P u l s e n ® Grunnskule



Yüklə 13,45 Kb.
tarix30.01.2018
ölçüsü13,45 Kb.
#41527

F  o  r   e   l   d   r   e   p   u   l   s   e  n ® Grunnskule                        11111011100 ©         april 2014

Einsame barn og unge



I alle skulegardar og nabolag finst det barn som kjenner seg einsame og utanfor fellesskapen. Sosial isolasjon er ein risikofaktor for psykiske lidingar. Mange barn prøver å skjule einsemda, difor er merksame vaksne heilt avgjerande.

Einsemd i ung alder er ein risikofaktor med tanke på den unge si psykiske helse, òg seinare i livet.
Korleis veit eg om barnet mitt er einsamt?

Fyrst og fremst er det viktig å vete at mange barn og unge som kjenner seg einsame, prøver å skjule einsemda. Ei undersøking Røde Kors har gjort, viser at dette gjeld omtrent halvparten av dei einsame barna. Noko av årsaka kan vere at barna skammar seg og er flaue over at dei ikkje har nokon å vere med. Nokon kan òg tenke at dei sjølve er skuld i at dei er einsame. Barn som kjenner seg einsame kan verke tilbaketrekte og triste, eller dei kan ta ut aggresjon og sinne i den trygge omgjevnaden i heimen. Er einsemda sterkast på skulen, kan barnet vegre seg for å gå dit. For eldre barn og ungdomar, kan einsemdskjensla vere tydelegast i periodar der det er forventa sosial aktivitet, som i helger eller i feriar.


Kva kan foreldre gjere?

Å fange opp at barnet ditt er einsamt, krev at de brukar tid saman i kvardagen og at tillitsforholdet er godt. Det er viktig å ta på alvor om du ser eller høyrer noko som tyder på einsemd. Einsemd heng tett saman med psykisk helse, og kan òg vere eit teikn på mobbing. Du må tørre å ta den vanskelege praten med barnet, vere lyttande og open sjølv om det er tunge kjensler som vert formidla. Sjølv er det viktig å vere eit godt sosialt førebilete for barnet. Ver inkluderande overfor andre i deira nærleik, spesielt andre barn, og hjelp til med å leggje til rette for sosialt samvær heime eller i nabolaget. Snakk med barnet om venskap, og støtt oppunder ved å invitere barn heim og la barnet deltake på arrangement og aktivitetar der klassekameratane ferdast. Ikkje ver redd for å ta kontakt med læraren eller helsesøster for å ha fleire på lag kring barnet, om du tenkjer at barnet slit.




Tips og råd til foreldre:


  • Ver til stades.

  • Snakk med barnet om einsemd og venskap.

  • Ver eit godt førebilete og opptre inkluderande.

  • Legg til rette for venskap og sosialt samvær for barnet.

  • Luft tankar med skulen eller helsesøster.

Vil du vete meir?





Du kan gjøre en forskjell



Undersøkelse om ensomhet



Ensomhet og psykologisk førstehjelp

Relaterte artiklar i Foreldrepulsen:
Stopp mobbing! >>

Å vere ein god ven >>

Det sjenerte barnet >>
Hvordan oppdage mobbing?>

Du er viktigere enn du tror >

Alle har psykisk helse >>
Kjelder: Røde Kors, Mental Helse, ung.no

Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2014 infoREGI. infoREGI arbeider etter Tekstreklameplakaten sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til.

Yüklə 13,45 Kb.

Dostları ilə paylaş:




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©muhaz.org 2024
rəhbərliyinə müraciət

gir | qeydiyyatdan keç
    Ana səhifə


yükləyin