Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865


Anthon Bang og Lørdags-Aftenblad



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə17/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   ...   13   14   15   16   17   18   19   20   ...   33

Anthon Bang og Lørdags-Aftenblad

Ein av dei viktigaste støttespelarane til Knud Knudsen i åra etter 1860, var redaktøren, litteraten og folkeopplysningsmannen Anthon Bang (1809-1870). Embetsmannssonen Bang voks opp i Trondheim og byrja på ei militær karriere, men måtte gje seg då han vart lam i beina. Han var radikalar og høyrde til den politiske opposisjonen i 1840-åra, men tok likevel avstand frå Thrane-rørsla. Dette prega dei to avisene han var med på å gje ut i Trondheim kring 1850.277 Som pressemann er han likevel mest kjend for å ha vore med å få i gang Dagbladet (1869), som skulle vera eit opposisjonsorgan i den harde unionsstriden.278 Som forfattar hadde han størst suksess med Fortællinger for Folket (1857), som i granskinga til Eilert Sundt fyrst i 1860-åra kom ut som den fjerde mest lånte boka i folkebiblioteka.279 Men det er vel òg talande for forfattarskapen at dette er den einaste gongen Bang er nemnd i seksbandsverket til Beyer.280

I åra 1860-66 gav Bang ut Lørdags-Aftenblad for Arbeidsklassen, som var eit filantropisk og grundtvigiansk opplysningstidsskrift i Ole Vigs ånd. Det inneheldt oppbyggjeleg og nyttig lesnad for folket, men skilde seg frå Folkevennen på fleire måtar. Artiklane var stuttare. I Folkevennen hadde dei både vorte lengre og mindre tilgjengelege språkleg etter at E. Sundt tok over etter Vig i 1857/58.281 Ein annan skilnad var at lærarane slutta opp om Lørdags-Aftenblad ikkje berre som lesarar, men òg som skribentar. Her var lærarnamn som Anders Reitan og Olaf Røst ofte å finna, og bladet var ikkje minst ein reaksjon på den aukande embetsmanns- og sentrumsdominansen i Folkevennen og Folkeopplysnings­selskapet.

Bladet vart den støtta for målstrevet til Knudsen som Folkevennen ikkje lenger var. Her kom det på prent fleire innlegg som sympatiserte med Knudsen, og den målpolitiske profilen vart understreka av at Bang la om den språklege redaksjonelle lina frå og med 1862-årgangen. Bang gjennomførde då ikkje berre dei fire punkta som vart lovlege i skulen med rettskrivings­vedtaket i mars 1862, men òg meir radikale framlegg som små førebokstavar i substantiv og harde konsonantar ('p, t, k' for 'b, d, g').

Knudsen var ikkje sein om å slå politisk mynt på den nye lina. Ein «e.», som forresten var landsmålsmann, var ute og kritiserte rettskrivinga til Bang i Aftenposten i januar 1862, og Knudsen nytta høvet til å skriva ei forklårande utgreiing i Aftenposten som vart utdjupa i dobbeltartiklar både i Aftenbladet og i Lørdags-Aftenblad.282 Her støtta han Bang og gjorde greie for dei prinsipielle sidene ved sitt eige målstrev og kvar skiljet gjekk mellom dei to. Knudsen ville i fyrste omgang ikkje gå like langt som Bang. Difor skreiv han innlegget sitt i Lørdags-Aftenblad med store førebokstavar i substantiv og 'blaute' konsonantar, men i prinsippet var han samd. Det målpolitiske tilhøvet hans til Bang likna med andre ord mykje på tilhøvet til Ole Vig. Men målet i Lørdags-Aftenblad vekte ikkje strid slik som Folkevennen gjorde 1850-åra. Både skrivemåten til Bang og det departementale rettskrivingsvedtaket i 1862 tyder på at slike avvik frå den tradisjonelle rettskrivinga i ortofon lei ikkje lenger var kontroversielle.

I dei siste årgangane var det òg ein del innslag på landsmål i Lørdags-Aftenblad, fyrst og fremst av Olaf Røst, og det kom på prent nokre landsmålsvenlege innlegg. Hausten 1865 kom det til ein liten strid mellom landsmålsfolket og dei dansk-norske målstrevarane i bladet, og det var ein av dei fyrste gongene dei to flokkane rauk i tottane på kvarandre.283


Oppsummering

Den største støtta fann Knudsen mellom dei leiande seminaristane og ålmugeskulelærarane, og her hadde han god hjelp av Ole Vig. I studentmiljøet vann Knudsen aldri innpass i 1850-åra, og den sentrale overklassedominerte opplysningsrørsla var berre halvhjarta og motviljug med før ho vende det dansk-norske målstrevet ryggen sist i 1850-åra. Berre nokre representantar for den mest radikale delen av folkeopplysningsrørsla, som Vig og Bang, slutta seg til Knudsen, og på sentralt hald var ein glidande overgang mellom dette miljøet og leiinga for lærarrørsla. Mellom lærarane greidde Knudsen og Vig å leggja grunnlaget for eit djupt engasjement i målspørsmålet som heldt fram etter at Vig fall frå. Det vart styrkt av dei aukande politiske og kulturelle motsetnadene på riks- og lokalplan dei fylgjande tiåra, og det går klåre liner frå interessa for det dansk-norske målstrevet og til oppslutnaden om landsmålet frå 1860-åra og utetter.



Del III: Ivar Aasen og landsmålet

8. Ivar Aasen, landsmålet og det nasjonale
Ivar Aasen

Gjennombrotet i 1848

Då Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik i mars 1848, vart han send beint inn i det nasjonalromantiske heltegalleriet av ein meldar i Morgenbladet. Aasen fekk ros for å vilja «... bevare den Skat af Ord, vort Folkesprog besidder, og gjøre den let tilgjængelig for kommende Slægter».284 Grammatikken var «... noget af det Ypperste, den norske Presse har frembragt», og han vitna om 'Skarpsindighed', 'Orden', 'Klarhed' og 'Genialitetens Præg'. Aasen vart sett på line med dei fremste vitskapsmennene ikkje berre i samtida, men «... i alle kommende Tider, Rask og Grimm ikke engang undtagne». Aasen hadde nemleg «... i sit Skrift godtgjort, at Norrønasproget endnu lever kraftigen i vore Fjelddale som Norges rette Odel og Eiendom.» Meldaren gjorde framlegg om at Aasen fekk ei årleg løn mot at han fekk i oppgåve å «... sørge for vort Folkesprogs Uddannelse og Berigelse, med andre Ord; om man ikke skulde ansætte ham som Konservator for vort Sprog, omtrent saaledes som Worsaae i Danmark er bleven ansat som Inspektør for Oldmonumenter i hele Riget.» (sst) Det var sikkert at utbytet ville bli mykje større enn denne utgifta ved at «... den rige Skat af Materialer til Nationalaandens Vækkelse og Uddannelse, samt overhoved til Folkeoplysningens Befordring» kom nasjonen til gode. Meldaren avslutta med eit trugsmål om at dersom staten no ikkje sytte for Aasen, måtte Aasen livnæra seg som «Almueskolelærer paa Landet» når stipendet han hadde hatt frå Vitskapsselskapet i Trondheim sidan 1842, tok slutt.

Både fyrst og sist i 1840-åra synte Aasen ei stor evne til å vera rett mann på rett stad til rett tid, og den kulturnasjonalistiske bylgja frå 1840 og utetter var med på gjera granskingane og det offentlege gjennombrotet hans mogleg. Folkeminnegranskarane hadde innleidd jakta på folkeånda i 1830-åra, og Jørgen Moes Samling af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter som kom i 1840, synte kva skattar som frå ein nasjonalromantisk synsstad gøymde seg hjå ålmugen. I 1830-åra hadde dessutan den samanliknande målvit­skapen slege gjennom i Noreg, fyrst og fremst som hjelpevitskap for historikarane. Då Rudolf Keyser gav ut Om Nordmændenes Herkomst og Folkeslægtskab i 1839, viste han eksplisitt til Jacob Grimm og Rasmus Rask for å grunngje at «Sprog-Forholdene ere dog overhoved det sikreste Grundlag» for å finna støttepunkt for teoriar om folkevandring (Brunstad 1995:196, jf Dahl 1990:44-45). Den ideologiske nyorienteringa, den auka målvitskaplege innsikta og dokumentasjonen av folkeminne førde til ei oppvurdering og auka interesse for målføra. 25-åringen Marcus J. Monrad sa det klårt i 1842, i det fyrste avisstykket sitt, som var ei melding av dei nyutkomne folkeeventyra til Asbjørnsen og Moe: «Vor Landalmues Sprog begynder man (dog) nu at betragte som noget Andet end en hæslig Fordreielse af det skjønne danske Skriftsprog.» (her etter Knudsen 1923:47)

Det var på denne tida 28-åringen Ivar Aasen melde seg til teneste for den borgarlege nasjonsbygginga. I juli 1841 drog han til Bergen med ei plantesamling og ein grammatikk over sunnmørsmålet, og etter noko om og men fekk han framståande bergensakademikarar som biskop Neumann og Lyder Sagen i tale. Aasen trudde sjølv mest på at plantesamlinga kunne føra han opp og fram i verda, men ut frå det kulturpolitiske klimaet er det skjøneleg at augo til Neumann heller fall på grammatikken. Neumann fekk venen Fredrik Moltke Bugge i Trondheim til å innsjå kor verdfull den unge talentfulle lingvisten var, og Bugge, som var preses i Vitskapsselskapet i Trondheim, fekk selskapet med på å gje Aasen stipend i to år for å granska målføra på Vestlandet. Seinare vart stipendet forlengd og oppdraget utvida til å gjelda andre delar av landet, og frå 1842 til 1851 var Aasen løna av Vitskapsselskapet. Frå hausten 1842 til hausten 1846 var han på reisefot, og i 1847 slo han seg ned i Kristiania.

Aasen var òg heldig med tidspunktet for utgjevinga av resultata frå målføregranskingane. Grammatikken (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850) kom ut medan interessa for det 'nasjonale' var på topp i det høgkulturelle livet. Det kom til uttrykk i den nemnde meldinga i Morgenbladet, og sameleis då nestoren i norsk målvitskap, P. A. Munch, melde dei to verka. Meldinga hans av grammatikken opna med at
Dette skrift, som vi her anmelde, er ikke alene en Prydelse for vor Litteratur, men det er et Nationalverk, af hvilket det hele Folk kan være stolt, Thi det lægger mere, end noget Skrift i lignende Retning hidtil har formaaet, det norske Folks egte og ublandede nordiske Nationalitet for Dagen, det viser, at den ældgamle, mere end tusindaarige Norrønatunge endnu kraftigen lever og rører sig hos Folket og med en egte, oprindelig Klang, som man endog paa Island forgjeves søger, ...285
På få år fekk Aasen ein eineståande posisjon som målvitskapsmann, og det vart stadfest då Aasen frå 1851 fekk stipend av Stortinget for å halda fram med målgranskingane, eit stipend han kom til å ha livet ut.

No kom det likevel ikkje til å gå nett slik meldaren i Morgenbladet tenkte. Aasen hadde ingen planar om å bli museumsstyrar for eit døyande folkemål. Heilt frå han interesserte seg for målspørsmålet i 1830-åra, hadde han andre tankar enn kultureliten om kva slike målgranskingar skulle tena til. Det var tankar han i det store og heile hadde fått heime på Sunnmøre, og den sosiale og intellektuelle bakgrunnen hans var avgjerande for at han aldri vart nokon lojal medarbeidar i den romantisk inspirerte nasjonsbygginga som den urbane kultureliten hadde byrja med.


Frå bygdeintellektuell til målgranskar

Iver Andreas Aasen (1813-1896) var bondeson og kom frå garden Åsen i Ørsta, Sunnmøre. Han var yngstemann i ein syskenflokk på åtte. Mor hans døydde då han var tre år, faren då han var tretten, og deretter tok broren Jon over garden. Iver hadde stor lesehug, og hausten 1831 kom han seg unna det traurige arbeidet på heimgarden ved å bli skulehaldar i Ørsta. To år seinare fekk han reisa til prost Thoresen i Stokksund som dreiv privatopplæring av skulehaldarar, og etter to år hjå Thoresen fekk 21-åringen Aasen i 1835 ein post som huslærar hjå kaptein Ludvig Daae på herregarden Solnør ved Ålesund. Her tente han til 1842, då han som 29-åring tok fatt på målgranskingane for Vitskapsselskapet i Trondheim.

Om «oppdaginga» av Aasen i 1841, er det fyrst og fremst dét å seia, som Stephen Walton (1991:82) har gjort, at «Det var ikkje Bergens-borgarskapet som oppdaga Aasen, det var han som oppdaga dei». Aasen drog til Bergen i juli 1841 med von om at plantesamlinga eller sunnmørsgrammatikken kunne gje han eit meir gjevande arbeid enn lærargjerninga på Sunnmøre, og han måtte slita langt meir for å få «velgjerarane» biskop J. Neumann, Lyder Sagen og domkapellan A. W. Greve interesserte enn ettertida ofte har gjeve inntrykk av (Walton 1991:65). Den viktigaste grunnen til at Aasen drog til Bergen var nok sopass triviell som at han ynskte seg eit meir utfordrande arbeid enn huslærarposten hjå kaptein Daae på Solnør ved Ålesund.

Arne Apelseth har i fleire arbeid fått klårt fram korleis verksemda til Aasen sprang ut or den regionale opplysningstradisjonen og lærdomskulturen på Sunnmøre (Apelseth 1991, 1992, 1996a, 1996b). Dei sentrale føresetnadene for at det kunne oppstå eit slikt miljø på Sunnmøre, finn Apelseth i demokratiseringa av skriftkulturen som fylgde av konfirmasjons­forordninga (1736), og det økonomiske livet på Sunnmøre som var prega av framdrift, etter måten egalitære sosiale tilhøve og lang avstand til store byar (Bergen og Trondheim). Kontakten mellom stendene gjorde verksemda til aktive opplysningsprestar som Hans Strøm (1726-97) mogleg, og det kom opp ein kulturelite av embetsmenn som sette mykje inn på å spreia lærdom og kunnskap til ålmugen. Her fanst det mellom anna mykje kunnskap om språktilhøva i Noreg.

Serleg viktig for Aasen vart verksemda til Sivert Aarflot (1759-1817). Han var bondeson, men slo seg opp og vart lensmann. På Ekset skipa han ei folkeboksamling som talde over 550 bøker i 1812, i 1803 tok han til med eit seminar for lokale omgangsskulelærarar («Søndags­skolen»), han fekk i gang det fyrste prenteverket på landsbygda i Noreg (1807), og frå 1810-16 gav han ut Norsk Landboeblad på ei tid då det berre kom ut aviser i nokre få norske byar (Apelseth 1991:111-124). Ivar Aasen budde nokre få kilometer frå boksamlinga på Ekset til han var 18 år, og det var her han fekk si fyrste utdaning. Seinare las han seg både gjennom biblioteka til prost Thoresen og kaptein Daae. Apelseth peikar på ei rad drag som knyter Aasen til den tidlegare opplysingstradisjonen, m a referansane til grunnlova i «Om vort Skriftsprog». Same året (1836) hadde grunnlova 72 låntakarar i boksamlinga på Ekset (Apelseth 1991:117).
Språkmannen Aasen

Aasen debuterte ufrivillig som målvitskapleg forfattar i 1841, då Neumann publiserte fortala til Sunnmørs-grammatikken som Aasen hadde med til Bergen i manuskript.286 Tankane om målstoda hadde han fest til papiret alt i 1836 i det vidgjetne stykket «Om vort Skriftsprog» som vart verande uprenta til 1909. I 1846 prenta Aasen den fyrste vitskaplege avhandlinga, som var ei utgreiing om korleis han hadde lagt opp arbeidet med grammatikken og ordboka (Aasen 1846), og i 1848 og 1850 kom dei fyrste utgåvene av grammatikken og ordboka, som kom i nye utgåver i 1864 og 1873 som Norsk Grammatik og Norsk Ordbog. Dei viktigaste målpolitiske skriftene hans, er meldinga av Folkevennen (1852), det kulturkritiske essayet «Om Dannelsen og Norskheden» (1857), «Minningar fraa Maalstriden um Hausten 1858» (1859) og fortala til 1864-grammatikken. Aasen tok ikkje offentleg til orde for å gjera landsmålet til eit vanleg bruksspråk før i 1852, og det var fyrst i skriftene frå og med 1857 at han stod fram som ein opposisjonell målpolitikar, og ikkje berre målvitskapsmann.

I den fylgjande framstillinga av Aasen-normalen og Aasens syn på språk, kultur og nasjonalitet, legg eg hovudvekta på dei nemnde skriftene. Dei frå før 1852 skal stort sett få liggja. Det som skal stå i sentrum her, er det teoretiske og ideologiske grunnlaget til Aasen, serleg dei punkta som verka sterkt utfordrande i samtida og som vart sentrale i målstriden.
Språksyn og metode

Det programmatiske i tittelendringane frå «det norske Folkesprog» i 1848/50 til «norsk» i 1864/73 (Norsk Grammatik/Norsk Ordbog) er tydeleg nok, men det må ikkje få oss til å oversjå at det òg låg noko programmatisk i titlane Det norske Folkesprogs Grammatik og Ordbog over det norske Folkesprog. Ein hadde med eitt språk å gjera, ikkje berre ei rad dialektar. Desse dialektane hadde sams struktur som gjorde dei til eitt språk og skilde dei frå dansk og svensk. Det heilt sentrale for Aasen vart difor å finna fram til og syna det strukturelle samsvaret mellom dialektane. Alt målarbeidet til Aasen var tufta på dette synet, og det er klårt og prinsipielt formulert i dei aller fyrste linene i innleiinga i Aasen 1864:


Det Tungemaal, som tilhører den norske Almue, har meget tilfælles med det svenske og dernæst ogsaa med det danske, men adskiller sig fra dem begge ved et Forraad af særegne Ord og Former, og har i det Hele saa meget eiendommeligt i Formen, at det ikke kan falde sammen med noget af disse Nabosprog, men maa nødvendig tænkes opstillet ved Siden af dem som en selvstændig Sprogform. I selve Grundlaget falder det nærmere sammen med den islandske Sprogform, som egentlig ogsaa er udgaaen fra Norge; men alligevel har dog den norske Form udviklet sig anderledes end den islandske, saa at ogsaa disse nu ere noget ulige. (Aasen 1864:1)
Som Walton (1991:151, 174) peikar på, var denne teorien ein grunnføresetnad for arbeidet hans, og han strukturerte både tenkinga om og arbeidet med språket (sjå t d Aasen 1846:61). Dette var ikkje noko Aasen hadde funne på sjølv. Ideen om at målføra, eller i minsto sume av dei, var leivningar frå det gamle norske målet, stod sentralt mange av arbeida om norske bygdemål før Aasen (jf s.Error: Reference source not found). Dette etniske språkmedvitet stod òg sterkt i det språkinteresserte miljøet på Sunnmøre (Apelseth 1991:57), og Hallager (1802) var ei av Aasens sentrale kjelder til kunnskap om norsk mål før han sjølv tok til med granskingane.

Den målvitskaplege fylgja av teorien var at Aasen såg det som oppgåva si å abstrahera einskapen i eit føreliggjande mangfald av dialektar. Då trong han eit grunnleggjande kriterium i vurderinga av dei mange ulike formene, og dette fann han i omgrepet 'den fuldkomneste Form', som vart eit av dei mest sentrale omgrepa i språkteorien hans. I 1846 definerte han omgrepet slik: «Som fuldkomneste Form ansees den, der stemmer mest overeens med de beslægtede Ord, med andre Ord af samme Slags, og med Formerne i det gamle Sprog. Saaledes er f. Ex djup fuldkomnere end jup, Morgon fuldkomnere end Morgaa, Moron og Maaro, etla fuldkomnere end esle og elsje.» (Aasen 1846:68) Ingen einskild dialekt hadde alle dei fullkomne formene: «Overalt tjener den ene Dialekt til at oplyse den anden; den fuldkomneste Form findes snart i Agershuus, snart i Bergens, snart i Kristiansands Stift» (sst:60).

Gjennom ei slik systematisk samanlikning kunne ein koma fram til eit samlande uttrykk for alle norske dialektar, det som Aasen sjølv kalla 'grunndialekten' og som Einar Haugen har kalla «protonorsk» (jf Torp/Vikør 1993:152). Dette var metoden frå den samanliknande målvitskapen, som Aasen hadde lese seg til fyrst i 1840-åra då han studerte verka til Rasmus Rask og Jacob Grimm (sjå Bondevik 1986). Djupedal (1964:12) meiner Aasen vart «... for målføregranskinga det same som Rask, Bopp, Grimm og Munch alt var for allmenn språkgransking», og han konkluderer med at Aasen grunnla ein ny vitskap, «... den jamførande målføregranskinga.»

Omgrepet 'fullkome form' og teorien om det samlande i målføra var i stor mon styrande i den empiriske granskinga frå 1842 og i rekonstruksjonen av eit norsk skriftmål. Han gjekk ut frå sunnmørsgrammatikken som han sjølv hadde laga, og innarbeidde heile tida det han fann i grammatikken. Walton (1991:184ff) kallar dette den «kumulative metoden» til Aasen, og han meiner Aasen alt i løpet av dei to fyrste åra hadde klårt føre seg kva som var dei fullkomne formene, «som han alt hadde begynt å oppfatta som 'norsk'». Ut frå oppfatninga om eit protonorsk rangerte so Aasen dialektane som meir eller mindre «ægte». Det var fleire motpolar til omgrepa «norsk/fullkommen/ægte», men dei to vanlegaste var «Bysprog» og «uægte» (Walton sst). Ut frå denne rangeringa kom målføra i Hardanger, Voss og Sogn øvst saman med sume midlandske mål, som hallingmålet. Dialektane på det sentrale Austlandet og serleg bydialektane enda i andre enden av skalaen som dei mest «uægte». Eit framskote drag i skriftene til Aasen, og serleg i dei mindre formelle, er karakteristikkane av dialektar og dialektformer ut frå dei nemnde motsetnadspara. Aasens skilje mellom gode og dårlege dialektar hadde eit sterkt ankerfeste i målvitskapleg teori og metode, til skilnad frå dei estetiske vurderingane av 'stygge' og 'klangfulle' dialektar som ein ofte støyter på (t d hjå P. A. Munch og Garborg, jf Knudsen 1926).


Landsmålsnormalen

Tanken om at granskingane skulle enda opp i eit nytt skriftmål, prega arbeidet hans frå fyrste stund. Utforminga av landsmålsnormalen skal stort sett få liggja, og eg vil nøya meg med å peika på nokre overordna prinsipp og utviklingsdrag. Ein grunntanke for Aasen var at det skriftlege normalmålet – 'grunndialekten' – skulle vera nynorsk, ikkje gamalnorsk. Han tok difor ikkje med grammatiske kategoriar som ikkje lenger fanst i det levande talemålet. Men samstundes skulle òg dei kategoriane som var nedervde frå gamalnorsk og framleis fanst i talemålet, koma til uttrykk i skrift (Torp/Vikør 1993:155). Det har slåande vorte sagt at Aasen bygde på målføra og nytta gamalnorsk som appellinstans der han var i tvil om kva som var den fullkomne forma. Og som me har sett, avviste Aasen at ein fann alle dei fullkomne formene i grunndialekten i ein einskild dialekt. Landsmålsnormalen måtte difor byggja på ei jamføring mellom alle dialektane, der ein tok ut det beste frå kvar av dei. Haugen har teke i bruk ordet 'rekonstruksjon' framfor 'konstruksjon', i og med at Aasen gjekk ut frå eit levande talemålsgrunnlag: «Aasen meinte han hadde funne eit språk, medan andre sa han hadde funne opp eitt. Eg meiner vi no kan identifisere det som ein rekonstruert, klassisk standard for dei norske dialektane.» (Haugen 1965:176)

Indrebø (1951:437-439) har sett opp fire prinsipp som Aasen fylgde innanfor denne grunntanken i rekonstruksjonsarbeidet. For det fyrste skulle normalmålet svara til det sams systemet i målføra, i bøying og lydverk. Det var viktigare å få fram det sams systemet i bygdemåla enn å få til eit strengt fonetisk samsvar med sume målføre. Den andre hovudtanken var det Indrebø kalla samanhengslova: Samanhengen mellom nærskylde ord skulle koma fram. Når ein skreiv 'kald, hug, riva, vatn', skulle ein òg skriva 'kaldt, hugsa, rivna, vats[-sele]', ikkje 'kalt, huksa, remna, vass-' sjølv om dei siste formene var mest i samsvar med uttala. For det tredje tok Aasen omsyn til skriftsystemet i grannemåla. Han skreiv t d 'g(j)-'/'k(j)-' i framlyd på same måten som i dansk, det vil seia ingen 'j' framfor høge vokalar og diftongar ('i, y, ei') sjølv om uttala var palatal. Det fjerde prinsippet Indrebø set opp, er det historiserande. Ein skulle kunna sjå samanhengen med gamalnorsk, men likevel ikkje slik at det kom på kant med dei andre prinsippa. Torp og Vikør (1993:155) nemner dessutan prinsippet om morfologisk eintydigheit: Kvar bøyingskategori skulle ha eit merke. T d skulle inkjekjønnsformer ha '-t' både i substantiv ('Huset, Augat'), i partisipp og sterke adjektiv ('funnet, opet') og i andre former (som pronomen – 'nokot').

I motsetnad til dei fleste andre som gjekk med tankar om eit landsmål i 1840-åra, såg Aasen føre seg eit nytt bruksmål som skulle fungera i praksis, og ikkje eit språk som berre skulle vera til stas og nyttast til vitskaplege føremål (som nedskriving av folkedikting). Dette prega dei nemnde prinsippa, og av same grunn avviste Aasen å gå utanom det vanlege alfabetet for å finna teikn som kunne gje att spesielle lydar. Dette hadde m a Holmboe vore talsmann for både då Vitskapsselskapet engasjerte Aasen i 1841 og i ein artikkel noko seinare (Holmboe 1844).

Dei same praktiske omsyna vart avgjerande for synet hans på den vedlikehaldande normeringa av språket. Han var ein livslang motstandar av reint grafiske endringar, som å gå over frå gotisk («norsk») til latinsk skrift og å slutta med store bokstavar i substantiv, og han hadde aldri sans for dei ortografiske endringane som Knudsen arbeidde so ihuga for. Aasen meinte alle slike kosmetiske endringar berre gjorde vondt verre av di dei som ein gong hadde lært seg å skriva måtte endra vanane sine. Av dei same grunnane ville Aasen at det som vart skrive på landsmål skulle vera mest mogleg einskapleg. Di meir einskapleg det var, di meir attkjennande og lettlært vart målet, og di større vyrdnad ville det få. Aasen var ein ihuga anti-ortofonist, av heilt opplagde grunnar. Han hadde teke på seg den vanskelege oppgåva å gjera eit skriftmål av eit mangfelt talemålsgrunnlag, og ei streng gjennomføring av prinsippet om samsvar mellom tale og skrift ville i utgangspunktet gjort oppgåva meiningslaus. Det pedagogiske for Aasen låg nettopp i den stabile norma og den indre samanhengen i målet. Det var hovudgrunnen til at han la so mykje inn på å motarbeida variasjon i målbruken og endringar i landsmålsnorma heilt frå 50-åra og til han døydde. Attåt desse praktiske omsyna la Aasen vekt på at målet skulle ha ei vyrdeleg form. Dersom det skulle vera tevleført med dansk, måtte det ha ein viss historisitet og drag som folk var vane med frå skriftmåla i dansk og svensk. Båe omsyna verka inn då han fylgde skriftsystemet i grannemåla, og når han valde dei mest historiserande målføreformene.

Som nemnt hadde Aasen gjort seg opp ei meining om kva som var 'norsk' mål i midten av 1840-åra, og sameleis hadde han alt då gjort seg opp ei meining om korleis landsmåls­normalen skulle sjå ut. Walton (1991:188) har synt korleis innsamlingsferdene var ei viktig normeringstid for Aasen. Sist i 40-åra drøfte han normalen med venen Carl Richard Unger. I 1848-grammatikken let han vera å setja opp ein klår normal, men i januar 1849 vart det fyrste stykket på landsmål prenta anonymt i Morgenbladet med tittelen «Samtale imellem to Bønder».287 I ein merknad stod det at «Sprogformen er dannet ved Sammenstilling af flere Dialekter.» I 1853 gav Aasen ut Prøver af Landsmaalet i Norge. Hovudinnhaldet var målføreprøver, men på slutten sette han inn nokre stykke på eit normalisert landsmål i lågstil, mellomstil og høgstil.

Einar Haugen (1933) har granska Aasens arbeid med normalen og identifisert fire hovudsteg. «The first tentative form» meiner han var 1848-50, med «Samtale...» som den viktigaste. Andre steget var «The first official norm» (1853) som var Prøver. Tredje steget var «Old Norse triumphant» som Aasen nådde med landsmålsomsetjinga av Fridtjofs Saga i 1858, etter å ha vore gjennom ein overgangsperiode med «Further etymologizing» sidan 1853. Etter Fridtjofs Saga nådde Aasen fram til det fjerde steget, «The completed norm», som han stort sett fylgde resten av livet, m a i grammatikken og ordboka frå 1864/1873.


Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   13   14   15   16   17   18   19   20   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin