Nasjonalisme I norsk målstrid 1848-1865



Yüklə 2,06 Mb.
səhifə4/33
tarix03.11.2017
ölçüsü2,06 Mb.
#29532
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   33

Medvitet om norsk språk

Med eit konstruktivistisk nasjonalismesyn som utgangspunk, vil det vera naturleg å leggja vekt på statsskipinga i 1814 og gjennombrotet for romantikken og nasjonalitetstanken for å forklåra norsk språknasjonalisme. Vikør har formulert eit slikt syn.40 Med utgangspunkt i historikarordskiftet om patriotisme og nasjonalisme før 1814, skriv han at det er «... eit stort spørsmål om dette [norskheitsskrytet før 1800] kan reknast som noko prinsipielt anna enn moderne (t d nordnorsk) landsdelspatriotisme» (Torp/Vikør 1993:136). Den norske (språk)nasjonalismen reknar han av typen «frå stat til nasjon» i motsetnad til «frå nasjon til stat», med utgangspunkt i ei todeling språksosiologen Joshua Fishman har sett opp (s.140). Perspektivet viser seg tydeleg i overskrifta «Det tok til i 1814: Språkproblemet blir skapt» (Vikør 1990:20).

Ut frå eit tradisjonalistisk nasjonalismesyn, i tråd med Smith og Hutchinson, burde ein derimot leggja noko meir vekt på 'før-formene' til den moderne nasjonalismen og nasjonalmedvitet. Her vil det seia kva syn på norske språktilhøve som rådde før 1814, og kva plass slike syn har i dei målpolitiske alternativa som dukka opp.

Omgrepet 'norsk språk' var ikkje eit romantisk inspirert påfunn. Alt i mellomalderen byrja ein å skilja mellom 'norrønt', 'svensk' og 'dansk' språk, og utetter dansketida var dei intellektuelle klåre over at det hadde funnest ein gamalnorsk skrifttradisjon. Frå 1500-talet av vart det drive norrøn filologi både i Danmark og Noreg, og på 1600-talet kom dei fyrste norrøne tekstutgjevingane i Danmark. I Noreg vart miljøet kring De kgl. norske Videnskabers Selskab viktig (skipa 1760), serleg arbeidet til Gerhard Schøning (jf Holm-Olsen 1981:12-44). I 1810 freista opplysningsmannen Sivert Aarflot i Volda å gjera det gamalnorske språket kjent for eit større publikum gjennom Norsk Landboeblad med å prenta eit utdrag or Heimskringla med den gamalnorske teksten jamsides ei dansk omsetjing. Den same Aarflot prenta òg to mellomalderbrev utstyrde med ei sjølvgjord omsetjing (Apelseth 1991:122).

Dei lærde var mindre visse på om det norske målet enno fanst, eller om det gjekk under med den norske skrifttradisjonen. Utetter 1600-talet mange til å tru, serleg i Danmark, at dei norske målføra var «vanskapa undergreiner av dansk».41 Dette synet var likevel ikkje einerådande, og slett ikkje mellom språkinteresserte nordmenn. Den fyrste utgreiinga om norsk mål som kom på prent var Den Norske Dictionarium eller Glosebog av Askvoll-presten Christen Jensøn (1646). I den korte fortala skriv Jensøn at han ikkje har dedisert denne boka til høge herrar som det var vanleg, men i staden til «... alle gode Norbagger som ere mine kiere Landmænd oc gunstige gode Venner ædle oc w-ædle geistlig oc verdslig høye oc laffue være sig udi huad Stand de være kand...» (Jensøn 1646:xx). På same vis som han omtalar nordmennene som ei eiga folkegruppe, reknar han norsk som eit eige språk:
Oc paa det voris gode oc gamle Norske Sprog (som i Synderlighed med mange Tungemaal oc fremmet Sprog er bemenget oc daglig Dags mere tiltager formedelst den ædle Søefart aff Fremede det besøger. Oc aff de Norskis Vdvandring udi fremede steder som sig der effter nedersette i deris Fædreneland) diß klarligere kunde komme for Dagen oc fra de andre adskillis thi det ene er saa megit indvicklet i det andet da haffuer jeg for den Aarsag skyld vildet dette mit Arbeyde alle forbemelte gode Norbagger til tieniste paa Trycken lade udgaa.
Jensøn skriv her at eit føremål med ordlista er å gjera det klårt for nordmennene kva som framleis er att av «voris gode oc gamle Norske Sprog» i talemålet. Det trongst av di det norske målet var «bemenget» med framande språk.

På 1700-talet vart det gjort ei rad små granskingar av talemålet i Noreg, hovudsakleg av prestar.42 Det er eit gjennomgåande drag i desse utgreiingane at målføra vart rekna som leivningar av det gamle norske skriftmålet og ikkje som variantar av dansk, og at 'norsk' eksisterte som ein språkleg kategori på line med 'dansk' og 'svensk'. Hardangerpresten Marcus Schnabel sette seg t d føre å jamføra hardangermålet med gamalnorsk (Prøve paa hvorvidt det gamle norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bonde-Maal, utgjeve posthumt 1784). Bergensaren Laurents Hallager (1777-1822) gav i 1802 ut Norsk Ordsamling (1802) med 6-7.000 ord. Samlinga bygde dels på eigne innsamlingar, og dels på det han hadde tilgjenge til av prenta og uprenta ordsamlingar. I føreordet skreiv han at «De Levninger, der endnu ere tilbage af det gamle norske Tungemaal», skilde seg frå


de tvende andre nordiske Sprog, ei allene ved et rigt Forraad af egne ord, en egen Udtale og egne Vendinger, men endog ved en egen Forbindelse af Ordene eller Syntax; saa at man kan sige, det ikkun har manglet Dyrkning ved Skrivter, for at blive et selvstændigt Sprog ligesaa vel som hine. (Hallager 1802:iii-iv)
Grunnen til at det har gått so vel, var «... den udmærkede Nationalstolthed og Selvstændighed, som er de norske Bønder saa egen» (sst). Før grammatikken og ordboka til Aasen kom ut (1848/1850), var ordsamlinga til Hallager viktigaste verket om levande norsk språk, og ho var viktig for Aasen i den fyrste fasen av arbeidet hans.

Me kan difor rekna med at språkinteresserte og opplyste embetsmenn i Noreg har sett på 'norsk' som eit eige mål på line med 'dansk' og 'svensk' i heile dansketida, og iallfall det siste hundreåret før 1814. Ein såg dei norske målføra, eller iallfall sume av dei, som leivningar av det gamalnorske målet, og ikkje vanskapte undergreiner av dansk. Ut frå Smiths terminologi kan me kalla dette eit norsk etnisk språkmedvit, og det fanst soleis lenge før ein kan tala om nokon aktiv norsk språknasjonalisme. Me kan òg rekna med at det var eit utbreidd syn i den norske ålmugen at 'dansk' mål var noko anna enn det dei tala sjølv. I 1698 førde Jonas Ramus opp verbet knote med tydinga «tale dansk» i ordlista over ringeriksmålet (jf s.Error: Reference source not found), og i Glossarium Norvagicum (1749) har Erik Pontoppidan verbet 'danske' med same tyding. Orda førekjem òg i fleire andre bygdemålsoppskrifter (jf Norsk Ordbok I 1966).

Då dei nye tankane om sambandet mellom språk og nasjon slo inn i Noreg i byrjinga av 1800-talet, fanst det soleis ei oppfatning av at 'norsk' og 'dansk' var ulike språk, men det var mindre klårt kvar grensene mellom dei gjekk.
Målstrev og målstrid før 1848

Språknasjonalisme

Trass i medvitet og den aukande kunnskapen om norsk språk, kom det ikkje fram ynske om eit norsk skriftmål. Det einaste sume av dei ynskte (som Hallager), var at norske ord skulle «berige Fællessproget».43 Ein tenkte seg ei hevding av det norske innanfor den sams skrifttradisjonen, på same måten som norsk nasjonalisme (eller patriotisme?) før 1814 gjekk ut på å hevda norske interesser innanfor heilstaten. Indrebø (1951:376) slår fast at det var «... ovleg lite røynleg sjølvhevdingsvilje å merka millom nordmennene i målvegen».

Likevel er det fleire vitnemål om at tanken om eit eige norsk språk har vore framme. Den fyrste me kjenner til er opplendingen Gregers Fougner Lundh (1786-1836) som i 1806/07 under studietida i København laga seg ein plan for ei avhandling der han skulle svara på desse spørsmåla: «... hvorfor har Norge ikke et eget nationalt Sprog? og er det muligt og paa hvilken Maade er det muligt, at det engang kan erholde samme?» (Lundh 1954:38). Lundh tenkte seg at ein skulle samla «Idiotikon» i ulike landsdelar og deretter «sammendrage en fuldstændig Ordbog» (sst). Ein stad tenkjer han seg at «Den fuldkomneste [dialekten], den der har beholdt mest Lighed med vore Fædres Tungemaal» skal vera «Grundvold for det vordende Sprog» (sst), medan han ein annan stad skriv (s.42):
Tillige have de n.[orske] M.[undarter] en Rigdom paa Ord og Udtryk som fortrinligen vilde bidrage til at danne et skjønt og behageligt Skrivtsprog – og denne Rigdom vilde især kunde overbringes paa det vordende nye Sprog, naar det dannedes ei allene af een D.[ialekter], men ved af de mange forskjellige Mundarter at samle det Bedste og Fortrinligste.
Han såg føre seg at «En Mand med de fornødne Kundskaber og Mod maatte fremstaae og bryde Isen» (s.38), og det ligg nær å tru at han såg seg sjølv som denne uredde mannen. Iallfall arbeidde han på same tida (1806-08) med ei norsk ordsamling som han til liks med avhandlinga aldri fullførde.44 Notata til Lundh vart verande ukjende for ålmenta til 1922 (Lundh 1922) og uprenta til 1954. Det han skreiv i 1807 er likevel interessant av fleire grunnar. For det fyrste vitnar dei om at det norske språkproblemet og løysinga til Lundh var samtaleemne i det norske eksilmiljøet i København rett etter hundreårsskiftet. Det er vanskeleg å sjå føre seg at Lundh ikkje har drøft desse tankane og planane med andre. For det andre tyder lagnaden til ideen og fråveret av andre vitnemål om at det ikkje var grobotn for slike planar kring 1807. Me må fram til 1830-åra før ynsket om eit norsk skriftmål vart klårt uttala.

Norkre år etter var to danskar inne på tanken om ein norsk språkseparasjon, men med motsett innfallsvinkel – dei ville åtvara mot han. Den seinare professoren Oluf Chr. Olufsen heldt i 1811 ei tale i Det Skandinaviske Literatur-Selskab i København om målstoda i heilstaten, og han gjorde det klårt at dei norske målføra skilde seg mykje frå dansk skriftmål. Han meinte dansken vart halden ved lag i Noreg ved at nordmenn studerte i København, gjennom «Almuens Skolebøger og Religionsbøger», ved at «... al Collegial-correspondants og hele Lovgivningen er dansk». Han var difor redd for at «Indtræffer nogen Forandring i denne Sagernes Stilling, syntes det, at deraf maa flyde en betydelig Virkning til det norske Sprogs Opkomst og de danske og norske Tungemaals Adskillelse.» (her etter Seip 1947:36) P. E. Müller var inne på liknande synsmåtar i ei prisoppgåve om Det islandske Sprogs Vigtighed (1813, her etter Seip 1947:37).

Eit offentleg ordskifte om målstoda i Noreg kom fyrst etter unionssprenginga i 1814, og løysinga nordmennene no tydde til, var å glatta over problemet med å argumentera for at skriftmålet var norsk og at alt difor var som det skulle vera (jf s.Error: Reference source not found). Freistnader frå Jacob Aall og Jens Chr. Berg i 1816 på å ta i bruk norske målføreord og eit par norrøne ord i nokre sogeomsetjingar, vart tvert om møtte med sterkt motstand av di det vart oppfatta som forsvensking (Seip 1913:30).

Målordskiftet gjekk over i ein ny fase kring 1830. Striden mellom Wergeland, Hielm, P. A. Munch, Welhaven m fl i 1830-åra er godt kjend både frå den store granskinga til D. A. Seip (1914) og frå dei fleste språkhistoriske oversynsverk, og eg skal nøya meg med hovudpunkta. Det byrja med at Wergeland tok i bruk ein del norske ord kring 1830, både i diktinga og i folkeopplysningsskrifta han gav ut sjølv (For Almuen frå 1830) eller var med på å gje ut (Folkebladet frå 1831). Det var ikkje nytt i seg sjølv – norske diktarar hadde teke i bruk norsk måltilfang i dansken sidan midten av 1700-talet. Derimot var grunngjevinga ny. Føremålet hans var ikkje å «berige» fellesspråket, men å arbeida medvite for å skilja ut eit sjølvstendig norsk skriftmål. Wergeland forsvarte språkseparatismen prinsipielt utetter 1830-åra, og viktigast var artikkelen «Om norsk Sprogreformation» som vart skriven som eit svar til Munch i 1832, men ikkje prenta før i 1835. Wergeland tenkte seg likevel ikkje meir enn ei leksikalsk oppnorsking, formverk og lydverk let han liggja. Meir i samsvar med det som seinare vart oppnorskingslina, var framlegget frå Wergelands ven Jonas Anton Hielm i Almindeligt Norsk Maanedsskrivt. Han tenkte seg òg eit eige norsk skriftmål, men med utgangspunkt i bymåla.

Striden var voven inn i motsetnadene i studentmiljøet, og motstandarane var den andre fløya i Studentersamfundet, den konservative «Troppen». Hovudmannen bak det målpolitiske åtaket på Wergeland var den 21 år gamle studenten Peter Andreas Munch. I det store spørsmålet om skriftmålet var norsk eller dansk, var Munch klår: det var dansk, og denne kjepphesten reid han heile livet. Likevel ville han ikkje gjera noko med det, og det forsvarte han med at «Nationaliteten grunder sig ikke saameget paa Sproget, som paa Indbyggernes Charakteer og Landets Natur» (Munch 1832:181). Tvert om skulle ein vera glad for det danske skriftmålet slik at «... vi saa bekvemt komme til at deeltage i en af Europas mest dannede Nationers Literatur».

Fleire enn Wergeland prøvde seg med oppnorsking av det danske skriftmålet, men dei fleste andre freistnadene var meir motiverte av dei litterære krava stoffet sette enn ynske om eit norsk skriftmål. Dette galdt både Snorre-omsetjinga til Jacob Aall (1838-39), folkevise­samlinga til Jørgen Moe (1840), fyrste heftet av Norske Folkeeventyr av P. C. Asbjørnsen og J. Moe (1841), og diktinga til J. S. Welhaven og Andreas Munch utetter 1840-åra.


Rettskrivingsstrevet

Danmark

Fram til 1840-åra var rettskrivingsstrevet vel so omstridd og dominerande i målordskiftet som krava om eit norsk skriftmål. Dette hadde i utgangspunktet ikkje noko med språknasjonalisme eller -separatisme å gjera.

I Danmark hadde det vore strid om rettskrivingsprinsipp sidan 1600-talet. Serleg viktig vart arbeidet til grammatikaren Jacob Baden sist på 1700-talet som førde til eit større ordskifte om rettskrivinga i det fyrste tiåret etter hundreårsskiftet. Baden og stridsbørne hans var ortofonistar og ynskte eit skriftmål som i størst mogleg grad spegla talemålet, etter prinsippet om at eitt fonem ikkje skulle ha meir enn eitt grafem, og eitt grafem ikkje stå for meir enn eitt fonem. Ortofonien hadde opphavet sitt dels i den auka innsikta som framstega i målvitskapen førde med seg, og dels i ideala frå opplysningstida. Ein ynskte ei rettskriving som var moderne, rasjonell og lett å læra. Dei viktigaste motstandarane til Baden – 'etymologistane' – var Knud Lyne Rahbek, rektoren Johannes Boye, S. N. J. Block og Chr. Molbech.

Ortofonien gjekk over i ein ny fase med Rasmus Rask (1787-1832). I 1826 gav han ut ei skilsetjande rettskrivingslære der han argumenterte over 340 sider for ei omfattande ortofonisk reform i skriftmålet (Rask 1826). Med Rask fekk ortofonien både eit solid vitskapleg grunnlag og ein pågåande talsmann. Både for målgranskaren og målpolitikaren Rask var talemålet det primære, og han ville leggja det dana talemålet til grunn for den ortofone reforma. Dei viktigaste punkta i framlegget hans var: 1) Fjerna stum 'e' og stum 'h' ('Snee, troer > Sne, tror'; 'thi, Thing > ti, Ting'), 2) fjerna dobbeltskriving av vokalar og heller skilja mellom stutte og lange vokalar med cirkumfleks ('Huus > Hus'; 'vâr – var'; 'vîs – vis'; 'Dûg – Dug'), 3) 'aa > å' (dette hadde Høysgaard tidlegare gjort framlegg om), 4) innføra eit skilje mellom open 'ö' og lukka 'ø' ('en Dör – jeg dør'), 5) fjerna diftongane – Rask meinte det ikkje fanst diftongar i dansk ('taus, Europa > tavs, Evropa'; 'Vei, Øie > Vej, Øje'; 'Stierne, skiule > Stjerne, skule'), 6) stryka 'j' etter 'k, g' ('gjøre, kjøre > gøre, køre'), 7) fjerna 'c, q, x, z' ('Sirkel, Syklus, Prinsip; Kvarter, Kvinde; Takst, Eksempel, straks; Sink, Sinnober, sire'), 7) fordanska framandord ('Byste, Löjtnant, Møbel, Salme, Sjal, Sjampanje, Uvertyre'), 8) avgrensa bruken av store førebokstavar inne i setningar til substantiv og visse pronomen ('I, De, Dem, Deres'), og 9) gå over frå gotisk skrift til antikva (latinsk skrift) (Skautrup 1953:167-168).

I Danmark vart det stor strid om framlegga til Rask utan at dei fekk serleg mykje å seia med det same. Men ein liten krins slutta seg til han, og fremst stod ein av elevane hans, den seinare språkprofessoren Nils Mathias Petersen (1791-1862). Dei førde arbeidet til Rask vidare og skipa i 1837 Selskabet for en forbedret Retskrivnings Udbredelse som byrja gje ut Nordisk Ugeskrift. Petersen gav same året ut Kortfattet dansk Retskrivningslære. Heller ikkje no fekk ortofonien gjennomslag utanfor eit lite miljø, men utetter 40-åra kom han i medvind då han vart sterkare knytt til skandinavismen og ein idé om ortografisk tilnærming mellom svensk og dansk. Ortofonien fekk no oppslutnad i skandinavistiske skule- og akademikarkrinsar, og den 'rask-petersenske' rettskrivinga vann innpass nokre skular trass sterk motstand frå tradisjonalistisk hald, m a frå Molbech. Nokre moderate endringar vart i praksis godkjende i 1855 gjennom eit privat skriv til skulane frå nestoren i dansk målvitskap, Johan Nicolai Madvig (1804-1886), som då var undervisningsinspektør. Madvig tok m a til orde for 'q > k' ('Kvinde'), 'th > t' ('Ting'), og avskaffing av stum 'e' ('støe-e) og vokaldobling for å markera vokallengd.45


Noreg

Det var nært samband mellom rettskrivingsstrevet i Danmark og Noreg, sjølvsagt før, men òg etter 1814. Kolsrud (1974) har dokumentert det etter måten store omfanget på ordskiftet i Noreg mellom 1775 og 1814, og kring 1830 vart ortofonien i Noreg revitalisert etter inspirasjon frå arbeidet i Danmark. Ludvig Kristensen Daa (1809-1877) var den fyrste nordmannen som tok opp striden for prinsippa til. Han var sterkt påverka både av den samanliknande målvitskapen og britisk liberalisme, han var ihuga skandinavist, og han høyrde til Wergeland-fløya i Studentersamfundet i striden med Welhaven, Munch og dei konservative.46 Han nytta sjølv moderate ortofone skrivemåtar i nokre skrifter, og dei viktigaste punkta var: 1) Sløyfing av støe-'e' (t d 'tro, tror, Træ'), 2) sløyfing av dobbeltvokal (t d 'been, huus > ben, hus'), 3) 'qv/x/ph > kv/ks/f' og framandord mest mogleg etter uttala, og seinare 4) 'ei/øi > ej/øj' (Seip 1914:65, 72). Sjølv om Daa og Wergeland var vener og allierte, var Wergeland aldri serleg oppteken av denne typen språkreformer. Einast ein gong i 1833 sette han fram nokre moderate framlegg til ei ortofon betring av rettskrivinga, m a avskaffing av stum 'e' (Seip 1914:101). Det var elles den leksikalske oppnorskinga som opptok han, og etter det Daa har fortalt, hadde han korkje interesse for eller kunnskapar om samanliknande målvitskap (Sanness 1959:383).

Den viktigaste støttespelaren til Daa var forfattaren og avismannen Sylvester Sivertson som m a nytta den 'ortofone' rettskrivinga då han redigerte Storthings-Efterretninger for 1836, noko han seinare fekk sterk kritikk for. I 1837 kom femte utgåva av grammatikken til Maurits Hansen, denne gongen med tittelen Norsk Grammatik, og han fylgde no stort sett Rasks ortofone skrivemåtar (men ikkje 'ej/øj'; Seip 1914:73). Same året nytta sju av 73 artiums­kandidatar «... den saakaldte orthophoniske Retskrivning» (Nygaard 1945:20), og no kom reaksjonen mot ortofonistane. Kyrkjedepartementet påla dei sju ortofonistane ei ny prøve der dei skulle syna at dei kjende den vanlege rettskrivinga, og året etter sende departementet ut eit rundskriv der dei slo fast at skulen skulle fylgja «den sædvanlige Methode» i språkunder­visninga. Maurits Hansen måtte vraka 5. utgåva av grammatikken og senda ut eit opptrykk av 4. utgåva med den vanlege «etymologisk-analogiske Retskrivning» (Nygaard 1945:21).

Som i Danmark var soleis ortofonien på ein bylgjetopp i 1837, og i båe landa møtte han sterk motstand frå offisielt hald og etablerte krinsar. Ortofonistane gav likevel ikkje opp striden etter attendeslaget. Daa skreiv i 1838 ei artikkelrekkje i Morgenbladet om «Rasks Ortografi» (Seip 1914:74), og han tok opp att dei ortofone synsmåtane i Udsigt over det svenske Sprogs Grammatik (1837) og i Svensk-Norsk Haand-Ordbog (1841). Etter kvart tok arbeidet til å bera frukter, og då Henning J. Thue gav ut ei lesebok i 1846, kunne han gjennomføra nokre av rettskrivingsframlegga til Rask, Daa og Hansen utan at det kom protestar (Seip 1914:73).

Rettskrivingsstrevet i Noreg og Danmark fylgdest nært åt det meste av 1800-talet. Rask var den store inspiratoren, dei konkrete rettskrivingsframlegga var stort sett identiske, og i båe landa var ortofonien nært knytt til skandinavismen. Ein såg føre seg at den språklege avstanden mellom dei skandinaviske landa vart mindre dersom alle gjennomførde dei same grafiske og ortografiske endringane. Rettskrivingsmøtet i Stockholm i 1869 vart høgdepunktet for språkskandinavismen (Skard 1980:111-113).
Kultur utan nasjonalitet, og nasjonalitet utan kultur

Til no har eg lagt vekt på den nasjonale aksen i målspørsmålet og i romantikken. Det fanst òg ein sosiokulturell akse som krev nokre ord. Problemet med skriftmålet var at det ikkje var norsk, medan problemet med det norske målet (målføra) var at dei vanta prestisje og ikkje stod i samband med 'kulturen'. P. A. Munch meinte i 1832 det var heldig for Noreg at dansk hadde avløyst norsk som skriftmål av di «... vi saa bekvemt komme til at deeltage i en af Europas mest dannede Nationers Literatur; at Alt, hvad Danerne arbeide for sig, ogsaa kommer os tilgode; at vi gjennem dem sættes i Forbindelse med alle øvrige videnskabeligt dannede Nationer.» (Munch 1832:182) Oddmund Søilen (1982:38) har oppsummert motsetnaden slik: «For store deler av tidens intellektuelle elite hadde en dikotomi mellom 'nasjon' og 'kultur' nærmest status som et aksiom. På en måte som ble utslagsgivende for konklusjonene, godtok man at 'kulturen' ikke var nedfelt i dialektene og landsmålet.» Søilen syner korleis dette hekk saman med at nordmennene importerte eit nytt kulturomgrep som tok form i tysk idealisme i hundreåret etter 1730. Det vart no laga ein skarp motsetnad mellom 'natur' og 'kultur' – mellom 'naturfolk' og 'kulturfolk', og 'naive kulturborn' mot 'kulturmenneske' (Søilen 1982:40). Det nye kulturomgrepet hadde utspring i ein tyskspråkleg borgarleg intelligentsia med trong for å markera seg mot den franskspråklege adelen, og mot dei aristokratiske manerane og galanteriet sette ein moralitet og dygd ('Tugend'). Danings­momentet ('Bildung') vart serleg bygt inn i kultur-omgrepet av Hegel (s.41). Til å byrja med var 'daning' knytt til indre eigenskapar som ein fekk gjennom utdaningssystemet – opplysning og forstands- og fornuftskategoriar som kunne forklåra den ytre verda (s.43). Etter kvart vart òg ytre eigenskapar som oppførsel, etikette, raffinement osb tekne inn i daningsomgrepet – ein skulle kunna sjå klårt og tydeleg at ein hadde lagt det primitive stadiet bak seg. På det språklege området kom dette til uttrykk i ein motsetnad mellom 'kulturspråk' og 'primitive språk', og ein sette opp hypotesar om at det var knytt visse språklege eigenskapar til dei 'primitive' språka, t d eit dårleg utvikla ordtilfang (jf Robins 1991:167). Språket var ikkje berre eit uttrykk for folkeånda og nasjonaliteten; det var òg eit uttrykk for kultursteget til eit folk, og språket var uløyseleg knytt til kulturvoksteren fram til dette steget.

Dersom ein heller la vekta på det folkelege, kunne romantikken få eit motsett sosiokulturelt forteikn. Kenneth Minogue har peika på at konsekvensane av Herders språksyn var «potentially revolutionary» ved at ein såg på ålmugen ikkje berre som primitive bønder, men som ei kjelde til nasjonal kreativitet (Haugland 1985:43). Sameleis talar A. D. Smith (1991:75) om Herders «cultural populism». Romantikken vart det kulturelle motstykket til folkesuverenitetstanken ved at ein slo fast at kulturen, som den politiske makta, gjekk ut frå folket. Grundtvigianarane var dei fremste talsmennene for ein slik venstreromantikk i Noreg etter 1850.

Slik fekk romantikken ein tvifeld funksjon i målstriden. Han kunne både nyttast til å grunngje naudsynet av eit norsk mål, og vern om den rådande skrifttradisjonen. Slik fall den romantiske tankeverda både inn i den horiontale (nasjonale) og den vertikale (sosiale) dimensjonen i den norske målstriden.



Del II: Knud Knudsen og det dansk-

norske målstrevet
Det som her går under samlenemninga 'det dansk-norske målstrevet', fylgde tre hovudliner mellom 1848 og 1865. Ei line var ei vidareføring av det ortofone rettskrivingsstrevet som hadde byrja i Danmark og som serleg L. Kr. Daa og M. Hansen arbeidde for i Noreg i 1830-åra. Dette galdt punkt som danske og norske ortofonistar stod saman om og som ikkje reflekterte talemålsskilnader i Danmark og Noreg. Den andre hovudlina var arbeidet for ei oppnorsking av skriftmålet som ville føra til at skriftmåla i Danmark og Noreg skilde lag. Den tredje lina galdt arbeidet for endringar i talemålstilhøva, eller meir presist arbeidet for å gje den dana daglegtala auka status og utbreiing på kostnad av dansk talemål og skriftrett dansk-norsk høgtidsmål. Dette vart knytt til ein nasjonal motsetnad mellom dansk og norsk, til liks med oppnorskinga av skriftmålet. Det var ingen naudsynt samanheng mellom dei tre linene, og det er dei to sistnemnde som er interessante i eit nasjonalisme-perspektiv. Likevel var det moderate ortofone rettskrivingsstrevet tett samanvove med oppnorskingsstrevet, og ein kan difor ikkje skilja skarpt mellom dei i ei framstilling av målstriden i 1850- og 60-åra.

Med 'målstrev' og 'målstrevar' meiner eg det Bleken (1966:18) legg i omgrepa når han skil «... mellom det å nære et uforpliktende mer eller mindre vagt ønske om sprogforandring og det å sette seg til oppgave eller mål å realisere en sprogforandring.» Målstrid vert det fyrst når når ein freistar realisera eit språkprogram, og dette møter motstand. Mest ingen tok klårt til orde for at nordmennene skulle underkasta seg språknormering og språkbruk i Danmark og «... holde følge med danskerne saa lenge og saa langt som muligt», som Bjørnson seinare formulerte seg (Skard 1980:17). På det uforpliktande planet meinte dei fleste at skriftmålet eller det høgare talemålet skulle utvikla seg i norsk lei. 'Målstrevarar' (reformistar) vert soleis alle som ville endra tradisjonen gjennom aktive inngrep (både landsmålsfolket og dei dansk-norske målstrevarane). 'Tradisjonalistane' (Blekens «ikke-strevere») vert dei som motsette seg slike aktive inngrep.



Yüklə 2,06 Mb.

Dostları ilə paylaş:
1   2   3   4   5   6   7   8   9   ...   33




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin