Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865


Framstøytane frå landsmålshald



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə20/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   ...   16   17   18   19   20   21   22   23   ...   33

Framstøytane frå landsmålshald

Attåt Aasens Fridtjofs Saga byrja Vinje å gje ut vekebladet Dølen 10. oktober. I november kom det eit langt innlegg med eit prinsipielt og filologisk tungt forsvar for landsmålet frå Bergen (prenta i Christiania-Posten), og i desember kom Ny Hungrvekja av Jan Prahl, ein målpolitisk pamflett skriven på eit mål som låg nærare gamalnorsk enn nynorsk. Dessutan kom Norske Folkeviser av Sophus Bugge ut.

Dette førde til ei rad åtak på landsmålet i hovudstadspressa og nye innlegg frå målfolket. Det meste hende i dei tre siste månadene i 1858, men det kom nokre etterdønningar utetter vinteren 1859, serleg frå landsmålshald. Utspela ser ikkje ut til å ha vore samordna, og ein kan vanskeleg tala om ein landsmålsframstøyt i eintal. Serleg ser målmennene i Bergen ut til å ha operert på eiga hand. Samstundes var striden eit klårt vitnemål om at det no fanst sterke landsmålsmiljø i dei to største byane.

Miljøa og opphavet deira vert skildra og drøfta nærare i kapittel 12. Emnet her er innhaldet i dei mange utspela. Det er naturleg å ta det som kom frå Bergens-miljøet og Kristiania-miljøet kvar for seg, både av di dei var mykje godt ubundne av kvarandre, og av di ein kan sjå ideologiske skilnader.


Bergens-modellen

Dei to tunge innlegga frå Bergen må i det store og heile ha vore utforma før målstriden braka laus i hovudstaden, men dei nådde ikkje ålmenta før striden hadde rasa ei stund. Artikkelen «Lidt om norsk Sprog» av Marius Nygaard stod i Christiania Posten i midten av november, men det er klårt at han var skriven tidlegare.335 Han inneheldt heller ikkje 'litt', men i alt over 10 spalter med prinsipiell argumentasjon for landsmålet. I desember kom Ny Hungrvekja av Jan Prahl ut. Prahl nemnde Aasens omsetjing av Fridtjofs Saga, men ein må rekna med at han alt hadde arbeidd med boka ei god stund før Fridtjofs Saga kom ut.



Christiania-Posten hadde eit poeng når avisa meinte «... hin Opsats [artikkelen av Nygaard] i det Hele taget syntes at være forfattet af en Mand, der, skjønt vistnok ret dygtig, dog først temmelig nylig er traadt ind paa Filologiens Enemærker, saaledes viser ogsaa det nævnte Spørgsmaal Umodenhed.»336 Nygaard var 20 år då han skreiv artikkelen og hadde då studert målvitskap i hovudstaden i tre år (sjå s.Error: Reference source not foundf).

Det teoretiske og metodiske grunnlaget for artikkelen var skulerett henta frå tysk romantikk og samanliknande målvitskap. For Nygaard var «... det nationale Element i Sproget af overordentlig Vigtighed, thi norsk Sprog er mig det vigtigste Udtryk for norsk Nationali­tet», og «... et Folk, som savner dette Nationalitetens vigtigste Kjendemærke, kan kun have svagt Haab om en selvstændig Fremtid». Han registrerte at det for tida var «... to Sprog, som kaldes «norsk», men det synes jo dog at være klart, at, er et Sprog norsk, kan et andet ikke være det, medmindre disse Sprog igrunden ere et, men det maa da først undersøges». Og det var nettopp det han gjorde i framhaldet, då sjølvsagt med det føremålet å skilja skarpt mellom norsk og dansk og ekskludera skriftmålet og det høgare talemålet frå nemninga 'norsk'. Han avviste at målet kunne vera «dansk-norsk», for den nemninga «... forudsatte, at dansk Nationalitet var det samme som norsk Nationalitet, eller at begge, blandede sammen i lige Forhold, vare gaaede over til en ny». Det var ein «historisk Umulighed» at eit språk kunne gå ut or to nasjonalitetar. Nygaard avviser blandingsmål på same vis som P. A. Munch og dei andre framståande talsmennene for den samanliknande målvitskapen. Han henta òg kriteriet for å avgjera nasjonaliteten til eit mål frå den samanliknande målvitskapen: «I Sprogets formelle Del eller den egentlige Grammatik fremtræder Folkeeiendommeligheden stærkere.» ('Grammatikken' femna her både om morfologi og syntaks.)

Men kva skal ein stilla opp mot skriftmålet når folkemålet berre fanst i ei rad ulike dialektar? Her hadde Aasen alt gjort arbeidet og synt at dialektane berre i «uvæsentlige Stykker afvige fra hinanden». «Naar Sammenligning med et andet Sprog skal finde Sted, kan man ikke tage Hensyn til et enkelt Bygdemaals særlige Egenheder, men kun til dem, som findes i alle Dialekter eller udgjøre Folkesprogets Mærker som Enhed betragtet.» Dette utdjupa han med å syna til Aasens seks punkt over kva som djupast sett var karakteristisk for 'norsk' mål (sjå Aasen 1848:214-215, §341).

Den skuleflinke språksamanliknaren Nygaard hadde soleis prova vitskapleg at ein hadde med to ulike mål å gjera: «Folkesproget og Skriftsproget ere ikke blotte Modifikationer af det samme Sprog, men to væsentligt forskjellige Sprog; alene hint er norsk, det andet er dansk.» Det «dannede Talesprog» plasserte han deretter like konsekvent i kategorien 'dansk', for «Det eneste Punkt, hvori Talesproget har nogen iøinefaldende Forskjel fra Skriftsproget, nemlig om haarde Consonanter for bløde, bliver tilsidst ogsaa til en ubetydelig Udtaleforskjel.»

Den andre delen av dobbeltartikkelen nytta han stort sett til å argumentera mot det dansk-norske målstrevet. Ein fekk ikkje eit norsk mål ved å ta opp norske ord i dansken sidan det var grammatikken og ikkje ordtilfanget som avgjorde nasjonaliteten til eit mål. «De danske Former maa bort og de norske optages, hvis dansk Sprog skal give Plads for norsk.» Men då måtte ein bruka tvang, for «naturlig kan en saadan Forening aldrig blive». Her hekk metaforar frå biologien laust – «Sproget er en fuldt udviklet Organisme», og det danske målet vart jamført med ein «Podekvist». «Den kunde kanske leve, men aldrig blive andet end en blot ydre Tilsætning, som uden Skade vilde kunne afskjæres; ...». Å tala om «blandede Sprog» var meiningslaust, for slike fanst ikkje . «Et Sprog maa det være, et andet kan kun have havt uvæsentlig Indvirkning paa det.» Og om det no var mogleg, so ville me «... jo dog kun faa frem et Blandingssprog, et dansk-norsk Sprog, og det er jo ikke det, vi vilde have, men vi stræbe efter et norsk nationalt». «Fra et sproglig Standpunkt maa man saaledes protestere mod disse fornorskende Bestræbelser, idet disse baade misforstaa Sprogenes Væsen, og heller ikke lede til noget Resultat».

Dei siste to spaltene var sette av til ein patosfylt argumentasjon for kvifor det var viktig å bli heilt norsk i målvegen. Det eine poenget var at ein hadde ein moralsk skylnad til å oppretthalda nasjonaliteten, ut frå ein ålmenn tanke om at kvar nasjon tilfører verda noko unikt. Det ein gjorde med nasjonalmålet måtte «... hvile paa en sand Grundvold. Til syvende og sidst er Nationaliteten kun en Form, men ikke en, som man kan beholde og bortkaste efter Behag, men som derimod er af væsentlig Betydning ikke alene for det enkelte Folk, men for hele Verden, da den repræsenterer en egen bestemt Side af Menneskeaanden.» Skal eit folk oppfylla denne skyldnaden, er det viktig at det uttrykkjer «en sand Folkepersonlighed» og ikkje «Affektation». Det andre og viktigaste poenget er sjølvforsvarstanken: Dersom ein nasjon skal kunna stå imot undertrykking og hevda det politiske sjølvstendet, må han vera språkleg og kulturelt sjølvstendig. Ved å kalla det danske målet 'norsk', heldt ein nordmenne­ne i «planmæssig Uvidenhed om sit eget Værd». Dei mistydde og forakta sitt eige, og til slutt risikerte ein å koma so langt at undergraving av norskdomen ville kasta «Nordmændene i Armene paa et andet Folk».

Den einaste farande vegen var difor å ta i bruk «Folkesproget» som skriftmål. Innvendingane om at det norske målet ikkje kunne brukast i «Civilisationens Tjeneste», møtte han med at det burde få ein sjanse. Det var ikkje snakk om å tvinga folk til å skriva det nye målet. Tvert om skulle det vera «Fuldkommen Frihed» til å nytta det eine eller det andre. Men når norsken fyrst var teken i bruk som middel for «Folkets Civilisation og Oplysning, vil den snart ogsa blive de «Dannedes» Sprog, og da først kunne vi sige, at vi ret have brudt med den gamle unationale Udvikling og begyndt en ny som Nordmænd

Ny Hungrvekja kom ut anonymt i «Bergin» og var «Prentud hjá J. D. Beyer». Det har likevel aldri vore tvil om at forfattaren var den 25 år gamle Jan Henrik Fasmer Prahl.337 Som Krokvik (1993:165) har sagt det, sette Prahl med Ny Hungrvekja merket sitt på ytterflanken i målsoga; «... hungrvekjamålet i dag som då er det nynorske endepunktet i gråsona mot det gamle norrøne millomalderskriftmålet som vart burte i Noreg.»

Karakteristikken er òg dekkjande for innhaldet, som her skal få stå i sentrum. Ny Hungrvekja er eit offensivt kampskrift for ei nasjonal mål- og kulturreising. Til liks med Nygaard står Prahl trygt planta i kulturfilosofien til dei tyske romantikarane. Prahl vil atterreisa norsk mål, som han kallar «norrönt». Noko brått og definitivt målbyte ville han likevel ikkje ha. «Sagan», det vil seia Prahl, «... krevr inki, at hverr mann her i landit frá visindamanninn [vitskapsmannen] til bondinn i morgun bert skal skriva og tala norrönt» (s.92). Det lyt difor «... verda gert hvat moguligt er, til at spreida kunnskapinn om norröna málit snöggar og betr bland norröna folkit enn einn higgat til hevir gert» (sst). Det vart fyrst og fremst opp til «folkaupplysingar-sambandins» (Folkeopplysningsselskapet) og Stortinget, som året før hadde motteke eit krav frå Vinje om å ta inn norrønt som valfritt fag til examen philosophicum (s.100).

Folkeopplysningsselskapet får det glatte lag for å senda ut skrifter i «vanliga dansk-norröna vesallmáll» (s.94), og serleg for noregssoga til Keyser (s.96). Prahl vil heller at dei skal senda ut bøker på Aasen-mål, og «Me segja i Ásins norröna; di at einn tarv inki dá rædast fyri, at folkit inki skal skyna» (s.93). Han nøyer seg i fyrste omgang med å krevja at ein tredel av skriftene skal koma på norsk (s.95). Det var eit rimeleg krav, meinte han, at «... hvar einn, som vil gerast student elr lieutenant, almugakennari [ålmugeskulelærar] elr undirofficier, lytr syna av sig fullnögjandi kunnskap i dann mannandi [humanistiske] grein, som einn likt med 'latin' og 'griksk' kann kalla 'norröna'.» (s.100). Målet måtte vera at dei vart like dugande i «norröna» som i dansk.

Det ser ut som om han tenkjer seg Aasen-målet som ein overgang til «norröna» (s.94), og slik har iallfall Longva (1984:37) meint det. Men serleg klår er han ikkje på dette punktet, noko som serleg kjem av at «norröna»-nemninga hans både femnar om gamalnorsk og nyare norsk. Det er iallfall for enkelt å omsetja «norröna» med «norrønt» utan drøfting slik Longva (sst) gjer. På andre sida er det å dra Prahl anno 1858 for langt i Aasen-lei når Krokvik (1993:81ff) hevdar at Prahl eigenleg ville ha Aasen-normalen og berre såg på sitt eige mål som høgstil og eit eksperiment. Det er ikkje grunnlag for å tolka Ny Hungrvekja so konkret, og ein kan heller ikkje grunngje kva Prahl meinte i 1858 med at han sa seg samd med tankane til Aasen i 1871 og skreiv eit stykke på Aasen-mål i 1907 (Krokvik 1993:89).

No er det frå min ståstad mindre interessant kva Prahl eigenleg meinte i 1858. Både målfolk og andre oppfatta han meir enn nokon annan som talsmann for eit mål meir merkt av norrønt. Skal ein peika på likskapar med andre, ligg han både ideologisk og språkleg nærast P. A. Munch og måltanken hans frå 1832 og 1845, og han gjekk jamvel lenger enn Munch.338 Det gjeld ikkje minst i argumentasjonen som Prahl nytta for å koma fram til det nemnde og noko uklåre framlegget. Nygaard let den samanliknande målvitskapen vera berande i argumentasjonen, og dette førde logisk fram til eit val mellom å la seg undertrykkja og leggja landet kulturelt og difor politisk ope, eller å bli seg sjølv gjennom å reisa eit norsk mål. Det som skulle føra fram til rett standpunkt, var fyrst og fremst vitskapen og fornufta. Prahl la derimot hovudvekta på det historisk-moralistiske og appellerte til kjenslene gjennom ei innlevande skildring av den norske gullalder-, syndefalls- og atterreisingssoga. Målreisinga var eit oppgjer med historisk urett og danske overgrep. Prahl skildrar korleis danskane la Noreg under seg med hjelp frå ei lita gruppe danifiserte nordmenn. Slik gjekk den storfelte norrøne kulturen og det rike norrøne målet under. Men nordmennene ville ikkje vera «Undirdanir» (s.10). Problemet var ikkje lenger at Noreg var undertrykt av Danmark, men at ibuarar i Noreg stod i vegen for at den nasjonale reisinga kunne halda fram. Desse ibuarane var ikkje retteleg norske:
Som me ovanfyri hava sagt, möta me bland Noregsbuarni tvæ tjodarkvislir ['nasjonsgreiner']. Me möta ein stor yvirmengd, som kallar sig dann norröni bondinn, og som er ættud frá dei gamli Nordmenn; – og me möta ein litil undirmengd, som fyri störsti partinn er ættud frá utlendingar og som kallar sig sidhevdandi [kulturberande] Nordmenn. (s.32)
Striden i Noreg stod difor mellom to nasjonar, eller iallfall to etniske grupper, og dette synet ligg i botnen for den vidare argumentasjonen. Vona låg i bøndene og bondekulturen. Prahl var optimistisk, for Folkeopplysningsselskapet hadde prenta «Om Dannelsen og Norskheden» (1857) av Aasen i bladet sitt «utan at mæla mot» (s.39). Mykje av det som deretter fylgjer, liknar mykje på Aasen 1857. Prahl argumenterer mot at bondemålet er ueigna som kulturmål, og syner som Aasen at det berre er fordomar og vane og ikkje visse språklege eigenskapar som er grunnen til at bondemålet vert rekna som stygt og udana.

Hjå Aasen var det demokratiske momentet heile tida sterkt framme (t d Aasen 1857) – eit norsk mål ville gjera tilgangen til kunnskap lettare for ålmugen. Noko slikt finst ikkje i argumentasjonen til Nygaard og Prahl. Prahl kjem inn på folkeopplysninga mot slutten, men då er det for å slå fast at ein førebels bør senda ut skrifter i Aasen si målform og ikkje i hans eiga, for at folket skal skjøna kva som står. Omsynet til bonden ser soleis ikkje ut til å ha vore serleg mykje framme i den aller fyrste målmannsflokken i Bergen. Dette snudde fyrst i 1860-åra då Henrik Krohn kom attende til Bergen og tok over førarskapen (Haugland 1971).


Vinje og Dølen

Heilt frå byrjinga av 1850-åra hadde landsmålsfolket tenkt på å få i stand eit eige blad. Ivar Aasen emna i 1852 på eit blad han ville kalla «Lendingen», som skulle vera eit månadsskrift om «nationale Sager»: «Skikke, Sæder; Fordomme og Sværmerie, Oplysning og Opdragelse.» Det skulle vera på landsmål og høyrde til dei langsiktige planane til Aasen (Djupedal 1970).

I 1856/57 tenkte Ole Vig og Aasmund Vinje på å få i stand eit blad saman, men det rann ut i sanden. «Aarsagen var at Vig ikke drev synderlig paa Sagen, og Vinje blev ikke enig med sig selv, om hvad Sprogform han skulde bruge», skreiv Aasen, som er kjelde til opplysnin­ga.339 Usemje om målforma er òg det fyrste den godt informerte Paul Botten-Hansen nemner i førehandsmeldinga si ei veke før prøvenummeret av Dølen kom ut.340 Men no skulle «Overretssagfører A. O. Vinje, Thelemarking af Fødsel og indviet i vort Oldsprog», prøva seg, og Botten-Hansen kunngjorde òg hovuddraga av målforma Vinje skulle nytta. Utan Aasen som språkkonsulent hadde bladføretaket knapt vore mogleg. Tidlegare i 1850-åra hadde Vinje vore oppnorskingsmann, men han vart meir og meir språkleg radikal med åra, og etter å ha fylgt norrøntførelesingane til Keyser i 1857 tok han steget over i landsmålet med Dølen.341

Dølen vart ein skilsetjande institusjon både i historia åt landsmålet serskilt og i norsk kulturhistorie ålment. Bladet gav landsmålet eit andlet og vart kjøt på beingrinda som Aasen hadde sett opp. Flokken Vinje samla kring seg, «Døleringen», vart seinare ein politisk maktfaktor i Noreg. Det var fyrst og fremst Dølen og Vinje som gjorde landsmålet til eit 'motspråk' i tida fram mot 1870 og omsette den kulturkritiske tenkinga i landsmålsflokken fyrst i 50-åra til politisk praksis.

Fyrste nummeret av Dølen kom sundag 10. oktober, og attåt ein lang innleiande programartikkel, inneheldt nummeret ei skildring av Ole Bull si ferd til Hedmark i 1858, eit stykke om «Skjoteselskapet 'Prins Christian Augusts Venner'» og fire spalter med innan- og utanlandsnyhende slik det var vanleg for alle aviser og vekeblad på den tida. So gjekk det tre veker før andre nummeret kom (31.10.), men deretter kom Dølen ut kvar veke til 03.06.1860. Då vart det opphald til 30.03.1862, med unntak av eit einstaka nummer i desember 1860.



Dølen inneheldt ei rad artiklar om mål og målspørsmål desse åra. I denne omgangen skal eg stogga ved programartikkelen i fyrste nummeret, sidan emnet er ordskiftet hausten 1858.342 Her gjorde Vinje greie for målforma i bladet, han gav eit prinsipielt forsvar for målreisinga, han greidde ut om den redaksjonelle lina, og han kunngjorde nokre få ålmennpolitiske standpunkt som Dølen kom til å stå for. Om målet i Dølen skreiv han at «Fullnorsk torer (tør) han dog ikki vera», for då er det mange som ikkje skjønar han – «Det norske Folk er af det danske skakkjøyrt i Munnen, maa vita, – Byfolket meir en Landsfolket og Bygdarfolket meir en Fjøllfolket.» (Vinje 1993 I:227) Han ville difor prøva seg på eit mål som låg «midt imillom det norske og danske» (s.228). Han ville ikkje presentera eit fikst og ferdig mål, men «... lempa meg efter Folk, alt det, eg kan; tykkes Folk, eg gaar forvidt, skal eg slaa af, men ikki altfor mykit, og toler Folk betri Norsk, skal det faaes. ... Eit Skuggsjaa (Speil) af det til Norskhet kjæmpande Liv vilde og derved faaes.» (sst) Her må det vel skytast inn at «Folk», iallfall dei som skreiv i andre aviser, meinte Vinje gjekk over alle strekar, utan at det likevel fekk han til å «slaa af». Derimot greidde Aasen å tukta han inn under Aasen-normalen, som han i all hovudsak fylgde frå 1860 (Bergsgård 1940:160).

Både målet i bladet og målreisinga meir ålment grunngav han i fire punkt. For det fyrste var «det eit gamalt Ord, at man skal bruka sit Eiget og ikki laana seg fram» (s.229). Det var ikkje berre av di det var eins eige, men av di det hadde kvalitetar: «Den Greidhet og Fynd i Tanki og Tale, som merker ut vore gamle Skrifter, og som enno høyres af mangein Aalmugamann, den vil koma atter.» (sst) Norsk mål var ein betre reiskap for norske tankar enn dansk mål, som innbad til «Ordbladerassel». For det andre appellerte Vinje til den nasjonale byrgskapen: «Vi Alle elska Frihet og vilja intet heller, en at Norig skal staa paa eigne Føter og ikki lyda hverken Sverig eller Danmark, men vera javngod i detta Syskynlag.» (sst) Då måtte ein utvikla eit norsk mål. Noreg skulle ikkje berre bli lik grannane, men og hakket likare enn Sverige og Danmark slik at dei «... kunde læra af os som i gamle Dagar. Det var vi, som havde dei beste Skrifter, og vort Maal var det reinaste; ...» Slik skulle målreisinga bli «Slutsteinen paa vort Stræv i folkeleg Retning». Ho var «Hovud-Hyrnesteinen» i fridomsverket, og utan målet ville «vort Frihetstempel vera bygt paa Sand» (s.230). For det tredje trongst eit norsk mål for å få fram «den rette Folkeaand». Det norske målet skulle gje folket den «... rette Mergjen til aa verja seg imot at forsvenskas eller fordanskas», for «Fraa det sereigne Maal og den dermed sambundne sereigne Tænkning og Huglynni kjem det Sereigne ved eit Folk, som vi kalla Thjodskap (Nationalitet), og som er det, der liksom later hvert Folk bera sit Offer fram paa Folkeferdis Alter til Ære for Gud. Vi maa derfor faa vort Maal atter.» (s.230) Slik uttrykte Vinje grunntanken i språkfilosofien til dei tyske romantikarane og nytta han til å stø oppunder ei norsk målreising. Det fjerde poenget knytte Vinje til det føregåande – målreisinga var ei fullbyrding av fridomen landet fekk i 1814. «Og liksom det var dei upplyste Menner, som gav os vor Frihet, soleides maa det og vera dei, som skulle gjeva os atter vort Maal. Aalmugamannen gaar som Barnet i den Vaxnes Fotfar (-spor).» (sst)

Det elitistiske kultursynet som kom til uttrykk i den siste setninga, hadde Vinje sams med motstandarane. I ein artikkel seinare på hausten gjorde han grenseoppgangen klårare når han svarte på kritikken som hadde kome. Han ville at folket skal danast og innlemmast i 'kulturen', men løysinga var ei heilt anna en den landsmålsmotstandarane ynskte. I staden for at folket vart hevja ved at det bytte mål, skulle folket hevjast ved at målet deira vart lyft opp på eit høgare daningssteg. Motsett motstandarane meiner Vinje at han har bonden på si side – han vil «halda med meg, naar han har tænkt seg om» (Vinje 1993 I:239). Han tok strategien til motstandarane på kornet når han hevda at
Al denne velsignade Tale om «Culturen», «Agterudseiling» og «Tidens Dannelse» som Motsætning til vor Norskhet, er eit Vaapen imot os; for den store Mængdi er svært rædd for at kallas raa, og til raaare Ein er, dess ræddare er han, for han kjenner Ormen stinga han. Den aandelege Pøbel er so «dannet» og so «dannet»; han vil vera ein «Gentleman» paa harde Livet. ... Det var denne Kniven, som «Dannelsen» stakk i Wergeland like til Skaftet. (s.240)
Det Vinje skreiv om den redaksjonelle profilen i fyrste nummeret tydde ikkje på eit klårt opposisjonsblad. Han ville streva for at det kom «... støri Kunnskap, Folkeleghet og Sjelfstændighet inn baade i Regjering, Storthing og framfor Alt i det heile Folk» (s.230), og det skulle han få til gjennom å driva det me ville kalla kritisk journalistikk, serleg retta mot regjering og Storting. Han ville peika på det som ikkje var bra, «... so kan Folket med si Kjæmpehaand, om det vil, gjeva Nevaslaget». Han flagga òg med eigne politiske meiningar i nokre få saker. Innanrikspolitisk var det einaste attåt målreisinga at «Staten lyt vexa langsamt den» (s.231), og at skulestellet måtte betrast (s.233). Om skandinavismen og unionen meinte han mykje meir. Det kunne ikkje vera tale om noko nærare samband med Sverige – «dertil er Norig og Sverig altfor ulike» (sst). Men når Sverige fekk ei grunnlov so god som vår, avskaffa adelen, fekk ein opplyst rettstilstand, formannsskap og eit betre toll- og skattestell, og når «... vi paa vor Kant faa eit Maal, der liknar vort Oldnorske so mykit som det svenske gjerer det paa sit Vis», og når Noreg var kome like langt i «Aakerbruk, Budraatt og Fabrikdrift» som Sverige, då kunne det bli tale om eit nærare samband (sst). Eit hopehav med Danmark var endå mindre aktuelt, men når danskane «... bliver sine tyske Landsdelar kvit, og naar det byrjar at stæla (staalsetja) sit veike Maal med vort, daa skulle vi tala om at koma ihop atter» (s.232). Danmark kunne ikkje venta at Noreg sende soldatar til ein krig mot Tyskland, for Tyskland «... er os likso nerskylt som Danmark, det kan ein sjaa af Maalet i gamle Dagar» (sst). Når Sverige og Danmark nådde opp til Noreg i politisk fridom, «... kunna vi slaa Samlag og venta ein rik Haust» (s.233).

Her er det naudsynt med nokre ord om den politiske tenkinga til Vinje for å skjøna korleis han og Dølen plasserte seg i den norske ålmenta. Som opningsartikkelen i Dølen syner, var ikkje bladet eit regjeringsorgan, men det var heller ikkje eit klårt opposisjonsorgan. Vinje var på denne tida heller ingen radikalar med sterkt tru på folket. «Aalmugamannen gaar som Barnet i den Vaxnes Fotfar» skreiv han, og Arne Bergsgård (1940:41) meiner at «Å tala om ein medviten politisk tanke hjå almugen var for Vinje nærmast humbug.» Likevel hadde han store tankar at dette folket kunne bli til noko stort. «Eg skulde upplysa den halve jord med det, berre det var rikt nok, og eg fekk læra det upp som eg vilde» siterer Bergsgård (1940:42) frå Ferdaminni (1861), og det var knytt til ein tanke om at alt liv vart edlare di lenger mot nord og høgare til fjells ein kom. Det hadde Vinje, etter Bergsgård (sst) funne grunnlag for hjå Jacob Grimm, og han fekk det seinare stadfest hjå Buckle og andre forfattarar i 1860-åra.343 Men problemet, som Vinje sjølv hadde kjent på kroppen som småbondeson i Vest-Telemark, var at «stakkars arme mann, du er til magjen hyret» (sit. etter Bergsgård 1940:43). Vinje hadde difor ei usvikeleg tru på det materielle Framsteget – «Det er livsens ånd i hjulom» (sst:44). Som Bergsgård seier det (s.47): «Vinje er den fyrste norske diktaren som har sett kva kulturverd den [teknikken] har, kor teknikken intellektualiserer og dermed lettar arbeidet.» Likevel var han ein klår antimaterialist i den kvardagslege tydinga av 'materialisme' (åndlaus egoisme og pengejakt). Berre ein fekk skipa det slik at folk ikkje trong slita livet av seg for føda, var det grunnlag for ei høgare opplysning som kunne skapa vilkår for politikk. Slik var han heller materialist i den filosofiske og marxistiske tydinga. Han såg korleis produksjonstilhøva skapte vilkåra for og verka inn på det åndelege. Han likte ikkje livet i dei avstengde bygdene der det vanta rørsle og framgang, og han reagerte kraftig mot den romantiske sverminga for det 'naturlege' bygdelivet i rosseausk ånd, anten det «no fører til demokratisk forguding av almugen i politikken, eller til «hyttepoesi» i diktinga» (s.47). Opplysninga var noko som kom utanfrå, slik han sa det i «Nationalitet», fyrst prenta i Dølen i januar 1860 (Vinje 1993 V:137):


Vi meina og tru, det gjævaste er Dei største Tankar vi altid faa

at vera ein Noregs Mann. af Verdsens det store Vit;

Ja, denne Heimen os fyrst er kjær; men desse Tankar dei brjotast maa,

men vita vi maa, at den store Verd lik Straalar af Soli, som altid faa

er berre vaart store Federland. i kver si Bylgje ein annan Lit.
Dette er det hegelianske kulturprogrammet til Vinje i konsentrert form.

Vinje var negativ til sosialismen, sjølv om han hadde hatt nær kontakt med thranerørsla i 1850.344 Han tok likevel skarp fråstand frå det han oppfatta som rotenskap og maktmisbruk i dei øvste samfunnslaga, og han meinte eliten grov si eiga grav dersom han ikkje skjerpa seg (Bergsgård 1940:48). Men Vinje var ikkje berre redd sosialismen – ein vel so stor fare truga frå «... vitskapen og granskinga og serskilt bibelkritikken, for den grov grunnen unna trua» (sst). Her stoggar Bergsgård, og han problematiserer ikkje det nasjonale i serleg mon. Skal ein skjøna den sterke nasjonalismen til Vinje på eit kultur- og politisk-filosofisk plan, ut over 'elsk til fedrelandet' og psykologiserande forklåringar som at nasjonalismen hans kom av lengt til heimbygda osb, må det vera ut frå ein tanke om nasjonalismen som verdsleg religionssurrogat (jf s.Error: Reference source not found). Trua på nasjonen skulle vera eit åndeleg lim i nasjonen på ei tid då trua på Gud var på hell.

Det skulle soleis ikkje vera noko sereige ved den ålmennpolitiske haldninga til Vinje eller det venta innhaldet i Dølen som skulle tilseia at bladet vart meir omstridd enn slike blad vanlegvis vart. Vinje delte syn med mange i den liberale fløya av eliten, og som Haarberg (1985:34) har streka under, er det «... klart at det avislesende publikum var vel kjent med Vinjes skrivemåte lenge før lanseringen av Dølen.» Dei 700 Kristiania-korrespondansane i Drammens Tidende frå 1851 hadde gjort Vinje godt kjent i ålmenta. Det var heller ikkje i seg sjølv so oppsiktsvekkjande at det kom ut eit nytt blad. Midt på 1800-talet var det ein sterk vekst både i talet på aviser og i opplagstal (jf s.Error: Reference source not found). Publikum var dessutan godt vane med blad som Dølen og bladfykar som Vinje. Både Andhrimner (1851), Illustreret Nyhedsblad (frå 1851; Paul Botten-Hansen), Krydseren (1852-55; Ditmar Meidell) og etterkomaren Aftenbladet (frå 1855) var resonnerande og kommenterande organ i fri dressur med ironi og satire som varemerke. Vinje slo til alle sider, ofte hardt, men høyrde ikkje til noko klårt parti i det uoversynlege politiske landskapet i 1850-åra. Då Ueland og Sverdrup skipa «Reformforen­ingen» under Stortinget i 1859/60, høyrde Vinje til mellom dei fremste kritikarane av partistellet, som han meinte var til skade for den resonnerande ålmenta. Denne ålmenta tøygde Vinje til grensene, men heldt seg likevel innanfor, so nær som på eitt felt: det språklege.


Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   ...   16   17   18   19   20   21   22   23   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2025
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin