han hadde. Han ville ha eit ekte fellesmål, og ikkje «den kjøbenhavnske og quasikjøbenhavnske Udtale». For Diximus var den språklege og kulturelle fellesskapen med Danmark eit vilkår for litterær «Blomstring og Udvikling baade for vort Broderfolk og for os», og han var oppteken av «Bevarelsen af denne fælles nordiske Nationalitet». Det fekk òg konkrete språklege fylgjer. Det som ikkje var sams for dei to landa måtte vika, og i det eine konkrete dømet han nemnde, enda han på same standpunktet som «Ultraerne». Han ville nemleg gjennomføra palatal uttale av /g-, k-/ av di den 'harde' uttala var ein dansk «Provincialismus» som burde bort. Han hadde òg eit meir strategisk argument mot dei københavnske sermerka: Dei var med på å «... vække Ønsket om dette saakaldte danske Sprogs fuldkomne Fortrængelse fra vor Scene.»159
Teatermålet – mellom dansk og målføre

I eit teatermelding hausten 1852 slo Petersen i Christiania-Posten fast at «... det er en meget vanskelig Sag, at trække den rette Grændse mellem norsk og dansk Udtale»,160 og dette fekk teateropposisjonen røyna i arbeidet med det dansk-norske teatermålet. Denne grenseoppgangen hadde vore hovudpoenget til Knudsen i artikkelen frå 1850, og artikkelen hans vart eit grunnlagsskrift for teateropposisjonen både i Kristiania og Bergen (Sørlie 1954:210).

Knudsen fekk sjølv stor innverknad på det norske teatermålet gjennom arbeidet som språkkonsulent på det norske teatret i Kristiania. J. B. Klingenberg bad Knudsen læra skodespelarane «Det norske dannede Talesprog» (Berg 1977:49). Berg (s.55ff) har granska notata til Knudsen frå denne tida, og han gjev eit godt oversyn over dei problema han møtte og kva språklege detaljar han konsentrerte seg om. Ein stor del av arbeidet hadde gått med til å retta opp det Knudsen kalla «østlandske Skjødesløsheder», som at 'efterlate, inderlig, underlig, overlate, jeg finner at' vart uttala /efte'lade, inde'lig, unde'lig, ov'late, jeg finn'at/ utan /–(e)r–/. Andre «Skjødesløsheder» var at elevane gjorde lange vokalar stutte og stutte vokalar lange, som at 'Paaleg, Bolig, trofast, forrige, bort, Kjæreste' vart uttala /Paalleg, Bollig, troffast, foorige, boort, Kjææreste/.

Samstundes var det eit problem at dei urøynde og usikre teaterelevane freista ta etter uttala på Christiania Theater. Dette synte seg ved at mange sa /af, Boog, kloog, Kroog; beder, tager, giver; taget, givet; fået, gået, stået/ der Kundsen ville ha dei til å seia /av, Bok, klok, Krok; ber, tar, gir; tat, git; fått, gått, stått/.

Berg (1977:86) oppsummerer i tre punkt kva uttaleprinsipp Knudsen fekk gjennomførd og ikkje den fyrste sesongen ved teatret. Fyrste punktet var g- og k- framfor høge vokalar, som konsekvent vart uttala /gj-, kj-/ på norsk vis (som i /gjikk, kjys, kjøre/). Dette hadde vore det mest sentrale punktet for Knudsen i artikkelen frå 1850. For det andre freista Knudsen gjennomføra 'harde' konsonantar (/p, t, k/ for dansk /b, d, g/ etter lange vokalar), men her nådde han berre delvis fram. Berg (sst) meiner Knudsen etter kvart gav opp å pressa gjennom ei slik uttale. Det tredje punktet Berg nemner er former som Knudsen ikkje ser ut til å ha prøvd å innføra, og her nemner han kortformer av verb, diftongar og stum d i samband med l og r (Berg sst).

Berg (s.87) meiner røynslene frå arbeidet og reaksjonar frå presse og publikum fekk Knudsen og Monrad til å moderera dei meir prinsipielle standpunkta dei hadde før teatret opna, og han konkluderer med at «... sceneuttalen ved Den norske dramatiske Skoles Theater ikke var så radikal som enkelte språkhistoriske framstillinger kan gi inntrykk av at den var». Scenemålet ser soleis ut til å ha lege ein stad mellom eit skriftrett høgtidsmål og 'naturleg' dana daglegtale, men sjølv om ordskiftet berre gjekk på det me må kunna kalla minimale språklege detaljar, var temperaturen høg nok.

I artikkelen sin om teatermålet i Bergen, har Sørlie (1954) i det store og heile same konklusjonen som Berg. Motsetnadene og dei konkrete stridspunkta ser ut til å ha vore dei same i dei to byane. Når ein les innlegga frå striden i desse 15 åra, får ein det same inntrykket. Gong etter gong vart dei norske skodespelarane både i Bergen og Kristiania kritiserte for at dei ikkje greidde løyna målførebakgrunnen sin godt nok, og kritikken kom frå båe sidene i teaterstriden. Opposisjonen var like oppteken som motstandarane av å slå ned på 'udana' mål på scenen. Monrad sa det slik i 1850:
For Guds Skyld lad os paa Scenen være fri fra al throndhjemsk Gjøen, bergensk Hvinen, christiansandsk Snadren og østlandsk Knerken! ... Helst skulde man jo troe at finde en nogenlunde reen Udtale i Hovedstaden, hvor deels idethele Massen af Dannede deels Confluxen fra Landets forskjellige Egne er størst, saa de forskjellige Dialekter ved at rives paa hverandre her især maatte kunne have afledet de værste Ruheder og dannet etslags Fællessprog.161
Det var meir enn nok målføreavvik å kritisera. Både i Bergen og hovudstaden kom skodespelarane på dei norske teatra ofte frå lægre sosiale lag og hadde ikkje den dana daglegtala som morsmål.

Hausten 1849 prenta Bergenske Blade ei artikkelrekkje av den tyske dramaturgen Dr. Rötscher, og det han skreiv om dialektar, er representativt for den rådande språklege estetismen på alle sider i den norske teaterstriden.162 Han jamførde talemålet med det å ha ein velproporsjonert lekam:


Den uproportionerede, eller ogsaa med iøinefaldende Mangel eller Skade behæftede Figur, ligesom den ganske klangløse eller af en Dialect fuldkommen beherskede Stemme udelukke begge ligemeget fra Optagelsen, fordi de unddrage Undervisningen den Jordbund, paa hvilken dens Frugter skulle trives. Kun en ganske eminent Begavelse, navnlig for det Komiske, vilde i enkelte Tilfælde byde en Undtagelse, der dog kun bestyrkede Reglens Nødvendighed.
I den mon målføre vart nytta på scenen, var det nettopp for å oppnå ein komisk verknad og karikera figurar frå folkedjupet. Då teatret i Bergen sette opp Jeppe paa Bierget i 1853/54, tala Jeppe sognemål.163

Samstundes vart skodespelarane like mykje kritiserte for å tala etter boka, og då lydde det «affecteret». Her var det ikkje alltid semje mellom kritikarane. Opposisjonen var vonbroten over at dei norske skodespelarane på Christiania Theater kring 1850 raskt byrja ta etter dansk uttale. Dei konservative kritikarane gav stort sett ikkje uttrykk for misnøye med dette. I eit sosiolingvistisk perspektiv er det ikkje vanskeleg å skjøna at dei få norske skodespelarane tok etter dansk, i eit miljø der danskane var i stort fleirtal. Ein ting var det at di større indre skilnader det var på talemålet ein høyrde frå scenen, di mindre heldig var det frå ein teaterfagleg synsstad. Attåt dette kom det språksosiale presset i eit miljø som var under konstant kritikk utanfrå. Som me har sett, var òg danifiseringa av dei norske skodespelarane ein av hovudgrunnane til at teateropposisjonen skipa eit eige teater i hovudstaden.

Det er heller ikkje vanskeleg å skjøna at dei norske skodespelarane på dei norske teatra hyperkorrigerte, slik Knudsen sleit med å retta på. Dei vart jamleg kritiserte for målføreavvik, og sidan få av dei hadde den dana daglegtala som morsmål, var det stutt veg over i den andre språklege grøfta.

Den språklege usemja mellom dei to fløyene kom oftast til uttrykk i ålmenne og prinsipielle vendingar, og det var sjeldan strid om konkrete språklege detaljar. Etter at Den norske dramatiske Skoles Theater opna hausten 1852, kom det massiv kritikk frå konservativt hald. Men døma som vart nemnde i striden dei neste månadene, var ikkje stort fleire enn at skodespelarane burde halda seg unna uttaleformer som /Sjø, kjyndig, kjyst, Kjeiser, Folke/. Dei burde heller seia /Sø, kyndig, kyst, Keiser, Folket/.164 Tidlegare på hausten hadde teatermeldar Petersen i 'Posten' drege fram formene /Folke/ og /Sjø/ for å illustrera eit prinsipielt synspunkt om at ein ikkje burde utvikla «den norske Dialeckt» (merk nemnings­bruken!) gjennom ein «voldsom Bortfjernelse» fra den danske.165

Kritikken frå Petersen førde til eit ordskifte mellom han og Knudsen, og her kom dei prinsipielle motsetnadene klårt fram.166 Knudsen sette her fram talet han ofte nytta, om at 200.000 nordmenn nytta eit dana talemål, og uti ordskiftet kom han med ei nærare avgrensing: 40.000 av desse 200.000 var eit hakk 'finare' og tala meir etter boka enn resten. Knudsen slo fast, i samsvar med 1850-artikkelen, at teatermålet skulle byggja på målet til dei 160.000 nest-finaste.167 Etter dette gjorde Petersen det klårt at «... Theatersproget skal rette sig efter de meest Dannedes Udtale», som ville seia Knudsens 40.000. Petersen meinte nemleg at det var dei som var «... Kunstens Bærere og Ophjelpere», og «Theaterskolen maa have sin Støtte hos Landets meest dannede Mænd».168 Noko av det mest interessante med ordskiftet mellom Knudsen og Petersen, var at dei språklege motsetnadene eksplisitt vart knytte til klassemotsetnader. Knudsen skreiv at teaterskulen la «... den hos Fleerheden af den dannede Klasse, eller om man vil, den dannede Middelstand sædvanlige Udtale til Grund...».169

Striden mellom språkvarietetane vart på den måten klårt og utvitydig knytt til den sosiale og ålmennpolitiske striden. I prinsippet kom òg teaterstriden til å halda fram som ein strid mellom daglegtale og høgtidsmål. Men som Berg har synt, var det likevel i stor mon det ein må klassifisera som høgtidsmål som sigra på teatret.


Oppsummering: frå dansk til dansk-norsk teater

I 1863 hadde teateropposisjonen i det store og heile nådd målet dei sette seg knapt 15 år før, og som Wergeland og 'patriotane' i 1830-åra hadde arbeidd for.

Dei viktigaste føresetnadene for at krava om eit norsk scenemål vart reist på nytt kring 1850, var den sterke kulturnasjonalistiske bylgja sist i 1840-åra, og radikaliseringa og dei aukande politiske motsetnadene. Båe delar hadde både internasjonale og heimlege føresetnader. Språkleg og kulturell opposisjon mot den danifiserte høgborga Christiania Theater vart einstydande med politisk opposisjon mot dei konservative makthavarane. I spissen for teateropposisjonen stod liberale og radikale intellektuelle og kunstnarar, med sterke band til studentmiljøa. Det var i desse miljøa nasjonalismen stod sterkt, ikkje i dei kulturkonservative krinsane. Teateropposisjonen hadde støtte frå småborgarskapet, organisatorisk mellom anna frå handverkarforeininga, og slik gjekk striden om teatermålet inn som ein del av striden mellom ein konservativ overklasse og ein framstormande middelstand.

Frå 1851/52 kom det folkeopplysande momentet sterkare inn, etter at thranerørsla hadde demonstrert at 'folket' ikkje var heilt til å lita på. Teatret var i stand til å nå ut til massane, som i ein viss mon ikkje kunne lesa og skriva, med bodskapen som dei liberale delane av eliten ynskte å få spreidd: Vyrdnad for autoritetar, nøysemd og kjærleik til fedrelandet. Dette var haldningar som framfor alt tok sikte på å verna om dei rådande økonomiske og politiske tilhøva i samfunnet.

Slik fekk nasjonalismen til teateropposisjonen eit dobbelt sosialt innhald. På eine sida vart han nytta som våpen mot ein konservativ overklasse som henta det språklege førebiletet og daningsidealet frå Danmark, og som i klåre ordelag vart skulda for å vera unasjonal. På andre sida vart nasjonalismen teken i bruk som sosialpasifiserande verkemiddel andsynes massane.

Den utgåva av 'det norske' som vart spreidd gjennom teatret, vart heilt og fullt definert av ein elite med urbant ankerfeste. Estetikken vart serleg formulert av Monrad, og det var ei foredla og 'reflektert' utgåve av folkekulturen, eller element frå folkekulturen, som skulle synast fram. Utgangspunktet var eit urbant og borgarleg daningsideal, og det filosofiske grunnlaget kom frå tysk romantikk og hegelsk idealisme. Det var ein grunnleggjande premiss at dei kulturelle og sosiale makttilhøva mellom ålmugen og dei dana ikkje skulle skiplast.

Språkleg synte det seg i at ein skulle ta utgangspunkt i det dansk-norske høgare talemålet, som varsamt skulle dyrkast og tilførast norske element. I ein større samanheng gjekk den målpolitiske rolla til teatret ut på å vera eit drivhus for denne 'dyrkinga' – eit sentrum for det høgare talemålet. Dette førebiletlege målet skulle i neste omgang verka inn både på skriftmålet og talemålet ute i samfunnet. Skiljet mellom 'norsk' og 'dansk' vart drege mellom høgare dansk talemål på eine sida og høgare dansk-norsk talemål på andre sida, men likevel slik at sume element i det høgare norsk-danske talemålet vart oppfatta som 'norske'. Denne vanskelege språklege grensa vart serleg dregen av Knud Knudsen, og klårast i artikkelen frå 1850. Det galdt t d spørsmålet om velar ('dansk') eller palatal ('norsk') uttale av /g-, k-/ i framlyd framfor høge vokalar. For Monrad var det eit viktig prinsipp at både det høgare talemålet og skriftmålet i Noreg var 'norsk' og difor det naturlege, i bokstaveleg meining, utgangspunktet for måldyrkinga.

Likevel var det stor usemje innanfor teateropposisjonen om kor aktivt og kor langt ein skulle gå i å ta i bruk norske språkelement i skriftmålet. Frå 1852/53 var det striden om skriftmålet som dominerte målordskiftet, og her kom skiljelinene etter kvart til å gå andre stader enn i teaterstriden.

Striden mellom teateropposisjonen og forsvararane av Christiania Theater ser ikkje ut til å spegla djupe ideologiske skilnader. Båe partane argumenterte ut frå ein sams ståstad der eit tyskinspirert romantisk kultursyn og daningsideal låg i botn. Usemja var heller eit uttrykk for den politiske striden innanfor den norske eliten kring 1850, og det kom ikkje til å gå mange åra før gamle motstandarar fann kvarandre då nye skiljeliner i målstriden kom opp. Den etter måten smertefrie samanslåinga av teatra i hovudstaden i 1863 var eit uttrykk for dette. Då hadde striden om skriftmålet lenge stått i framgrunnen.

6. Det dansk-norske målstrevet og skriftmålet
Hovudmannen i arbeidet for reformer i skriftmålet i 1850-åra var framfor nokon Knud Knudsen, og innsatsen hans i teatersaka må fyrst og fremst sjåast som ein freistnad på å styrkja det talemålet han meinte burde liggja til grunn for normeringa av skriftmålet.

Dei to hovudlinene i striden om skriftmålet frå 1830-åra – oppnorsking og ortofone rettskrivingsendringar – kom til å gå side om side utetter 1850-åra. Men som me såg i kapittel 4, vart dei knytte ihop av Knudsen i 1850-artikkelen, og i målstriden er det vanskeleg å skilja dei. Oppnorskinga hadde to sider. Den eine var den delen av ortofonien til Knudsen som spegla talemålsskilnader mellom Danmark og Noreg. Den andre var arbeidet for å ta opp norske ord og seiemåtar i skriftmålet, det vil seia ei vidareføring av arbeidet til Wergeland og Asbjørnsen og Moe.

Attåt Knudsen stod serleg Ole Vig i fremste rekkje, og den nye interessa for det nasjonale sist i 1840-åra gjorde at fleire andre tok til orde for å gjera noko med skriftmålet og sjølve prøvde seg med reformer. Føremålet med dette kapitlet er å sjå på målstriden som fylgde av desse reformfreistnadene, og ikkje fyrst og fremst på målbruken. Det må likevel seiast at dei reaksjonane som kom på målstrevet, i stor mon var reaksjonar på avvikande målbruk, og eg lyt difor gå noko inn på den språklege sida. Noka representativ gransking av målbruken i perioden er dette likevel ikkje. Spørsmålet er korleis målbruken vart oppfatta, ikkje korleis han faktisk var.
Hovuddrag i målpolitikken til Knud Knudsen og Ole Vig i 1850-åra

Knud Knudsen og Ole Vig stod kvarandre nær både personleg og målpolitisk frå Vig kom til Kristiania i 1851 og til han døydde i desember 1857. Dei utfylte kvarandre godt og stod fram som målpolitiske parhestar i nokre hektiske år, som kom til å få mykje å seia for målarbeidet til Knudsen. Knudsen var den språkkunnige av dei to, og i det store og heile kan ein sjå Vig som ein veltalande advokat for den mindre ordhage Knudsen. Styrken til Vig var derimot evna til å setja målspørsmålet inn i ein større ideologisk og politisk samanheng, og her var det Knudsen som let seg påverka av Vig. Det overordna målsynet fekk Vig frå Grundtvig, og det var grove drag forma då han slo seg ned i Kristiania. Frå Knudsen fekk han det konkrete språklege reformprogrammet, og samarbeidet førde oppnorskingsarbeidet til Vig over på ein noko tryggare målvitskapleg grunn. I praktisk målpolitikk var det difor ingen stor skilnad på dei. Vig omtala i 1855 Rasmus Rask som «Fader» til rettskrivinga si, og ein annan stad skreiv han om «min og Knudsens Skrivemaade» (Moe 1975:46, 48).

Det som er sagt om Knudsen tidlegare gjeld soleis i stor mon for Vig òg. Her er føremålet fyrst og fremst å sjå på korleis dei omsette desse idéane i målpolitisk praksis. Fyrst vil eg likevel seia litt om idégrunnlaget til Ole Vig.170
Ole Vig

Ole Vig (1824-1857) var husmannsson frå Vikmarka i Stjørdalen (Nord-Trøndelag) og voks opp i tronge materielle kår. Han kom frå ein opplyst heim og hadde eit godt hovud, og alt som fireåring lærte han å lesa av mor si, som òg skal ha vore sers god til å fortelja. For dei fleste 'genia' som dukka opp frå det norske bondesamfunnet på 1800-talet, var det intellektuelle miljøet i heimen og heimbygda avgjerande for kor geniale dei vart, og Ole Vig var ikkje noko unntak. Høverstad (1953:14) får dette klårt fram:


Bak den upplyste husmannsheimen på Vikmarka, boksamlingane, arbeidshuga lærarar og eit upplyst bygdefolk med sans for bokleg kunnskap, står arbeidet til trugne embættsmenn som Wittrup, Heyerdal, Widerøe og andre. Ole Vig er soleis ikkje ein einsleg lysande meteor, som skin frå Vikhamaren og utover landet; mykje meir er han ei varmeuppkoma med innslag frå all rikdomen i Stjørdals-livet.
Dei tre embetsmennene Høverstad nemner, var alle prestar i Stjørdalen og la ned ein stor innsats i opplysningsarbeidet i bygda. Lorentz Wittrup (prest 1792-1811) kom sjølv frå ein fattigheim på Inderøya, men kom seg opp og vart «... millom dei fremste prestane landet har fostra» (Høverstad 1953:13). Han var ein drivande skulemann og skipa opplysningsarbeidet på ein førebiletleg måte. Arbeidet vart fylgt opp av Hieronymus Heyerdal (prest 1817-1835) og F. A. Widerøe (1836-1847). Det stod etter måten sers bra til med skulestellet i bygda, og fram til seminaret i Klæbu kom i gang i 1838, fekk omgangsskulelærarane utdaning hjå presten og den dugande lærar Rømoe på fastskulen. Ole Vig utmerkte seg på skulen, fekk far sin til å betala i bygdeboksamlinga og vart teken godt vare på av prestane. Høverstad (s.15) skriv at «... Widerøe ikkje gjev faren fred fyrr guten får lov til Klæbu».

Til seminaret i Klæbu kom Vig som 17-åring hausten 1841, og han vart uteksaminert sumaren 1843. Deretter var han huslærar hjå prost Magelssen i Åfjorden i Trøndelag til han fekk ein lærarpost i Kristiansund i 1845. Her engasjerte han seg i arbeidet for folkeopplysning og lærarorganisering. Opplysningsarbeidet dreiv han serleg gjennom misjonslaget og handverkarlaget, og det fekk eit oppsving då thranerørsla byrja røra på seg i 1849/50. Vig hadde lite til overs for thranittane og uroa dei skapte, og boteråda var opplysning i grundtvigiansk ånd. I Kristiansund skipa han òg ei lærarforeining og fekk i stand lærarmøte.

Då han kom til hovudstaden i 1851, fekk han høve til å føra arbeidet for folkeopplysning og lærarorganisering vidare på riksplan. Han vart redaktør både i Folkevennen og Den norske Folkeskole, som båe tok til å koma ut i 1852. Folkevennen vart gjeve ut av Selskabet til Folkeoplysningens Fremme (skipa hausten 1851) medan 'Folkeskolen' vart gjeve ut privat av Vig, Knud Knudsen og læraren og grundtvigianaren Peder R. Andersen. Andersen døydde i 1853 og Knudsen gjekk ut or skriftstyret sumaren 1855, so Vig var åleine om siste bandet i fyrste rekkja (1855-56), men det var òg han som hadde sett sterkaste preget på tidsskriftet heile tida (jf Høverstad 1953:150ff). Vig var òg med i styringa av Den norske Dramatiske Skoles Theater (Moe 1975:8).

I hovudstaden stod Vig fram som ein sjølvskriven førar for lærarane som hadde byrja organisera seg. 'Folkeskolen' vart det samlande organet deira, og Vig var hovudmannen bak fleire av dei største lærarmøta på Austlandet og i Trøndelag i 50-åra. Ole Vig vart soleis ein av personane som stod mest sentralt i og hadde størst innverknad på folkeopplysningsfram­støyten i 1850-åra.

Største ideologiske inspirasjonen hadde han fått frå Grundtvig. Alt på seminaret hadde han møtt grundtvigianismen gjennom Klæbu-presten Hans Jørgen Darre som hadde skipa seminaret i 1838. Serleg viktig var seminarlæraren Fredrik Wexelsen som var nevø av pastor Wilhelm Andreas Wexels, den leiande grundtvigianaren i Noreg. I Åfjorden fekk han høve til å fordjupa seg i skriftene til Grundtvig, og serleg vart tida i Kristiansand ei viktig åndeleg mogningstid. Der fekk han òg høve til å omsetja læra i praksis gjennom opplysningsarbeidet. Vig høyrde til ein ny generasjon norske grundtvigianarar som sytte for at grundtvigianismen i Noreg gjekk over frå å vera høgkyrkjeleg, politisk konservativ og lite folkeleg til å bli ei nasjonalreligiøs og liberal rørsle.171 Grundtvig sjølv hadde òg vorte demokrat og medlem av det danske parlamentet etter at han hadde vore politisk konservativ og tilhengjar av eineveldet fram til våren 1848.

Grundtvigianismen hadde dei åndelege røtene i den tyske romantikken og var ein del av reaksjonen på rasjonalismen. Grundtvig var ein ihuga rasjonalismemotstandar og godtok ikkje noko skarpt skilje mellom fornuft og kjensler. Karakteristisk for opplysnings- og folkehøg­skuleidealet vart difor at læraren ikkje berre skulle formidla kunnskap, men òg vekkja og skapa glød. Noko av det som skulle vekkjast, var den sovande folkeånda, og eit overordna mål for skandinavisten Grundtvig var ei atterføding av den nordiske folkeånda. I tråd med romantikken var språket det reinaste uttrykket for folkeånda, for språket var eit hjartespråk som var nært samanvove med historia og forma det eigenlege grunnhåtten i eit folk. Det viktigaste middelet i vekkinga vart difor det levande ordet, som seinare har vorte eit varemerke for folkehøgskuletanken. Vig gjorde skilnaden på tale og skrift klinkande klår på eit lærarmøte i 1854. Her slo han fast at «Det Redskab, som bedst aabenbarer og udtrykker al Aand, og som derfor fra Begyndelsen har været og er Menneskeslægtens store Under­visningsmiddel, er Ordet.» Eit naturlegare middel kunne ingen oppvisa, «... fordi Ordet er det eneste, hvormed alle Mennesker er begavet ligefra de lærdeste Vismænd til de vildeste Barbarer.» Med skrifta var det annleis. Ho var «kun Ordets Skygge, eller dens Afbildning.» Han samanlikna skrifta med eit marmorbilete: Det tok vare på utsjånaden til ein person, men var heller ikkje levande. «Skriften staar, men Ordet gaar».172

Både for Grundtvig og Vig vart det difor om å gjera at skriftmålet òg vart so levande som råd. Dei ausa ord og seiemåtar frå det folkelege talemålet, som var det aller reinaste uttrykket for folkeånda. Grundtvig tok opp drag frå jysk bondemål og skreiv det ettertida har kalla «Borgerstuedansk». Vig gjorde det same i Noreg, og her kom dessutan det nasjonale skiljet mellom folkemålet og skriftmålet inn. Den målpolitiske konklusjonen hans vart difor ei radikal oppnorskingsline.


Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   6   7   8   9   10   11   12   13   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin